web analytics

Redd barnetillegget

poverty photo
Photo by ImNotQuiteJack

No er dei ute etter dei uføretrygda igjen. Dei blåblå. I statsbudsjettet vil dei endre barnetillegget deira. I dag er det slik at dei uføretrygda som har lite pengar får eit relativt sjenerøst barnetillegg. Om regjeringa får det slik dei vil blir dette endra. I staden for at dei som treng det mest får ein sum med pengar som faktisk monar litt, rundt 35.000 i året, skal alle som har uføretrygd og barn få eit flatt tillegg på 7000 kroner i året. Dette sparar dei 590 millionar på, og dette gjer dei for at det skal løne seg å jobbe. Om ein er uføretrygda er det jo berre å produsere nok barn, så kjem du til slutt opp i ei løn i nærleiken til dei som vaskar kontora til statsministeren. Da blir dei heller heime og skifter bleier. Om ein ikkje gjer noko med barnetillegget er det ei viss fare for at Erna snart må vaske kontoret sitt sjølv, og slik kan vi sjølvsagt ikkje ha det i verdas rikaste land.

Dei freistar å pynte brura. Det blir visst meir rettvist på denne måten. Barnetillegget er meint å kompensere for kostnadane ved å ha barn. Då er det ikkje rettvist at nokon får 35.000 kroner, og andre ikkje får noko. Det høyrest jo tilforlateleg ut, men om eg hugsar rett var barnetillegget meint som eit tiltak for å motverke fattigdom blant borna av dei uføretrygda. Det imponerer uansett ikkje vår smurferegjering. Ein får ikkje færre fattige barn ved å gje pengar til foreldra deira. Det beste ein kan gjere for å få folk ut av fattigdom er å få dei over i jobb, seier dei, og har på ein måte rett i det. Spørsmålet er kor mange av dei 21.660 foreldra dette gjeld som no kjem til å karre seg opp av sofaen og ut i arbeidslivet? Eg vil tru at 10 prosent er ei svært optimistisk gjetting. I så fall er det framleis snautt 19.500 foreldre, over 32.000 born, som vil få ei merkbart tøffare kvardag. Er det verdt det?

Eg har ikkje oppdaterte tal, men i 2006 kom det ein rapport frå Frischsenteret for samfunnsøkonomisk forsking. Elisabeth Fevang og Knut Røed stod bak den. Dei slo fast at av alle dei som gjekk på uføretrygd var det 7 prosent som hadde ein høgare utbetaling på trygd, enn dei hadde som yrkesaktiv. Sju av hundre menneske på uføretrygd hadde i 2006 så mange barn at dei fekk meir pengar inn, enn dei hadde når dei var i jobb. Sjølv klarar eg ikkje å hisse meg så veldig opp over dette, barnetillegget vil jo falle bort når barna veks opp, det er ein mellombels stønad. Men om ein absolutt ikkje vil finne seg i at det er slik, finst det andre måtar å gjere det. Ei øvre grense for kor mykje det er mogleg å få i barnetillegg ville løyse problemet på ein straks. Slappe journalistar, og slumsete omgang med forskingsresultat har etablert eit inntrykk av at uføretrygd går i arv. Det er riktig at born av uføretrygda har større sjanse for å ende opp som trygda sjølv. Sjølvsagt er det eit element av læring i korleis du veks opp. Men når 94 til 96 prosent av born av uføretrygda ikkje sjølv ender opp som uføretrygda, då burde vi heller spørje kvifor læringseffekten er så lav. Kvifor hamnar ikkje fleire av dei på Nav? Kan det ha noko med at vi har gode system, som utjamner skilnader og gjer trygda ein sjanse til eit verdig liv? Kan det hende at fjerning av barnetillegget vil endre dette, og sende fleire barn under fattigdomsgrensa? Vil det då stimulere dei til å jobbe hardare for å komme seg opp og fram i verda, eller vil det føre til at fleire av dei endar som uføretrygda? Eg veit ikkje svaret, men vi veit at fattigdom verkar nedbrytande og isolerande. Eg vil i alle fall ikkje sjå bort frå at resultatet blir fleire på trygd, ikkje færre.

Regjeringa har varsla at ein handlingsplan mot barnefattigdom vil vere klar til våren. Det naturlege ville vel ha vore å vente med å endre barnetillegget til den var klar, slik at eventuelle nye tiltak kan kome inn og skjerme dei barna som treng det mest. Eg håpar, og trur, at Kristeleg Folkeparti og Venstre vil setje foten ned i budsjettforhandlingane. Barnetillegget bør i alle fall fredast i si noverande form til regjeringa har ein klar plan for korleis ein kan møte utfordringane med barnefattigdommen i framtida.

Leave a Reply

%d bloggers like this: