web analytics

Promp

Sixty Three Cent Fart
Florø Hornmusikk?

Jeremy Brooks via Compfight

Nokon har ein gong sagt eit eller anna om at små barn er store filosofar. Eller var det store filosofar som var små barn? Det er i kvart fall ikkje vanskeleg å vere einig i at små barn tenker og filosoferar ein heil del. Stort sett om promp. Ein dag denne veka hamna samtalen rundt stovebordet i heimen, atter ein gong inn på dette uuttømmelege temaet. Promp.At alle mennesker slapp ein promp i ny og ne var alle einige i. Dessuten veit vi godt at katten vår, som fortsatt berre går under namnet Kvite, heller ikkje er framand for å slippe laus ein smygar når det passar seg slik. Dette fekk nokon, det kan ha vore meg sjølv, til å komme med følgande hypotese: Alle som har rumpe, må av og til prompe.

Far min hadde ein teori om at i vår familie er det slik at det i kvart ledd er ein person som er fødd med eit totalt overlegent intellekt. Han meinte at i hans ledd var det han sjølv som utmerka seg på det viset, og i neste ledd var det eg som var den superiore. Ja, han brukte det ordet. Eg var superior og supersmart. På den tida var det slik at man hadde respekt for dei vaksne. Det fann meg aldri inn å trekke det han sa i tvil. Sjølv ikkje når han meinte at eg også kunne bli ein strålande offiser, falt det meg inn at han ikkje alltid visste kva han snakka om. Om han i stadet for teorier om selektivt genetisk overførbart intellekt hadde kommet med andre påstander, som til dømes en påstand om at alle som har ein rumpe kan slumpe til å prompe, så hadde ikkje eg tvilt på det eit sekund. Slik er det ikkje lenger. Sonen min har ikkje respekt for vaksne, minst av alt for meg. Han stiller spørsmål ved alt. Om eg seier noko om korleis verda er, går han i gang med å finne ut om eg verkeleg veit kva eg snakker om.

Og det gjer eg som regel ikkje.

Sjølvsagt måtte han gå min ypperlege rumpe-prompeteori nærare etter i saumane. Av alle verdas dyr må det da finnes ett som ikkje slipper ut tarmgasser frå bakenden. Ganske snart kom spørsmålet eg frykta. Fisk, pappa! Kan fisk prompe?

– Jau, sa eg. Da må vi bruke teorien min og først sjekke. Har fisken rumpe? Ja det har den. Da kan den også prompe. Det er like sikkert som Sparebanken Sogn og Fjordane.

Men innerst inne var eg ikkje så sikker, og guteslampen kan sjølvsagt lukte det lang vei. Nesten som om eg slipp ut tvilgass frå analen kvar gong eg er på tynn is. Han forlangte eit google-søk, for han har for lengst lært seg at papps(kall)ens påstander kan ha godt av litt sunn kildekritikk. Denne gongen var det imidlertid eg som lo sist. Ein litt overraska latter. Fisk kan prompe, og særleg er silda ivrig. Silda lager uvanlege prompelyder om natta, skriver Forskning.no. Den klemmer små bobler ut av anus, som lager ein karakteristisk kneppelyd. Forskere tror lyden fungerer som kommunikasjon. Ja, den snakker faktisk med rumpa. Forskarane er ganske sikre på dette her. Sildeprompen har ein eller annan sosial funksjon. Silda er stadig oppe i overflata og gulpar i seg luft, som den kan bruke til å prompe. Særleg i skumringstimene er det mykje lyd å høyre. Anna fisk kan også slippe ein fis i havet, men den er langt meir udefinerbar. Silda, i all sin promp og prakt, har ein veldig karakteristisk lyd, og den promper altså mykje!

Dette er sjølvsagt meget interessant. Silda og Florø har ein lang historie bak seg. Hadde det ikkje vore for silda hadde det ikkje vore nokon by her. Silda pregar kommunevapenet, og snart er tid for det årlege sildebordet også. Sild og Florø heng saman som hand i hanske. Som fish and chips. Eg tenker at det må vere mogleg å gjere noko kreativt ut av dette. Kan Florø rett og slett bli Noregs prompehovudstad? I tillegg til sildebordet kan vi arrangere noregsmesterskap i fis. Vi kan omskolere kora våre til å synge med rumpa i stedet for med munnen. Dei må også skifte namn naturlegvis. Prompentum låter bra. Og kva med mannskoret Tarmen? Innlegg i bystyret må heretter leveres analt, ikkje oralt. Politikken er illeluktande frå før, men møtene blir kanskje kortare? Eg ser heller ikkje bort frå at dette kan legge grunnlaget for eit nytt høgskulestudium. Berre fantasien sett grenser, vi kan trene sild til å hoppe frå store tankar på kvar side av Strandgata, slik at det blir eit tak av sild over handlegata vår. Det er det ingen andre byar som har. Folk vil komme langveis fra. First House vil starte reisebyrå for rike kineserar som vil vitja prompesildebyen. Penga kjem til å renne inn i ein slik fart at vi kan gje kvart einaste barn si heilt eigne barnehage. Hvis berre nokon tør å satse, og kommunen hugsar å sende planane til Fylkeskommuna.

Etter denne runden med Google-forskning føler eg at tilliten frå sonen min er på stigande kurs. Kanskje han snart er klar for å høyre om korleis intelligensen går i arv i denne familien?

Leave a Reply

%d bloggers like this: