web analytics

Hopp!

school photo

For ei veke sidan tikka det inn ein e-post i innboksen min:
– Hei, omtrent på desse tider i fjor hadde vi eit særdeles vellukka tema om utdanning, der du òg skreiv utdanningsrelatert, sidan temaet gjekk i ei laurdagsavis. Kan du klare noko slikt også i år?

Det er redaktøren som spør, og når redaktøren spør om eg kan hoppe, då spør eg: Kor høgt vil du eg skal hoppe, sjef? Eg er blakk. Eg har ikkje råd til å seie nei. Eg gjer slik eg får beskjed om. Så her sit eg då. Med eit blankt, nytt ark på skjermen som skal fyllast med pluss minus 4500 teikn om utdanning. Inkludert mellomrom. Som om eg veit noko som helst om utdanning. Eg som droppa ut av gymnaset etter fjorten dagar.

Seinare har eg klart å dra på meg seksti studiepoeng og ei påtaleunnlating. Det gjer at eg med ein viss rett kan kalle meg for ein halvstudert røvar. Det høyres ganske kult ut når eg seier det høgt åleine på badet, men tek seg ikkje spesielt godt ut på ein CV. Ikkje gjer det meg spesielt god innsikt i utdanning i Norge anno 2015, heller. Men slikt har jo ikkje stoppa meg før.

Kva skal vi med utdanning? Er det bortkasta tid? Ein dåre kan spørje. Den lærde er ikkje vis. Den vise er ikkje lærd. Det las eg i ei bok om Ole Brumm og austens filosofi, og vart så imponert at eg sporenstreks skreiv orda ned med blå kuglepenn på eit pennal av lyst brunt skinn. Slik levde vi på nittitalet. Hadde det vore i dag hadde eg i staden skreve orda med løkkeskrift, over eit bilde av ei solnedgang. Posta heile skiten på Facebook, og gløymt alt saman fem minutt seinare. Slik har det jo blitt. Vi hugsar ikkje nokon ting lenger. Alt ligg på internett. Berre eit sveip på ei mobilskjerm unna. Vi treng ikkje bry oss med å pugge noko som helst. Vi treng ikkje kunne noko. Telefonnummer? Eg hugsar berre mitt eige. Kvar veke snakkar eg med folk som ikkje ein gong hugsar so pass. Og kvifor skal dei no det. Dei ringer jo ikkje til seg sjølv så ofte.

Alt ligg lagra. På telefonen og oppe i skya. Telefonnummeret til kjærasten. Nakenbiletet av meg sjølv på det hotellet i Bergen. Kongerekkefølgja, fleire byar i Belgia, korleis du løyser ein likning med to ukjende, oppskrift på slipsknuter og korleis du traktar ein perfekt kopp med kaffi. Hjernen vår er i endring. Den har fått frigjort ein heil masse kapasitet som den ikkje heilt veit kva den skal gjere med. Tid som den til dømes kastar bort på å lese og laste kvasifilosofisk vrøvl opp på internett.

Med all verdas kunnskap i bukselomma er det lett å tru at utdanning er noko som høyrer fortida til. Kva skal ein med det? Når ein har levd nokre år ser ein jo tydeleg at dei som lukkast i livet er dei folka som er velsigna med ein sjølvtillit som ikkje på nokon måte står i stil med kva dei eigentleg kan. Vi som trur vi er smarte, men eigentleg ikkje har lukkast så bra i livet, har sjølvsagt eit eige namn på det fenomenet. Dunning-Kruger-effekten, oppkalla etter forskarane David Dunning og Justin Kruger, som var dei første til å påvise korleis mange av oss lir av eit kognitivt bias. Ein systematisk feil i vår oppfatning og vurdering.

Det er slik at jo mindre vi eigentleg veit om noko, jo meir skråsikker er vi på at vi veit alt. Jo dummare vi er, jo smartare trur vi at vi er, og for meg høyrest det ganske forlokkande ut. Vase gjennom livet, full av tru på alt ein kan. Skal tru om ikkje det er betre enn å kjempe på i forvissing om at ein ikkje kan, eller får til, noko som helst? Alltid full av tvil?

Sjølv kan eg tvile på alt. Til og med på Dunning-Kruger-effekten? Er den reell, eller er det berre ein nerdenes hemn? Noko dei har funne på for å kunne sjå ned på idiotane? Er det dette dei sit att med etter år med utdanning? Forskning som viser at dei dumme folka faktisk er så dumme at dei ikkje veit det sjølv? Det er ikkje veldig imponerande.

Likevel vil eg råde dagens unge til å utdanne seg både i hytt og i pine. Det er fullt mogleg å ha ei høg utdanning, og likevel være dum som eit Førdebrød. Eg kjenner til fleire tilfelle. Du kan altså godt utdanne deg så langt du orkar. Nyte godt av alle fordelane ei solid utdanning gjer. Betre helse, meir sjølvstyr i arbeidslivet, meir penger og masse anna, samstundes som du nyt godt av Dunning-Kruger-effekten. Pose og sekk. Du kan få kaka, og ete den også. Vinn-vinn. Aller mest vil eg råde dei unge til å gjere leksene sine og stå på framover. Kanskje slepp dei å vere den som må hoppe? Kanskje blir dei den som seier hopp i staden? Det kan eg love er verdt eit par år på skulebenken.

Hugs også: Utan utdanning står du i fare for å ta alle dei utdanna menneska altfor alvorleg. Det er det ikkje nokon grunn til.
Hopp opp og gjer ekstraleksa no.

Leave a Reply

%d bloggers like this: