web analytics

Tragedien i Middelhavet

lampedusa Foto: Noborder Network/Sara Prestianni CC BY 2.0

(Lørdagens Firdapostspalte, før etter språkvask)

Vekas mest hjarteskjærande historie dukka først opp som ei lita sak på dei norske nettavisene. Litt større enn ei notis var ho nok, men ho kom og gjekk utan å gjere noko nummer av seg. Ingen framsider vart rydda. Ingen lys vart tent. Nei, eg snakkar ikkje om det sørgelege faktum at Ole Gunnar Solskjær er ferdig i Cardiff. Eg snakkar om saka der kyniske menneskesmuglarar senka ein båt med flyktningar som nekta å flytte seg over i ein mindre båt. Rundt 500 menneske drukna, 100 av dei kan ha vore born. Ni overlevande blei fiska opp av Middelhavet, den yngste av dei berre to år gammal. Ein av dei døydde seinare. Ein til er framleis livstrugande skadd. Som om ikkje dette var ille nok: Over 200 menneske er framleis sakna etter at ein båt fullpakka med afrikanske immigrantar gjekk ned utanfor kysten av Libya same helg.

– Dette var utvilsamt den helga som har kravd flest liv nokosinne i Middelhavet, seier Carlotta Sami i FNs høgkommissær for flyktningar UNHCR, ifølgje NRK. Noko som berre er korrekt om ein legg til «i fredstid». Sjøslaget ved Cape Matapan kosta italienarane 2300 menneskeliv i mars 1941, men det er å pirke på detaljar. Situasjonen med immigrantar som freistar å komme seg frå Afrika til Europa i båt over Middelhavet er alvorleg. Det er berre eit snautt år sidan førre tragedie nådde våre aviser. Den italienske kystvakta redda 155, medan over 360 menneske døydde då ein båt på veg frå Libya fekk motortrøbbel, tok fyr, og sokk utanfor Lampedusa i oktober i fjor. Sanninga er at dette skjer heile tida. Rundt 3000 immigrantar har truleg drukna i Middelhavet hittil i år, men sikre kan ein ikkje vere. Det kan godt vere fleire. Vi veit om lag kor mange som kjem fram, men vi veit ikkje kor mange som dreg. Det er ein evig pågåande tragedie. Det kan ikkje fortsette slik.

Men kva kan ein gjere? Ein kan, og må, gå hardare til verks mot menneskesmuglarane. Problemet stikk likevel djupare enn berre dei kriminelle bandane som tek folk over havet frå Libya eller Egypt til Sicilia, Lampedusa og Malta. Eller over ørkenen i Sinai. Det er ein grunn til at folk set livet og det vesle dei eig på spel for å kome til Europa. Dei geopolitiske tilhøva har ført til at det er færre økonomiske flyktningar, lukkejegerar som dei ofte heitte i norsk asyldebatt, no enn for nokre år sidan. I staden er det stadig fleire som flyktar frå borgarkrig og uro. Det er ikkje nokon grunn til å tru at det kjem til å bli færre folk på flukt dei nærmaste åra. Mange av dei vil ønske seg til Europa.

Problemet er at vi ikkje er rusta til å ta i mot dei. Byrda på dei fattigare landa rundt Middelhavet, sør i EU, er for stor. Vilja til å hjelpe dei frå oss i nord er for lita. I eit Europa der skepsis til immigrantar og misnøye med den rådande innvandringspolitikken er aukande, er det tvilsamt om det blir dei store endringane med det fyrste. Dei overfylte båtane kjem til å fortsette å komme. Folk vil fortsette å døy. Og for kvar gong vil vi bry oss bitte litt mindre om det. I den grad vi i det heile tatt vil få høyre om det.

Men noko var annleis i denne saka. Dette var ikkje eit vanleg skipsforlis. Det var massedrap, utførd av kyniske kriminelle. Vondskapen stod plutseleg tindrande klar for oss. Kva slags menneske er det som utan skruplar renner ein båt med redde flyktningar i senk, og ler mens dei ser på at den går til botnen? Det er sterk kost. Det er ei sak. Noko som er verdt å skrive om. Kanskje ikkje like viktig som at Petter Northug laug for politiet tre gonger, men viktig nok til at det har kome nokre oppfølgingssaker. Ein kan håpe at denne saka er så fæl at ho får oss til å reagere. At ho blir eit vendepunkt. Å skape fred i dei urolege delane av verda er ei oppgåve litt for stor for oss, iallfall på kort sikt, men vi kan starte med å gjere noko med den organiserte kriminaliteten. Innsatsen må aukast. Menneskesmuglarane må stoppast. Det same gjeld dei som profiterer. Dei gode tomatane frå Italia er ofte plukka av ulovlege innvandrarar, under slaveliknande tilstandar. Dette må det bli ein slutt på, så får vi heller finne oss i å betale litt meir for dei tomatane.

Og landa rundt Middelhavet må få meir hjelp. Både til redningsoperasjoner, og til å ta seg av den aukande straumen av flyktningar. Dette er vårt problem også, og det er nok nå.

Leave a Reply

%d bloggers like this: