web analytics

Chop suey blues

chop suey photo
Photo by swanksalot

I år er det femten år sidan eg såg Florø for første gong. Eg kom med nattbussen frå Oslo for å besøke min noverande kjærast. Eg klødde meg litt i hovudet, og lurte på om det var mogleg å kome lenger ut i villmarka enn dette. Men mi kjære møtte meg på busshaldeplassen i Brandsøya, og eg gløymde alt anna. Med unnatak av eit par mørke år i indre Telemark har eg halde meg her i byen sidan då, og det har vore fine år. Florø har vore grei med meg. Klart den har sine sider, sitt vesle særpreg, men det er den ikkje åleine om. Alle norske småbyar er ganske like, men på kvar sin måte. Eg plar seie at Florø er ein triveleg liten by. Men det var ikkje det eg sa på måndag. Tvert i mot.

Det var ein av desse dagane der ein heile tida er litt på etterskot. Sjukdom på jobb gjorde at eg ikkje kunne gå heim før seks. Eg kunne ikkje hente i barnehagen. Svigers var på heisatur og kunne ikkje hjelpe. Mi kjære pendlarfrue var einaste utveg. Bussen frå Førde var full og forseinka, men så fann visst bussjåføren eit raskare gir, og gassa på. Ho rakk barnehagen med eit minutts margin. Puh. Heime var kjøleskåpet tomt. Kunne eg handle med meg mat på veg heim frå jobb? Klart. Eg ba den uthungra familien om å ta det heilt med ro. Som mannen i huset tek eg gjerne på meg oppgåva med å skaffe mat på bordet. Kjapt. Og kjapt betyr fast food. Fast føde. Rask mat. Eg hadde lyst på kinamat. Eg heiv meg i bilen mot kinasjappa, men der vart eg skuffa. Inne var det mørkt. Ikkje ein einaste chop suey å sjå. Korleis skulle eg no skaffe etande mat på bordet? Da Vinci er fortsatt stengd etter sin litt kreative omgang med «oregano». Anna pizza freista ikkje. Ikkje kebab heller. Mi kjære er ikkje veldig glad i burgarar. Eg banna og steika for meg sjølv inne bilen. Eg kunne sjølvsagt freista å lage mat sjølv, men då ville han ikkje bli kjapp. Eg vart sur. Eit alvorleg tilfelle av chop suey blues. Eg drog heim og truga med å flytte frå byen. Ja, eg trekte til og med bystatusen i tvil. Kan ein verkeleg kalle ein plass utan døgnopen bensinstasjon for ein by? Eg trur ikkje det. Dritplass. Dritplassen svarte nesten umiddelbart med å la Sundefjellet rase ut. Vegen vart stengd på ubestemt tid. Florø isolert. Dette var byens måte å sende meg ei melding. Florø er som Hotel California: «You can check out anytime you like, but you can never leave». Eg kjem meg aldri herifrå. Eg sit fast. Det beste eg kan håpe på er at Lille Marked startar med kveldsope.

Eg fekk heldigvis i meg litt mat seinare i veka, så livsgleda og dei rasjonelle tankane kom tilbake. Sjølvsagt var ikkje raset noko teikn frå oven. Ikkje ein føkk you frå byen sjølv. Nei, raset var reinspikka sabotasje. Det er eg overtydd om. Eg er berre usikker på kven som står bak. Ordførar Bengt Solheim-Olsen var ute av byen, og raset hindra han i å kome heim. Tilfeldig? Neppe. Ingenting er tilfeldig i florapolitikken. Kan raset ha vore starten på eit kupp frå utbrytarane i Bystyret? Skulle dei ta over makta mens sjefen sjøl var ute av byen, men så var det eit eller anna uforutsett som stogga planane? Noko bra på TV? Sovna Jacob Nødseth på sofaen? Fann ikkje Hilmar Eliasson bilnøklane? Kan det vere at Nødseths utspel i Firdaposten i etterkant, der han står fram som den politikaren i Flora som er aller mest i mot ras, var eit skalkeskjul for å dekke over at det faktisk var han som utløyste raset? Eller var det Førde-politikarane som gjorde det? Dei verkar å være særs uvillige til å samarbeide med oss om ein kommunesamanslåing. Kanskje har dei tenkt at litt romstering i fjellsida på Sundefjellet ville blokkere både veg og storkommune i overskueleg framtid? Dei er sleipe desse førdianarane. Ikkje veldig smarte, men sleipe. Dei kan ta det heilt med ro. Vi vil ikkje være i lag med dei heller, men vi kan gjerne samarbeide på andre måter. Eg har eit forslag til ein byttehandel.

Eg foreslår at vi gir dei Nødseth, Eikefjord og dalstrøka innafor, i byte mot ein åpen og velfungerande kinarestaurant. Eventuelt ein døgnopen bensinstasjon. Men det hastar. Eg er sulten att.

Leave a Reply

%d bloggers like this: