web analytics

På botnen

midlife crisis photo
Photo by tuppus

Allereie før liket av 2014 var kaldt og stedt til hvile, var folk godt i gang med å ønskje 2015 velkommen. På vår alles møteplass, Facebook, hagla det med korte oppsummeringar av året som gjekk. Nokre hadde hatt eit strålande år i 2014, og såg fram mot meir av det same i det nye året. Andre syntes at det hadde vore eit sabla slit, kunne ikkje bli fort nok ferdige, og håpa verkeleg at 2015 hadde noko meir glede å by på. Alle ønskte det nye året velkommen. Eg òg. Jakta på dei små glimta av lukke held fram i dei neste 12 månadene, og alle ønskte kvarandre lukke til med det. Slik ritualet jo er. Sjølv reknar eg med eit nytt år der vi må springe enno litt fortare for å henge med i svingane. Nye mål å strekkje oss mot. 365 nye dagar som kjem til å rive og slite i oss slik at vi føler oss som overstrekte gule seigmenn. Nok eit år der ein slit med å halde tritt, og endå meir med å skjøne kvifor ein i heile teke gidd å prøve. Om nokon har sett lukka springe forbi, gje meg eit pip. Har du fritid å selje, så kontakt meg. Eg er verken entusiastisk, eller særleg optimistisk.
Det er sjølvsagt den velkjende og patetiske midtlivskrisa som snakkar. De veit, den tida i ein manns liv der han tek ei vareteljing og finn ut at dette ikkje er noko ein kan presentere for revisor. Den tida i ein manns liv der han kjøper seg motorsykkel eller sportsbil. Eller, om han ikkje har råd til det, byrjar å brygge sitt eige øl i kjellaren. Eller gjer stabling av skite dekketøy i oppvaskmaskina til ein vitskap. Nokre klarar å snu denne midtlivskrisa til noko positivt. Til dømes gjennom å skildre sin harde kamp mot tilværet i eit bokverk på seks bind, og tene store pengar på det. Dei fleste av oss må dog berre slite oss gjennom på eiga hand, og tole det som kjem av latterleggjering og mild stigmatisering. Det skulle berre mangle. Sjølv som patetisk, overvektig norsk 47-åring utan hår har ein det betre enn omlag 97 prosent av jordas menneske. Ein bør jo halde kjeft, og ikkje sutre som ein gneldrete lhasa apso som ikkje har fått stelt pelsen sin på ei veke. Klarar ein ikkje det, må eintåle å bli latterleggjort. Slik er det berre.

Det ein kan spørje seg om, er korleis midtlivskrisa har blitt mannen sin eigedom, for seinare års forskning viser at dette er noko som eigentleg treff oss alle på eit eller anna tidspunkt. Same om du kjem frå vesten, eller frå andre kanter av verda. Statistisk sett er det slik for oss menneske at lukkekjensla følgjer ein u-forma kurve gjennom livet. Vi gyver laus på vaksenlivet med pågangsmot, energi, og kjenner oss stort sett ganske bra. Men så går det nedoverbakke, og vi møter botnpunktet ein eller annan gong i førtiåra. Nordmenn treffer botn før danskar, svenskar og amerikanerar; i snitt rundt 44 år. Ein kjenner seg motlaus og tom. Ein slit med å finne meining i livet. Etter kvart går går det oppover att, etter at ein har runda femti går pila rakt til himmels. Resultatet er at nokre kanskje er aller lukkelegast i livet etter at dei har fylt åtti, og det er kanskje litt fint å tenke på? Men altså, kvifor er det berre mannen si midtlivskrise som rett nok vert latterliggjort, men i det minste skriven om? Kva gjer kvinnene når dei nærmar seg botnpunktet i livet? Kva held dei på med når mannen er i kjellaren og freistar å balansere sin heimebrygga pale ale heilt perfekt? Knaskar dei valium, les Fifty Shades of Grey, og melder seg på zumba? Eg har ikkje peiling, for i motsetnad til mannen går altså ikkje kvinna rundt og syt, klagar eller skriv for lange tekstar i avisa om kor miserabelt livet er. Om eg likevel skal gjette, er mitt stalltips at kvinna er for smart til å la midtlivskrisa påverke seg i like stor grad som mannen. Dessuten har ho ikkje tid til å tenke så mykje over det, all den tid det som regel er ho som må opp etter mannens mange mislykka prosjekt.
2015 er over oss. Eg skal ta alt det nye året kan kaste mot meg, tygge det i meg, og spytte det ut att. Kanskje dette er året u-kurven snur og pila peikar oppover att? Elles seier eg som Marilyn Monroe gjorde i sine nyttårsforsett i 1955. «Eg skal prøve å kose meg når eg kan, eg kjem til å ha det miserabelt nok uansett.» Då var ho 29 år, og hadde etter alt å døme heilt rett.

Leave a Reply

%d bloggers like this: