web analytics

YNWA

Uniteds ferske cupmestere etter å ha slått Kevin Keegans Liverpool i 1977.
Uniteds ferske cupmestere etter å ha slått Kevin Keegans Liverpool i 1977.

Du velger ikkje favorittlag i fotball. Det er favorittlaget som velger deg. Eg hugsar korleis det var. Dei fyrste famlande forsøka. Litt som med jenter, ein måtte prøve og feile nokre gonger før det blei full klaff. Eg fekk eit fotballkort av nokon. På biletet var det ein kar som het Jimmy Neighbour. Han spelte for Tottenham, og dermed holdt eg med Tottenham ein liten stund, men eg bytta dei ut med Queens Park Rangers. Namnet var jo så mykje kulare. Men det ville seg ikkje med meg og QPR heller. Uvisst av hvilken grunn skifta eg lag igjen. Til Manchester City.

Året var 1975. Eg hadde endeleg fått gjennomslag for kravet om å bestille fotballdrakt gjennom ein annonse i det legendariske bladet Buster. Eg holdt bladet i hånda. Såg på lista med lag eg kunne velge. Eg skulle jo ha Manchester City, men under Manchester City sto det eit anna namn. Manchester United. Var det ikkje ein finare klang i det? United? Eg smakte på det. Las det inni meg fleire gonger. Sa det høgt. Jo, det måtte bli United. Eg kryssa av for den raude drakta. Eg gjekk inn med hud, hår, hjarte og sjel.

Eg valde altså Manchester United, eller Manchester United valde meg, den gongen i 1975. Eg ante ikkje eit døyt om fotball. Eg hadde ikkje høyrt om flyulykka i München i 58. Ikkje serevinnercupen på Wembley i 68. Eg visste ikkje at klubben faktisk rykka ned ein divisjon i 74. Eller at dei berre blei ein sesong på lågare nivå, og rykka opp igjen våren 75. Like før eg fekk drakta i posten. Men eg las meg opp på historia. Og takket være tippekampen fekk eg sjå laget spele. Dei raude djevlane. Det hjalp sjølvsagt på kjærleiken at laget spela fantastisk underhaldende fotball. I comeback-sesongen feide dei inn blant dei fire beste i ligaen, og tok seg til cupfinalen. Som dei klarte å tape for lille Southampton. Lidelse. Nederlag.

Eg veit fortsatt ikkje all verda om fotball, men dette veit eg. Det er gjennom nederlag ein bygger dei djupe kjenslene. Alle dei gongene på sytti og åttitalet der man spela Liverpool av bana, berre for å tape på eit overtidsmål av Ian Rush. Eg hata Liverpool, og eg hata Ian Rush. Ubrukeleg spelar. Alt han gjorde var jo å stå på femmeteren og pirke ballen i mål. 30 gonger kvar sesong. Og når dei endeleg solgde ham til Juventus henta dei inn ein fyr som het John Aldridge. Han var så lik Ian Rush at eg ikkje kunne skille dei frå hverandre om det sto om livet. Og hva gjorde Aldridge? Han sto på femmeteren og pirket inn 50 mål på 83 kamper. Etterpå forsvann han til Spania, og da kom Ian Rush tilbake frå Italia. Og Liverpool vant igjen.

Nederlaga var vonde og frustrerande. Men dei var karakterbyggjande. Dei lærte meg at det viktigaste ikkje er å vinne, men å kunne tape med stil. Og når triumfen først kjem smakar den ekstra godt. I 1977 løp eg og kompisen min, Tryta, jublande gjennom korridorane på Strand Hotel i Fevik, med ein imaginær FA Cup-pokal mellom oss. United hadde nettopp slått Liverpool 2-1 på Wembley. Eit lyspunkt i den mørke tida. Det var ikkje mange av dei, før Alex Ferguson henta Eric Cantona frå Leeds, og ligatittelen heim til Old Trafford i 1993. Den gong hadde vi ikkje smarttelefonar og live-dekning av fotballen i nettavisene. I staden ringte vi til Dagbladet for å få dei siste resultata. Dei var United-fans på Dagbla-sporten også. Og etter nesten tjuge år som United-fan, med stang ut, heiderlege fjerdeplassar, og ein og annan cupfinale som trøst, holdt det endelig heilt inn. Hvilken følelse!

Det har blitt mange triumfer siden da, og sant og seie hugsar eg eigentleg ikkje så mange av dei. Ein blir blasert. Men eg hugsar Ronnie Whelans idiotiske kanonskudd i ekstraomgangene i ligacupfinalen på Wembley som senka oss, og ga Liverpool si tredje tittel det året. Aaargh!

I år er vi tilbake til normalen. Liverpool toppar tabellen. United er på syvende plass. Det gjer ikkje så mykje. Vi kjem tilbake. Eg hatar ikkje Liverpool lenger. Når dei nå ligg an til å ta sitt første seriemesterskap på 24 år, veit eg korleis dei som held med laget har det. Eg unnar dei kjensla, og klarar til og med å glede meg litt med dei. Kanskje får eg til og med ein klump i halsen når Steven Gerrard løfter bøtta over hovudet.

Samanlikninga med jenter held ikkje heile vegen. Du kan bli lei kona og kaste ho på dør, men du kan ikkje bytte favorittlag i fotball. Sjølv ikkje om paven skulle godkjenne det er det mogleg. Klart ein kan sjå eit lag på TV ein sein kveld i midtveka og bli litt yr. Kanskje har dei ein venstreving som kan drible av ein mann. Banke ballen i mål frå 30 meter. Det kan vere fint med ein liten flørt med eit lag på si, der og då, men det er berre eit augeblikks tilfredsstillelse. Det er berre fysisk. Djupt i hjartet er det ikkje plass til meir enn ett lag. Og det kan ikkje byttast ut.

Eg jublar for Liverpool, om det held heile vegen, men det må gjerne gå 24 år til neste gong.

One comment

  • tb
    30 April, 2014 - 1:51 pm | Permalink

    Rart dette med fotballag.. Ikke er jeg spesielt opptatt av fotball lenger, det ble så mye penger og lite ball.. Følger egentlig ikke med så mye, ut over å sjekke Adressa på mandagen for å se hvordan det gikk med Ranheim i helga (og hvis knallsterk start fører til svak avslutning, så går det mot opprykk i år!), og Leeds (det eneste United for meg!) er nå oppe igjen i The Championship etter å ha vandre enda lenger nede i dødsskyggens fotballdal. Likevel kan jeg ikke høre navnet Leeds United, eller se et glimt av de helhvite på TV (sjelden, sjelden!) , uten å få ståpels på ryggen og gåsehud på armene, og da jeg så navnet Brian Clough i ei avis i dag, var min første tanke “drittsekk!”, og ennå kan jeg innimellom tenke at det hadde nå vært stas å besøke Elland Road en gang før jeg dør… Det er noe med ungdommens fotballag som setter seg et sted dypt inne i kropp og eventult sjel, eller hva man velger å kalle det… Tror det kommer til å leve der langt inn i demensens år?

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: