web analytics

Fritidsproblem

sun photo
Photo by Supreme-B

Sonen min på snart åtte er djupt skuffa over at det enno ikkje er funne opp ein portal. Ei oppfinning som gjer oss i stand til å forflytte oss frå ein plass til ein annan på brøkdelen av eit sekund. Tenk så praktisk. Ein kunne hatt eit panel der ein skreiv inn kor ein skulle, og så trykte ein på ein knapp, og vips så var ein framme.

Dette burde ha vore på plass for lenge sia. Kor vanskeleg kan det vere? Kvifor jobbar ikkje all verdas forskarar med berre dette prosjektet? Berre vent til han blir stor, då skal i alle fall han lage ein slik portal. Det blir episk, seier han. Lukke til med det, seier eg, og veit sjølvsagt at han vil bli skuffa, slik eg er skuffa over at vi ikkje køyrer rundt i flygande bilar og har daglege rakettavgangar til månen. På syttitalet trudde vi dette ville være på plass innan år 2000.

Ein annan ting som ikkje har utvikla i tråd med optimistiske spådommar på syttitalet er dette med tida. Den gongen trudde vi at i framtida ville vi jobbe mindre. Meir av tida vår ville vere såkalla fritid. Robotar og datamaskiner ville gjere mesteparten av arbeidet for oss, alt vi skulle trenge å gjere var å stikke innom kontoret for å trykke på ein knapp, spise lunsj frå ei tube, og gå heim att for å spele Den forsvunne diamant, eller leike førdianar og kvit med naboane. Slik gjekk det ikkje.

I staden for robotar fekk vi snikkar frå Litauen, vaskehjelp frå Filippinane, og huslån frå ville helvete. Vi må jobbe meir og meir for å halde hjula i gong. Pensjon vil i framtida vere for akademikarar og kontorrotter med ei forventa levetid på over åtti år. Vi som har kasta bort livet på å jobbe nattevakt eller køyre taxi kan ikkje forvente å bli meir enn 75, vi må rekne med å jobbe til vi stuper. Det var ikkje det vi drøymde om. Kor er ryttaren, kor er hesten? Kor er hærskrudet, hjelmen, håret som flagra i blesten? Borte lik vind, lik regn på dei grå fjells ryggar.

Vi har jo ein del fritid, det er ikkje det, men vi har stelt oss slik at økonomar og anna pakk meiner vi må ha mindre av den. Utan at særleg mange protesterer. Kvifor? Vi er kanskje berre glad til? Eg trur utviklinga gjekk for langt. På eit tidspunkt fikk vi meir fritid enn vi hadde godt av. I staden for å bruke ho til å sitte på trappa og stirre ut i lufta, organiserte vi fritida til eit slikt nivå at det no er meir slitsamt å ha fri enn å vere på jobb.

Det er ille resten av året, men aller verst i desember. Vi halsar frå adventfrukost i barnehagen til julebord med jobben, via julegateopning, juletretenning, julegåveshopping, julefest på skulen, og ein haug med andre ting vi ikkje rekk. Fritidsproblema våre er at vi treng fritid frå fritida. Eg oppmodar økonomane til å rekne på kor mykje produktivitet som går bort til heseblesande fritid. Om vi berre kutta halvparten av desembermaset, ville det vere tilstrekkeleg til at vi slepp å jobbe til vi blir 75?

Lyset frå sola brukar åtte minuttar på å nå jorda. Sjølv om du står opp med sola for å få mest mogleg ut av dagen, er du allereie på etterskot. Du kjem aldri ajour. Er det rart vi slit? For alt vi veit kan sola ha brunne ut og slokna. Vi vil ikkje oppdage det før åtte minuttar etter at det skjer. Vi må få huset i orden før lyset går. Viss det går. Dei siste julegåvene må i hus. Og kalendergåva til skulen. Var det sola som slokna, eller er det berre desembermørkt? Kjøp med noko hermetikk, sånn for sikkerheits skuld.

Sonen min meiner at når han berre får snekra saman portalen sin, kan han bli første mennesket på Mars. Eg grublar på om ein slik portal også kan verke som ei tidsmaskin. Om ein brukar portalen til å reise ytst i galaksen og har med seg eit kraftig teleskop kan ein sjå dinosaurar på jorda. Eller starten på det forrige bystyremøtet. Lyset brukar lang tid på å nå fram til ytst i verdsrommet.

Men om ein då porterer seg tilbake, og porteringa skjer umiddelbart, så dreg ein jo tilbake i tid. Til dinosaurane. Eller kor ein vil, det gjeld berre å reikne ut farta på lyset slik at ein veit kor langt ut du skal dra. Med ein slik portal blir det mogleg å rette opp att alle feil i frå i går. Krig, katastrofer og klimaendringar. Og gløymde avtalar i desember. Alt kan fiksast. Kanskje sonen min og portalen hans er vårt einaste håp?

Vi er fortapt!

Leave a Reply

%d bloggers like this: