web analytics

Joyeux Nöel

kattikrig
Britisk soldat hilser på tysk spion under første verdenskrig, ca 1916.

I år er det 100 år sida den berømte julekvelden ved fronten der tyske, franske og engelske soldatar for nokre få timar lot krig vere krig, men i staden møttes i ingenmannsland for å synge julesangar, dele dei sparsomme rasjonane sine, drikke champagne, og spele fotball. Eit lite augeblikk i ein stor og vond krig som kan symbolisere ein heil masse fint. Tru no likevel ikkje at dette blir ein slik tåredryppande tekst om julas kjærleiksbodskap, og den spira til noko godt som ligg gøymd innerst i hjarta på alle menneske. Det er ikkje det. Det er 23 desember, og eg har brukt mesteparten av mine vakne timer denne månaden til å observere folk i varierande grader av panikk gjennomføre årets julehandel. Eg har ingen illusjonar att. Eg er lei av folk. Eg vil snakke om dyr i dag. Dyr i krig.

I 2005 lagde franskmennene ein film, basert på hendelsene ved fronten i 1914. Joyeux Nöel heiter den, og burde eigentleg vore vist på TV kvar jul. Vi treng å oppdatere julefilmrepertoaret vårt litt. I denne filmen møter vi den sleipe katten Felix. Eventuelt Nestor, avhengig av på hvilken side han til ein kvar tid opphaldt seg. Katten gjekk nemlig fram og tilbake mellom dei allierte og dei tyske skyttergravene, og fekk vel både kos og ein liten matbit begge steder. Denne katten er ikkje berre tatt med for å minne oss om at vi skal vere snille med dyra i jula. Felix/Nestor var ein virkeleg katt, og akkurat som i filmen vandra han fram og tilbake mellom linjene langs fronten. Heilt til ein tysk soldat festa ein lapp i eit halsbånd på katten, og skreiv “hvilket regiment kjem du frå”. Eller noko lignande. Meldinga blei snappa opp på den andre sida, og Felix/Nestor blei tiltalt for spionasje, og henretta som spion. Filmen har ein referanse til den stakkars kattens skjebne, men sjølve henrettelsen blei liggande igjen på klipperommet. Regissøren meinte at folk ikkje ville tru at dette verkeleg var sant, og valde å droppe den. Men sant var det. Dei må ha vore hakkande gale.

Hakkande galne kan ein nok seie at dei var, dei som godkjende prosjektet Acoustic Kitty i CIA  på sekstitalet også. Felix/Nestor var nok uskuldig i spiontiltalen, men kanskje gjekk det an å bruke katter til spioner? CIA skal ha brukt 25 millioner dollar på prosjektet, som innebar å operere inn ein mikrofon og ein radiosendar i øyret på ein katt. Dei gjorde halen om til antenne. Dei tenkte dei kunne bruke katter til å lytte på russerne. Først gong dei skulle teste ut Akustiske Kitty i praksis var planen at katten skulle avlytte to menn på ein benk i ein park. Katten hadde andre planer, den såg sitt snitt til å stikke av frå CIA-agentane. Den løp avgårde, rett ut i gata, der ho vart køyrd på av ei taxi og døde momentant. Ein tidlegare CIA-sjef hevda i eit TV-program at dette aldri skjedde, men at dei tvert i mot skrinla prosjektet av di det var umogleg å trene opp kattene til å gjere slik CIA ville. Avlyttingsutstyret skal ha blitt operert ut igjen og katten skal ha levd eit langt og lykkeleg liv etterpå. Men eg trur nå kva eg vil om den saka.

Russerne hadde også sine dyreforsøk. Under andre verdskrig trente dei opp hunder til å bli selvmorsbombere. Dei fekk sprengstoff på kroppen, og var trent opp til å løpe under stridsvogner. Ein mekanisme på toppen skulle få sprengstoffet til å detonere så fort hunden kom under fiendens stridsvogn. Det var berre det at dei hadde brukt sine eigne stridsvogner til å trene opp hundene, og dei så litt annleis ut enn dei tyske. Enda viktigare var det kanskje at tyskarane brukte bensin, medan russarane fylte sine stridsvogner med diesel. Resultatet var at når tyskarane kom, og russerane slapp laus hundane, satte dei sjølvsagt full fart mot dei stridsvognane som såg ut, og lukta, som dei de var kjent med.

Slik kunne vi ha fortsatt, men vi må ha ein viss struktur her. Lat oss difor vende tilbake til skyttergravane under den fyrste verdskrigen. Det var harde tider for menneskene,  men rottene hadde det bra. Skyttergravane var utan noko effektivt system for avfallshåndtering, og det var lik overalt. Rottene formerte seg i som…ja, som rotter, og vakste seg store som katter. Dei var ei plage, og kattene var ikkje effektive nok til å stoppe dei. Løsninga var hundar. Terriere. På den tida ein katt trengde til å fange ein rotte, leike med den, og til slutt spise den, hadde ein terrier fort drept 20-30 stykker. Rapporter frå internett som eg ikkje ser nokon grunn til å faktsjekke hevdar at rekorden for ein terrier var 2500 rotter på drøyt sju timer. Imponerande.

Moralen i historia? Vær snill mot dyra, dei kan vere gode å ha. Og gode å spise. God jul!

Leave a Reply

%d bloggers like this: