web analytics

Eldreomsorga berre sorga?

ELDRE_5662250a

Korleis målar ein eldreomsorga? Korleis veit ein om den er god nok, eller om den har blitt betre i ein gitt periode? For media er svaret på det enkelt. Kor mange sjukeheimsplassar har vi? Er det fleire enn før? Eldreomsorg er lik sjukeheimsplassar. Som når Aftenposten for ei veke sida kom med fasiten på åtte år med raudgrønt styre. Den store satsinga frå Stoltenberg og hans kumpanar, som skulle gje 12000 nye sjukeheimsplassar fisla ut med ein auke på berre 567 institusjonsplassar. Ser ein litt større på det, tek med omsorgsbustader, og set talet opp mot mengda eldre, er situasjonen den at vi har 29 plassar pr. 100 menneske over 80 år. Når dei raudgrøne inntok regjeringskontora i 2005 var tilsvarande tal 28 plassar. Konklusjonen synest å vere klar. Arbeiderpartiet, SV og Sp kunne ikkje halde det dei lova. Hadde dei ikkje gått av allereie, hadde dei vore i hardt vær nå.

Det er media som styrer showet, så når dei presenterer det dårlege utbyttet av storsatsinga på ei skinnande eldreomsorg må politikarane ta på seg det alvorlege andletet. Nå er det sjølvransaking på gong i Arbeiderpartiet. Aftenposten siterar partiets helsepolitiske talsmann, Torgeir Micaelsen, på at dette må føre til ein refleksjon om dei verkeleg har dei rette svara. Men dei er på villspor, både media og Micaelsen. Dei har ikkje dei rette svara, dei har ikkje ein gong stilt dei rette spørsmåla. Spørsmålet er ikkje om dei har dei rette svara. Å telje sjukeheimsplassar for å finne ut om eldreomsorga har blitt noko betre er kunnskapslaust. Eller i beste fall gammaldags. Eldreomsorg er så mykje meir enn sjukeheim. Målsettinga er at dei eldre skal kunne bu heime så lenge som mogleg, og det får ein ganske bra til med hjelp av heimesjukepleie, korttidsplassar, og rehabilitering. Det er ikkje sikkert at ein storstilt utbygging av sjukeheimsplassar er det rette staden å pøse på med pengar.

No må det seiast at Arbeidarpartiet kan skylde seg sjølv for at dei blir sett til veggs for at dei ikkje har gjort det dei lova. Når Stoltenberg gjekk Siv Jensen i næringa og lova full sjukeheimsdekning innan 2015 hausten 2009, burde han visst betre. For kva er eigentleg full sjukeheimsdekning for noko? Det er eit tal det er umogleg å definere. Umogleg å oppnå. Sama kor mange sjukeheimsplassar vi får på plass kjem TV2-Nyheitene alltid til å finne ein halvdøv, blind og sjuk gamling som ikkje har fått plass ennå, og nokon må stillast til ansvar. Alle er einige om at alle som treng det skal få ein sjukeheimsplass, og kvar einaste dag jobbast det med å få det til. Som oftast klarar dei det vel også. Når ein politikar er ute og snakkar om full sjukeheimsdekning er det eit ganske sikkert teikn på at fyren ikkje veit kva han snakkar om, eller at han er ute for å fiske etter stemmer. Ja, det eine ser bort frå for så vidt ikkje det andre. Uansett er det ikkje synd på Arbeiderpartiet, dei får berre som fortent. Det dumme er at ingen blir noko klokare av prosessen.

Så korleis måler vi eldreomsorga? Heller enn å telje sjukeheimsplassar kan man telje det dei litt sånn nedlatande kallar for «dei varme hendene». Hugs å dele på to. Enda betre er det om man kan dele hendene opp i faglærde og ufaglærde. Har dei klart å få fleire legar til å jobbe fast med sjukeheimane nå? Man kan også sjå på kor mange av dei hendene som faktisk kjem i kontakt med dei eldre, målt opp mot kor mange som berre kjem i kontakt med tastatur og kaffikopp i løpet av arbeidsdagen. Korleis brukar vi pengane?

Eldreomsorga er i endring. Velferdsteknologien er for full fart inn. Vi er friske lenger. Vi lever lenger. Og vi lever lenger med kompliserte sjukdomsbilete. Dei fleste ønsker å bu heime lengst mogleg, og det får dei som regel lov til. Sjølv når du passerer 90 år er det berre om lag femti prosent sjanse for at du hamnar på sjukeheim, og om du må inn er det sannsynleg av di du er i ferd med å bli skikkeleg dement. Jau då, sjukeheim er framleis ein viktig del av eldreomsorga, men det er langt frå den einaste, og neppe heller den viktigaste. Det hadde vore fint om journalistane og politikarane kunne bli einige om å slutte å late som om det er det.

Leave a Reply

%d bloggers like this: