web analytics

Livets harde skule

Firdaposten hadde utdannings-spessial denne helga, og da ville de ha meg til å skrive noe som kunne passe inn med det. Jeg gjorde som jeg pleier. Skrev om meg selv.

Free Giant Macro Pencil and Pink Eraser Creative CommonsCreative Commons License D. Sharon Pruitt via Compfight

Det hender ein får spørsmål om kva slags utdanning ein har. Det kan vere ein utfordring for oss som droppa tidleg ut av skulen. Sjølv starta eg på gymnaset i Bø ein vakker augustdag i 1983, og haldt ikkje ut i stort meir enn fjorten dagar. Det er ikkje noko å skryte av. Eg syntes lenge det var ganske flaut, og når eg fekk det frykta spørsmålet om utdanning gjekk eg gjerne rakt i forsvarsposisjon. Eg har gått på livets harde skule, pleide eg å svare. Som om dei som klarte å henge med på undervisninga slapp billegare unna dei harde slag som livet har å by på enn meg. Eg skjønde etter kvart sjølv at det berre høyrdes dumt ut, så eg slutta med det. Eg ga også opp den litt flaue vitsen om at eg hadde fjorten dagar på videregåande, og to netter på husmorskule, hovudsakleg av di det ikkje var sant. Dessverre.

Eg er akademikar av legning, men ikkje av studiepoeng, og eg pleide å syntes det var litt sårt. I staden for å uttale meg om ting eg ikkje har greie på i avisa, burde eg jo sitte på eit universitet og snakke om ting eg hadde papir på at eg kunne. Visst hadde eg ambisjonar. Ein dag skulle vel eg også kunne bli til noko. Eg måtte berre skaffe meg ein delartium først. Og eg gjorde eit par forsøk, men livet hadde det med å kome i vegen. Ein snubletråd her. Eit jobbtilbod det var vanskeleg å seie nei til der. Dessuten var det gudsjammerleg kjedeleg. Kvifor skal ein no på død og liv ha den der artiumen for å få slippe til på høgare utdanning? Kunne dei ikkje hatt ein opptaksprøve i staden? Ein måte for oss som er litt ekstra smarte, men likevel ikkje kom oss gjennom skulen på ordentleg vis? Ein snarveg slik at vi slipper å lide oss gjennom samfunnslære på gymnasnivå saman med folk som vi ikkje klarar å kommunisere med? Hadde ikkje det vore noko?

Det fine er at det finnest ein slik snarveg. Realkompetanse heiter den, og handlar om at alt det du har lært deg på livets harde skule kan gjere deg kvalifisert til høgare utdanning. Det dumme er at nettopp kva som gjer deg kvalifisert for realkompetanse varierar, og er litt vanskeleg å få tak på. Men for ei tid tilbake gjorde eg eit forsøk. Eg søkte på eit årsstudium i historie, på deltid, i regi av Høgskulen i Volda. Av ein eller annan grunn slapp dei meg til. Eg kjøpte dei bøkane dei sa eg skulle kjøpe, og ga meg i kast med lesinga.

Eg skal ikkje skryte. Eg las ikkje stort. Eg gadd ikkje sjå forelesningane som lå på nett. Eg jobba ganske bra med dei obligatoriske arbeidskrava. Eg skumma litt dei sista dagane før eksamen. Det var nok til å få relativt gode karakterar. Eg starta med ein B på fyrste semester, fortsatte med ein B og ein C på dei neste, føyr eg klinka til med ein A på det siste. Eg kan vel ikkje kalle meg akademikar enno, men eg er i det minste oppgradert til halvstudert røver. 60 studiepoeng, generell studiekompetanse, og ein deilig følelse av å ha lurt systemet.e

Men eigentleg var det vel systemet som lurte meg. Eg kan jo ikkje bruke det årsstudiet til noko som helst fornuftig. Anna enn å skrive om det i avisa så klart.

Leave a Reply

%d bloggers like this: