web analytics

Fram frå skuggane

Depression by Victor

Dei kjem nesten vekentleg no. Dei vonde, men gode forteljingane. Dei vi elskar å lese i avisa eller sjå på TV: Denne veka var det ein tidlegare ungdomspolitikar som hadde forsøkt å ta livet sitt. Førre gong var det ei popstjerne som sto frem med sine problem… Flinke jenter får det til, men tek på seg for mykje, går på ein smell, og søkk ned i depresjonen. Muntre menn dreg rundt og held foredrag om sitt mentale mørke, når dei ikkje er opptekne med å snakke om det i radioen eller i Aftenposten. Depresjon er den nye folkesjukdommen, og dette er det no lov å snakke om til alle som vil høyre. Og høyre vil vi. Det er litt som dei velkjende forteljingane frå røynda som vi kan lese i vekeblada på eit eller anna venterom. Om korleis ein startar opp med stor entusiasme, møter veggen, men kjem seg opp att, berre at no har ein blitt styrka av motgangen. Ein har rett og slett blitt eit litt betre menneske, og ein ser på framtida med optimisme. Dei forteljingane. Vi kan ikkje få nok av dei, og sjølvsagt er dei uimotståelege, med ekte menneske i hovudrolla.

Misforstå meg ikkje. Det er utelukkande ein god ting at vi snakkar om problema våre. Psykisk helse har alt for lenge vore noko vi ikkje snakkar om. Ikkje til media. Ikkje til våre næraste. Skamma har vore for stor. No er ho heldigvis i ferd med å misse noko av grepet på oss. Kvar gong nokon står fram og fortel si historie blir det litt lettere for oss andre. Alle vi som lever liva våre i eit skjæringspunkt der vi lurar på om vi skal ta oss saman og ta ein dag til, eller om vi skal krype til korset og ringe psykologen. Kan Lene Marlin snakke om panikkangsten sin på Senkveld kan det hende vi også klarar å snakke med nokon om det som plagar oss. Det er fint.

Men likevel. Det er noko som skurrar litt. Det er eitt fellestrekk i ein heil del av forteljingane vi får høyre: Det er dei vellukka som får fortelje sine historier. Dei som ser ut som oss andre til dagleg. Dei som held problema godt pakka inne bak fasaden, unnateke når dei fortel oss om dei i etterkant. Det er dei som blir hylla for å vere opne. For å synleggjere psykiske problem. Og visst er det viktig at dei kjem til orde. Men kva med dei som ikkje er like velformulerte? Dei som ikkje klarar å halde dei psykiske problema sine på innsida til ein kvar tid? Dei som ikkje har lukkast med noko særleg? Dei som ikkje får skrive kronikkar, ha fast spalte i avisa, eller gjer seg særleg godt på TV? Slike som bror min.

Eg har ein ti år eldre bror som eg ikkje har sett på mange år. Det går nok betre med han no enn det gjorde den gangen vi budde i same hus, men heilt som oss andre blir han aldri. Han har ein del å stri med. Det har alltid vore noko rart med han. Han snakkar rart, setningane vert avleverte i eit noko spesielt tonefall. Han omtalar seg sjølv konsekvent i tredje person. Han går på ein påfallande måte. Han har ein framtoning som kan verke litt trugande for nokre. Svigermora til ein kompis er livredd for han, sjølv om det ikkje er nokon stor grunn til det. Han likar ikkje at folk ser på han, og han trur at dei ser på han heile tida. For å skjerme seg mot desse blikka går han oftast med ein plastpose som han held framfor den eine sida av andletet. Eller brukar handa. Noko som sjølvsagt får folk til å sjå på ham. At du er paranoid treng ikkje å bety at folk ikkje er ute etter deg. Bror min har gjort meir for å synleggjere psykiske lidingar enn det Lene Marlin nokon gong har gjort. Han synleggjer dei kvar gong han går ut døra. Det held med eit blikk på han for å skjøne at her har vi ei plaga sjel.

Spørsmålet er om all denne nye openheita om psykiske problem vi har vore vitne til i det siste gjer det noko lettare for slike som bror min å vere psykisk sjuk. Eller har vi berre skapt oss eit nytt skilje? Eit skilje der dei som ser ut som oss andre får vår velfortente hyllest for sin innsats og si openheit når dei møter veggen. Medan dei som ikkje ein gong når fram til veggen framleis må halde plastposen framfor andletet slik at vi ikkje ser dei? Vi må for all del fortsette å snakke om psykiske problem, også vi frå den vellukka middelklassa. Men eg har ein mistanke om at det er fleire grupper som kan trenge litt taletid. Slepp dei fram frå skuggane.

Leave a Reply

%d bloggers like this: