web analytics

Til kamp

PRC---1971 James Vaughan via Compfight

Sogn og Fjordane slik vi kjenner det kjem snart til å vere ein saga blott. I den blåblå regjeringas framlegg til nytt inntektssystem for fylka i landet kjem fylket vårt ekstremt dårleg ut. 234 millionar må kuttast på berre fem år. Det kjem til å endre alt. Skulestruktur. Samferdsle. Næringsutvikling. Kultur. Vegutbygging. Her må det kuttast. Knutepunkt som Florø, Førde og Sogndal vil kanskje komme nokolunde greitt ut av det, men utkantane vil blø. Sjølv om Stortinget nok kjem til å gjere nokre justeringar, og regjeringa kanskje let seg overtale til å gje oss nokre kroner i ein utvida overgangsordning, er det ikkje nokon grunn til vere naiv i dette spørsmålet. Sogn og Fjordane kjem til å endrast, og det drastisk.

Det bur ikkje så mange folk her i fylket, og dei som bur her er stort sett ueinige i det meste, men eg vil tru du skal leite lenge etter nokon som meiner det er ein god ide å kutte inntektene våre med ein snau kvart milliard. Legg ein til at pengane skal sendast til hovudstaden kan ein nok risikere at nokon og ein kvar auser seg opp. Det einaste vi hatar meir enn Oslo her omkring er jo som kjent Førde. Og ause oss opp må vi nok. Våre lokale Høgre- og Frp-politikarar freistar å sitje heilt stille i båten, for ikkje å lage bølgjer, medan Frank Willy Djuvik ror for harde livet, men eigentleg er ikkje dei heller særleg nøgde med framlegget til nytt inntektssystem. Dei skjønar sjølvsagt kor dramatisk dette er, men dei veit at saka allereie er tapt. Dei kan ikkje gjere noko anna enn å halde maska og skulde på Navarsete.

Om ein skal vere realistisk må ein vel innrømme at landet var overmodent for eit nytt inntektssystem. Særleg har nok Oslo vore underfinansiert lenge. Eg ser heller ikkje bort ifrå at fylkeskommunen har hatt ein litt for romsleg økonomi, samanlikna med kor stramt det er i dei fleste kommunar. Ei omfordeling er nok naudsynt. Noko må gjerast. Men det er ein viss skilnad på å ta ei skei tran kvar dag, og å ta heile flaska på styrten. Dette framlegget er altfor mykje, altfor fort. Det kjem til å svi skikkeleg.

Sogn og Fjordane er annleisfylket. På godt og vondt. Mest godt kanskje, fylket kjem jo alltid godt ut på dei fleste parameter i SSB sine levekårsundersøkingar. Når dei kallar det for «trivselsfylket» er det eit slag-ord med eit visst hald i seg. Vi lever gode liv her ute i provinsen, men kanskje vil kutta i overføringane tvinge oss til å bli meir like resten av landet? Auka sentralisering vil tvinge seg fram. Både linjer og heile vidaregåande skuler vil forsvinne. Fleire ungdommar må på hybel. Bussar vil slutte å gå. Kystvegen kjem aldri til å bli realisert. Men Oslohatet vil auke, og det kan ta nokre år før Høgre og Frp får representantar frå dette fylket inn på Stortinget igjen.

Spørsmålet er om vi berre stillteiande skal godta at regjeringa legg ned Sogn og Fjordane, eller om vi skal gjere noko. Søke andre alternativ. Når alle andre gjer blaffen i oss, kan ikkje vi gje blaffen i dei? I Skottland kjempar dei for å lausrive seg frå Storbritannia og politikarane i London. Dei har vind i segla. Vi kan gjere det same. Vi kan lage ein eiga union av annleisstatar saman med Orknøyane, Shetland, Færøyane og altså Skottland. Espen Lothe må utvide bryggeriet sitt endå ein gong om han får ølet sitt inn på pubane i Glasgow. Florø kan få spela mot Celtic. Per Øyvind Helle kan få arrangere Melodi Grand Prix kvart einaste år. Vinmonopolet vil plutseleg få meir enn ei flaske whisky frå Islay å velje mellom, og tar vi ein tur til Bergen kan vi handle taxfree på vegen heim att. Eg ser berre fordelar ved eit slikt grep.

Det er kanskje ikkje eit heilt realistisk alternativ. Eg innser det, men vi må tenkje litt på kva vi skal gjere for noko. Bør vi ikkje i det minste dra i gang eit protesttog eller noko slikt? Dra til Oslo og protestere? Sette fyr på skjegget til Fritjov Urdal framfor Stortinget slik at dei skjønar at vi meiner alvor? Det er i så fall no det må reagerast. Når Stortinget har fatta sitt vedtak er det for seint å sutre.

Leiaren i Stortingets kommunalkomite tok turen til Florø tidlegare i veka for å få innspel frå fylket. Han hadde ikkje mykje trøyst å by på, i staden åtvara han oss mot stakkarsleggjering. Som ein draum frå Disneyland slo han fast at det fylket nå først og fremst treng er driv og positivitet. Om dei får viljen sin, var det ein ting han gløymde. Det vi treng er driv, positivitet, og ein skikkeleg svær flyttebil.

Leave a Reply

%d bloggers like this: