web analytics

Reservasjon må reverserast

apportEg trudde virkeleg eg var ferdig med å skrive om reservasjonsretten. Eg gjorde det. Etter eit langt ordskifte i alle kanalar om temaet. Etter rekordlange tog på kvinnedagen. Eg trudde det var over. Det er mogleg regjeringa og Krf vinn slaget og får banka ein lovendring gjennom Stortinget ved hjelp av partipisken. I denne omgang, men debatten har dei tapt. Dei fleste kommunane i landet ser ut til å seie nei til reservasjonsrett. Av dei kommunane som har gjeve høyringssvar i saka hittil, er det eit overveldande fleirtal som er i mot heile reservasjonsretten. Det er ikkje noko entusiasme å spore for forslaget nokon plass. Ikkje i lille Ap-styrde Fjaler. Ikkje i store Høgre-styrde Oslo. Ikkje nokon annan plass heller. Før altså vårt eiga HSU denne veka klarte å fatte eit vedtak der dei gjekk inn for reservasjonsretten. Kva er det dei tenker på?

Det er greit at Florøveringane alltid skal vere litt spesielle. Annleis kan vere sjarmerende det, men av og til er det berre slitsomt. Lat oss nå ikkje skjemme oss ut for all verda som bakvendtkommuna frå bibelland. Dette vedtaket må reverserast, for ikkje å seie aborterast, av Bystyret så fort dei får sjansen.

Statsminister Erna Solberg gjorde eit kommunikasjonsmessig magaplask når ho i etterkant av dei monge og lange toga på kvinnedagen feide av det folkelige engasjementet som meget spesielt. Kvinners rettigheiter er ikkje truga. Abortlova står ikkje for fall. Dette er jo berre ein liten justering av lova, som ikkje vil få nokon praktiske konsekvensar for den abortsøkande kvinne. Sjølvsagt er det vrøvl og nytale når Bent Høie og Frank Willy Djuvik får seg til å seie at dette er ei styrking av kvinnas rettigheiter, men det er ikkje ein undergraving av abortlova som sådan. Kvifor er folk så sinte? Kvifor er eg så sint? Er det så vanskeleg å godta at legane kan ha eit samvite? Mon det.

Det er ikkje nokon tvil om at abort er vanskeleg. Alle er einige om det. Lova om sjølvbestemt abort anerkjenner også at det er eit ømfinteleg tema. Den har gjeve ein reservasjonsmoglegheit til dei som skal gjere sjølve inngrepet. Den retten ligg fast, og er ikkje tema for debatt. Fastlegane derimot, har aldri hatt nokon slik reservasjonsrett i lovverket. Dei har tatt seg til rette. Laga si eiga reservasjonsrett. Stilltiande sendt dei abortsøkande pasientane vidare til andre. Avstått frå å ta i mot  pasienter som dei altså får penger frå det offentlege for å vere lækjar for. Når temaet kom opp i 2011 presiserte departementet at dette er i strid med gjeldande lov. Alle fastlegane er pålagd å gje naudsynt informasjon og veiledning til pasientar som vurderer abort. For det er jo det det handlar om. Naudsynt informasjon og veiledning. Skal ein verkeleg kunne reservere seg mot å gje det?

Eg respekterar at ein kan ha djupe etiske motforestillingar mot den praksis abortlova legg til rette for, men lat oss sjå praktisk på det. Ein reservasjonsrett for fastlegen vil ikkje gje nokon monaleg reduksjon i antall abortar. Det er ikkje meininga heller. Reservasjonsretten skal berre lette på samvitet til dei einskilde reservasjonslegane. Eg syntes det låter hult. Eg kan ikkje heilt sjå at det er nokon vesensforskjell på å henvise ein pasient til ein spesialist for å få utført eit abortinngrep, og å henvise same pasienten til ein annen lege som kan henvise ho vidare til ein spesialist som kan utføre eit abortinngrep. Er dette verkeleg nok til å sove godt om natta? Eit ekstra ledd i prosessen, er det alt som skal til?

I gamle dager kalte man det å bli ufrivilleg gravid  for å “hamne i uløkka”. Abortlova endra på dette. Det er kanskje ikkje ein perfekt løysing, men det er den beste vi kan få. Innafor de rammer loven setter må kvinna få avgjere abortspørsmålet sjøl, utan at korkje staten, du eller eg, skal kunne blande seg inn, eller dømme ho for dei valga ho tar. Det er dette som gjer meg sur. Reservasjonsretten har liten praktisk meining. Den er ein konstruksjon. Eit tynt ferniss, konstruert for å la reservasjonslegane slippe å ta si eiga moralske overbevising innover seg. Alt den gjer er å gi fastlegen ein lovfesta rett til å stige opp på sin høge moralske hest, og se ned på den abortsøkande kvinna i uløkka. Ho blir til ein han ikkje vil ha noko med å gjere. Reservasjonsretten gjer ham retten til å dømme kvinna for det valget ho tar. Skal vi verkeleg gje ham den retten?

Eg håper og trur at bystyret seier nei til det på tirsdag.

Leave a Reply

%d bloggers like this: