web analytics

Ja til IS

Ice Scream

Min gamle far, doktoren, hadde eit universalmiddel som han pleide å tilrå til alle foreldre med sjuke barn som ringde han opp på kvelden og lurte på kva dei skulle gjere. Gje dei is, sa han. Det er sunt, det gjer energi, og alle ungar elskar det. Om ungen ikkje vil spise is, då er det alvorleg sjukdom. Då ringer du ikkje doktoren, då ringer du etter sjukebilen. Ha ein fin kveld vidare.

Dette er lærdom eg har teke med meg inn i vaksenlivet. Eg har eit svært liberalt syn på kor ofte ein kan spise is, og dette har eg vidareført til familiens små barn. Barna sjølv kunne nok av og til tenkt seg ein enno meir liberal praksis, men dei får is. Ofte. Dei treng ikkje ein gong vere sjuke. Det er difor ikkje så underleg at pojken kom litt i stuss under Dagsrevyen ein dag tidlegare i veka. Kvifor i all verda demonstrerar dei mot IS, ville han vite. Det strider mot alle naturlovar. Is som er så godt. Og sunt. Det går ikkje an å vere i mot det?

Og det gjer det jo ikkje. Ikkje iskrem. Men det var ikkje iskrem dei demonstrerte mot på Dagsrevyen. Dei demonstrerte mot IS, ISIS, ISIL, Den islamske staten, eller kva du helst vil kalle dei for noko rart. Skjeggete morderiske svinepelsar kan også fungere bra. De veit, disse folka som driv på og ordnar rabalder nede i Midt Austen for tida. Henretter journalister med lommekniv. Kidnappar og torturerar gutungar. Skyt opposisjonelle. Driv klappjakt og mogleg folkemord på den religiøse minoriteten jezidiane. Det var dei som hadde skylda for at politiet måtte vise seg med maskinpistolar på Amfi tidligare i sommar, medan landet var satt i full terrorberedskap. Dei hevdar dei står for den einaste rette utgåva av Islam, dei er meir ekstreme, meir valdelege, enn Al Quaida. Dei har ein liten, men profilert og høgrøysta, gjeng med tilhengarar her i landet. Tullebukkar. Dei gjer is eit dårleg rykte. Dei er verre enn lett-is. Verre enn det røde på lollipopen. Dei er som Tress-is med berre sjokoladesmak. Det er klart at dei må stoppast. Dei kan ikkje få halde fram på det her viset. Nokon bør trekke dei for retten. Gjere slik at dei ikkje kan kalle seg for IS. Dei burde kalle seg for noko anna. Noko som berre eit fåtall forstyrra individ spis frivillig. Dei burde kalle seg for Lungemos. Eller kanskje Blodpølse. Sjølv pojken kan sikkert tenke seg å stille i en demonstrasjon som krever et høgt og rungande nei til blodpølse. Aller helst burde dei skifte namn til IS’NT.

Men IS er ikkje noko å le av. Slettes ikkje. Det er blodig alvor, og det må vi snart ta inn over oss. I staden for å bruke tida på å lure på om det er mogleg å protestere mot IS på ein troverdig måte medan ein har på seg hijab, burde vi snart få vridd debatten over på det som er viktig. Korleis hindrar vi at fleire norske ungdommar radikaliserast til ekstrem islamisme. Korleis normaliserar vi dei som har gått over grensa? Kva gjer vi med den potensielle terrorfara som dei som har reist ned for å kjempe i Syria representerer. Og kva gjer vi når spørsmålet om vi kan bidra militært i kampen mot IS kjem? Sender vi soldatar og bombefly? Eller seier vi nei? Vi sa ja til å bidra i Libya, utan nokon forutgåande debatt å snakke om. Nokre få nøkkelpersonar i Stoltenbergs regjering tok avgjeringa om å sende bombefly nedover. Slik kan det ikkje vere. Skal Noreg sende soldatar i krig må det vere etter ein grundig debatt, både i folket og på Stortinget. Lat oss være forberedt. Eg veit ikkje sjølv kva eg meinar. Dei færreste krigar er svart-hvite. Det er sjelden det berre er dei gode mot dei onde. Sjølv ikkje ein krig mot IS vil vere det, men det er kanskje noko av det næraste vi kjem? Men er det mogleg å nedkjempe dei militært, eller risikerar vi å gjere vondt verre om vesten blandar seg inn på ny? Det er slikt vi må finne ut av.

Det er mykje dævelskap i verda. Denne sumaren verkar det som om det har blitt meir av det enn på lenge. Det er ikkje berre IS. Russland skapar krøll i Ukraina. I Nigeria driv Boko Haram ein brutal kampanje som har sendt hundretusener på flukt. Israel og Palestinarane herjar på igjen. Ebola herjer i Vest-Afrika. 800 000 er på flukt i Sør-Sudan. Tre millionar frå Syria. Er verda i ferd med å gå fullstendig av hengslane?

Berre tida vil vise, men eg skulle ønske at folk no berre kunne sette seg ned saman, dele ein liter krokanis, og berre finne ut av ting. Kor vanskelig det enn måtte vere, alt blir lettare med litt is i magen.

Leave a Reply

%d bloggers like this: