web analytics

Trille ball eller gje gass?

soccer photo
Photo by USAG-Humphreys

Sikt mot stjernene, så kan det hende du stanger hovudet i taket. Siktar du mot taket, blir du verande på golvet. Det var Bill Shankly som sa det der. Legenda som tok Liverpool frå eit anonymt tilvære i engelsk andre divisjon, til toppen av europeisk fotball.

Utan annan samanlikning, Florø Fotball under Terje Rognsø si kyndige hand, har tatt store steg dei siste åra. Dei har lagt flis på flis. Fått på plass eit solid golv. Årets sesong har vore strålande, men det har kosta.

– Du får ei kjensle av at alle meiner dette er fantastisk, så lenge vi styrer på som glade amatørar. No er vi komne til det punktet der vi ikkje kan strekke oss lenger som amatørar, seier Rognsø til avisa, og har sikkert rett i det. Spørsmålet er om ein no skal seie seg nøgd med å vere nettopp glade amatørar, eller om ein skal bygge vidare. Trille ball, eller gje gass, som herverande avis skreiv i førre veke. Sikte mot stjernene, eller bli ståande på golvet og stirre opp mot takplatene.
Fotball er eit enkelt spel, gjort komplisert av folk som burde vite betre. Bill Shankly sa det også. Det er eit morosamt spel, gøy og spele, av og til morosamt å sjå på, men ein kan vanskeleg seie at dette er spesielt verdifullt for samfunnet. Livskvaliteten har ikkje gått nedover i Noreg etter at landslaget slutta å kvalifisere seg til sluttspel.

At Sogndal rykka ned ein divisjon i år vil ha liten effekt på verken til- eller fråflyttinga til fylket. Likevel sa altså pave Johannes I noko om at av alle verdas uviktige ting var fotball det viktigaste. Bill Shankly tok i litt ekstra. – Nokon trur at fotball dreier seg om liv og død, sa han. – Eg er skuffa over den haldninga. Eg kan forsikre dykk om at fotball er mykje viktigare enn som så.
Sjølvsagt har fotball ein verdi utover det enkle faktum at det er morosamt å slå tunnel på ein stakkars høgreback. Problemet er berre at det er verdiar som det er svært vanskeleg å talfeste. Det hender at folk spør meg kor eg kjem ifrå. Eg svarar at eg kjem frå Skien, og då er det ganske vanleg at dei konkluderer med at eg må heie på Odd. Og det gjer eg jo. Det er tydeleg at Odd bidreg til å sette Skien på kartet, men kva for ein verdi det eigentleg ligg i det er det nærast umogleg å seie noko om.
Ikkje misforstå meg. Florø Fotball har eit potensial for vidare utvikling.
Eg meiner dei bør satse. Men skal dei få det til nyttar det ikkje å peike litt surt på bystyret og bedriftene, komme med luftige ord om verdi og omdømme, og seie at dei må kjenne si besøkstid. Florø Fotball må sjølve gjere seg attraktive. Kommunen har ikkje pengar uansett, og bedriftene må få tilbod om noko meir for å bli med på laget. Fotballen i seg sjølv er ikkje viktig nok. I ei masteroppgåve om fotballklubben si forankring i lokalmiljøet, med utgangspunkt i sørlandets stoltheit Start, fortel marknadssjefen i Color Line kva som er viktig for dei. Dei vil gjerne hjelpe fotballklubben å nå sine mål, men dei må også få noko konkret att. Jau då, dei meiner det er viktig for landsdelen å ha eit lag i toppen, men for Color Line er det vel så viktig at dei får knyte kontakt med alle dei andre bedriftene som er med og støttar Start. Band blir knytte, og oppdrag delte ut på tribunen og på sponsortreff. Nettverksbygging. Det er det som er løyndommen.
Bærum Sportsklubb var i år eitt minutt frå å få spele kvalifisering til Tippeligaen i staden for Mjøndalen. Dei hadde nok slått Brann dei òg. A-laget til Bærum hadde eit budsjett på 4,7 millionar kroner. Det er meir enn A-laget til Florø, men ikkje avskrekkande mykje meir. Det viser at det er mogleg å få til mykje med lite. Men målsettinga til trenar Morten Tandberg var ikkje opprykk. Hans mål var å utvikle gode nok spelarar til at minst ein av dei forsvann til ein større klubb i kvart overgangsvindauge. Eg har sans for det.

Eg trur ikkje det har stort å seie for Florøs omdømme om dei spelar i første eller andre divisjon. Men om dei klarte å utvikle ein spelar som markerte seg i Tippeligaen, og kanskje på landslaget? Tenk om dei klarte å utvikle ein i året? Det hadde verkeleg sett byen på kartet. Og som Tandberg sa etter sesongen: – Eg hugsar like godt då vi med gutelaget slo ut eit lag frå Romania i åttandedelsfinalen i Dana Cup som Tippeliga-playoff med A-laget mot Mjøndalen.

Florø Fotball står ved eit vegskilje. Det blir spanande å følge dei vidare. Uansett kva for ein veg dei tek. Og hugs. Når måsane følgjer etter fiskebåtane er det fordi dei trur at dei kjem til å kaste sardinar ut i havet.

Leave a Reply

%d bloggers like this: