web analytics

Budsjettkrise

pengekutt

Det er berre ti dagar att til jul, og det er ikkje til å undrast over at vi slit litt med budsjettet nokon og ein kvar i disse dagar. For oss som har ei løn som ikkje akkurat får banken til å ringe i stykker telefonen med tilbod om spareprodukt, er det ei evig kamp om å få kronene til å strekke til i desember. Dei gode formåla står i kø. Julemat, julegodt, julebord, julegåver og så vidare. Ein kan ikkje vere med på alt. Det gjeld å prioritere. Då må ein sjå på kva som er lovpålagte tjenester, og kva som er kjekt, men kanskje ikkje heilt naudsynt. Det første kjem ein ikkje utanom. Det andre kan kuttast. Dilemmaet er om ein skal kutte heilt eit par saker, eller om ein skal freiste å gjere eit generelt kutt over heile linja. Eg likar ikkje å kutte noko som helst, eg vil helst slippe å prioritere, så i år sa eg til familien. Høyr her konemor. Sitt stille eit augeblikk ormeyngel. Slik blir det i år. Vi skal ha alt vi pleier å ha, men vi er nødt til å spare inn på noko. Eg legg difor frem eit forslag til budsjett her, der eg vil at vi skal bruke ein og ein halv prosent mindre på alle ting i desember. Dette gjer eg for at vi skal ha råd til å betale alle reikningane som kjem i januar.

Det ble sjølvsagt rabalder. Mi kjære skulda meg for å ha kuppa agendaen, berre av di eg nekta å vente ti minutter med møtet medan ho så ferdig Love Actually. Småkrypa gjekk rett i krigsmodus, satte i gong ei hektisk møteverksemd, og skulda meg for å ville rasere jula. Eg vart sjølvsagt sint for det, for det meinar eg er båe feil og unyansert. Eg satte meg ned og laga ei presserande melding. – Vi må sjå på kva som skal til for at vi skal være ein attraktiv familie å vere i med gode julefeiringar i fleire år framover, skreiv eg. Det er mange born og unge som ikkje klarer å tenkje lenger fram enn til neste laurdagsgodt, men som den som går med buksene her i huset, har eg og eit ansvar ovanfor familiemedlem som bur her, og at dei har gode tilbod, også i januar. Eg fortsatte med å kamuflere dei varsla kutta etter beste evne. I staden fekk eg det til å sjå ut som om eg faktisk ville bruke meir penger enn nokon sinne i jula. Eg øyremerka litt her, la på ein godbit der, men fastholdt at det måtte kuttast over heile fjøla. Eg passa sjølvsagt på å understreke at dei berre hadde å gjere som eg sa, sjølv om dei var ueinige, for det gjer alltid underverker for stemninga i heimen.

Ungane synest nå at eg er feig som berre ber dei om å spare inn penger, utan å seie noko om kor det skal kuttast. Det har dei sjølvsagt rett i. Eg skal difor kome med nokon forslag på kva som kan gjerast her og no. Julekalenderen kan kuttas med ein og ein halv gåve. 22 og ein halv gåve på kvar burde uansett vere meir enn nok. I staden for sju slag kaker til jul kan vi nøye oss med seks. Guttungen fyller åtte år seinare neste laurdag. I staden for å invitere alle dei ti gutane i klassen kan vi nøye oss med å invitere berre åtte og ein halv av dei. Jentungen skal eigentleg bli fire år i romjul, men må nøye seg med å bli 3,95, og heller ta feiringa på neste budsjett. Denne teksten kjem til å vere ein og ein halv prosent kortare enn vanleg, men eg kjem til å fakturere tre prosent meir for den. I staden for å spele GTA 5 må vi spele GTA 4, og i staden for sex må vi nøye oss med 5,91.

Eg lurar vel ingen. Når berre mi kjære blir ferdig med filmen sin kjem ho til å forkaste alle mine fine forslag. Skal det kuttast noko her får eg starte med meg sjølv kjem ho til å seie. Skjerp deg, di gjøk. Ho har vel eit poeng, sjølv om det sit langt inne. Ein ting har eg til felles med politikarane i bystyret vårt. Det er om lag 30 prosent for mykje av oss. Skal vi kreve at andre må spare må vi gå foran som gode eksempel. Eg kan spise litt mindre godteri, drikke litt mindre bearnaise, og spare nokon kroner på det. Politikarane kan redusere bystyret til dei lovpålagte 27, og spare ein million på det. Enno meir om dei kutter møtegodtgjersla ned til Førde-nivå. Vise at vi er i same båt, og at vi meinar alvor.

Men nei. Politikarane får snakke for seg sjølv, men eg. Eg kuttar ikkje noko som helst. Ingen sjangs! Spare penger får dei andre ta seg av. Eg er for viktig til slikt!

Leave a Reply

%d bloggers like this: