web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Småbyliv

FlorøDet er ein grytidlig morgen på Quality Hotel. Ein slik sumarmorgon vi opplev så alt for sjelden her vest. Ein litt sliten fyr har komet innom hotellet for å krite røyk og plage nattevakta. Det vil seie meg. Røyk får han ikkje, men eg byr ham på ein kopp kaffe på bryggekanten. Sola skin ned på millionbåtane ved gjestebrygga. Den lille sørlandsbyen på Vestlandet speglar seg i Florevika. Småbyen på sitt mest idylliske.

– Eg har vore for lenge i denne byen, seier han, og spyttar i vatnet. Faen, eg blir jo snart førti år, og her er eg. Fanga i denne lille drittbyen.

Kvifor kan du ikkje berre dra då, tenkjer eg. Men eg skjønar kva han meiner. Eg kjem frå ein småby sjølv, eg veit korleis det kan vere. Du er den du er, og du kan aldri bli noko anna. Du kjem ikke unna. Alle veit kven du er. Kor du kjem frå. Dei trur dei veit kor du skal også. Du skal ingen stader. Du er fanga av di eiga skugge. Slik er småbylivet.

Eg var åtte år når mor mi døde. Då eg var seksten hadde far min endeleg noko på gang med eit mystisk kvinnemenneske som kalte seg for Bodil. Ingen ante kor ho kom frå, plutseleg var ho der berre ein helg. Ho kom utanbysfrå. Med toget frå Oslo trur eg. Og ho kom attende fleire helger. I eit par månader var ho småbyens snakkis. Alle meinte at ho nok var ei lykkejegar. Ein tvilsom karakter. Ute etter den stakkars gamle doktoren, berre for pengane hans. Ein laurdag gjekk ho ned på nærbutikken for å handle. Ho plukka frem noko middagsingredienser, men når ho kom til kassa og skulle betale, var ikkje dama bak kassaapparatet sein om å kommentere. Skulle ho verkeleg kjøpe fisk? Sonen til doktoren likte nok ikkje det der. Det var kanskje best å finne på noko anna til middag?

Sjølv i dag, tredve år etter, er eg overraska, og litt skremt, over at dama i kassa på nærbutikken, som eg ikkje ein gong var på hils med, hadde ein slik inngåande kjennskap til mitt kosthold. Uansett, Bodil forsvann like plutseleg som ho hadde dukka opp. Siden ingen i min familie nokon gong har snakka saman om noko som helst veit eg ikkje kva som skjedde, eller kor ho blei av. Det var nok ikkje småbyen som jaga ho på dør. Dei sosialiserte seg ikkje nemneverdig, far min og ho, men blant småbyfolket hadde ho aldri ein sjanse. Det var ikkje plass. Det vart for trangt.

For nokre veker siden var eg ein tur ute i den store verda. Tilfeldigvis slumpa eg til å veksle nokon ord med ein fyr som hadde kjærast frå Florø. Eg vart ærleg talt litt overraska, for på spørsmål om dei vurderte å flytte hitover ein gong, var svaret eit ganske så kategorisk nei. Eg er jo vant til at florøfolk nærar ein patriotisme for byen sin som nokon gonger tippar over i det usunne, men her hadde vi nokon som ikkje hadde noko som helst positivt å seie om heimstaden sin. Det var den same gamle historien. Alle visste alt om alle. Baksnakking. Sladder. For liten. For trang. Aldri meir!

Her i fylket er vi manisk opptatt av at ungdommen skal flytte heim. Sjølv statsministeren fekk merke det når ho var innom ein svipptur tidligare i veka. Korleis skal vi få kvinna til å kome heim att når dei er ferdig utdanna var det nokon som spurde henne om. Erna Solberg meinte at nøkkelen var å få mannfolka til å oppføre seg ordentleg. Om ein klarte det, ville nok kvinna komme heim att til framtidsfylket når ho var ferdig utdanna. Eg er litt skeptisk. Kvinner som synest at det å få nokon til å oppføre seg skikkeleg er ein forlokkande tanke, dei skaffar seg heller hund, og blir buande i ein av Bergens drabantbyar. Dei kjem ikkje heim for å lære ein eller annen fjogning at han ikkje sksl pisse i vasken. Alt dette snakket om å få ungdommen til å flytte heim? Gløym det. Slepp dei fri. Ungdommen skal ønske seg ut og vekk. Dei skal draume høgare enn toppen på Brandsøyåsen. Dei skal ut og utrette noko. Leve livet. Gå på ein smell. Du veit, når du veks opp i ein småby. Då veks du ned i ein småby. Det einaste ein kan bruke ein småby til, det er å draume seg vekk.

Vi som har levd nokon år både her og der, i større og mindre byar rundt om i landet. Vi veit at her i Noreg har vi ikkje noko anna enn småbyar. Ingen av dei er noko særleg betre enn den andre. Bygdedyret er overalt. Nissen blir med på lasset. Ein kjem ikkje unna. Men det må dei oppdage sjølv, dei må freiste. Gje det ein sjanse. Heime er uansett berre ein plass der ein har passordet til det trådløse nettet. Dei må berre få prøve seg. Rase fra seg. Finne seg sjølv.

Heller det enn å plutseleg vere nesten førti år, og kaste bort ein heilt perfekt sumarmorgen på å angre på at ein aldri kom seg nokon plass.

Creative Commons License Arne Hjorth Johansen via Compfight

One comment

  • 13 April, 2014 - 7:48 am | Permalink

    Fin tekst!

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: