web analytics

Guten som ikkje ville rope ulv

werewolf photo
Photo by mooglet

Det var ein gong ein gut som fekk eit viktig oppdrag. Dra til Oslo, sa dei, der skal du vere vår mann på Stortinget. Kvar dag skal du gje deg ned på Løvebakken, saman med dei andre sauene. Gjere det dei seier du skal gjere. Mesteparten av tida kan du gjere som du vil der nede, men hugs! Du er vår mann. Sogn og Fjordanes gjetergut. Om du ser ulv, eller andre rovdyrkapitalistar på veg vestover for å rasere, sentralisere, byggje ned, eller snikfilialisere oss, då må du rope ut. Høgt. Det er alt vi ber om. Det og kanskje nokre kroner til ein Kystveg. Skjønar du? Og guten forsto. Han dro til Oslo. Kvar morgen dro han saman med dei andre sauane ut i hovudstadens gater, og inn på Stortinget. Kvar kveld gjekk han saman med dei same sauane ut i byen, og heim til sitt lille krypinn. Det var ikkje fritt for at han lengta heim av og til, men han holdt hovudet høgt. Kvar dag jobba han for Sogn og Fjordane.

Somme dager kunne det være fint der nede i hovudstaden, og tida gjekk fort. Andre dager kjeda han seg, og tida falt lang, av di han ikkje hadde anna å gjere enn å sjå på sauene som gjekk der og susa frå morgon til kveld. Det var nok av tid til å tenke, og ofte mens han satt der og stirra ut av vindauget kom han til å tenke på ei historie mora pleide å fortelle ham når han var mindre. Det var ein av Æsops fabler, om ein gjetargut som kjeda seg så mykje når han passa på sauene til landsbyen, at han ga seg til å rope “Ulv Ulv”, sjølv om det ikkje var noko ulv å sjå. Berre for å sjå landsbyfolka komme stormande med greip og børse, heilt ville i blikket. Dette gjorde han så mange gonger at til slutt var det ingen som gadd å høyre på ham lenger. Til slutt kom ulven, og før guten hadde fått henta hjelp hadde ulven spist opp alle sauene. Guten syntes det var mykje visdom i den fortellinga, og ein dag fortalde han den høgt i kantina på Stortinget. Dermed gjorde dei ham til rovdyrpolitisk talsmann.

Heime i Sogn og Fjordane var dei nøgd med at guten hadde skapa seg bra. Dei tok ham til side, og sa at han skulle få lov til å sitte i ein periode til, om han berre hugsa på hva dei sa til ham sist. Gjer kva du vil der nede i syndas pøl, men om du ser noko som trugar Sogn og Fjordane, då må du skrike ut. Jau, ikkje noko problem. Guten skulle no seie i frå om han såg noko skummelt sa han, og dermed bar det i veg til hovudstaden igjen. Men noko hadde festa seg i tankene til guten. Han tenkte på historia om ulven og gjeterguten igjen. Var det eigentleg nokon grunn til å vere så redd for den ulven? Som rovdyrpolitisk talsmann hadde han lært at Norge var forplikta av internasjonale avtaler, og at det dermed skulle kunne finnes ulv i Noreg. Det var ikkje det at han ønska seg ulv til Sogn og Fjordane, men var det eigentleg so farleg? Var det noko å skrike for? Gjaldt det ikkje heller å sjå moglegheitane? Ingen likte vel ein gut som ropte “Ulv Ulv” heile tida?

Guten dro tilbake til hovudstaden, men det var ikkje like god stemning denne gongen. Landet hadde fått nye sjefar. Folk var urolege. Nokon meinte dei hadde sett ein ulv i Naustdal, og på Stortinget var det ein del snakk i krokane. Dette her fylket, Sogn og Fjordane. Fantes det verkeleg? Budde det folk der? Kvifor blei det overført penger dit? Her måtte det være noko som kunne kuttast? Noko som kunne sentraliserast? Noko som kunne fileteres og filialiseres? Guten høyrde alt snakket, men han sa ikkje noko. Han ville ikkje vere den som skremte folk unødig. Det var berre preik. Ikkje noko å bry seg om. Det gjaldt å sjå moglegheitane. Gripe dei sjansane man fekk. Selge huset mens det fortsatt var nokon som var villege til å kjøpe. Kome seg til byen. Ikkje svartmale situasjonen. Ikkje rope på ulven. Det var sikkert berre ein jerv. Eller ein litt stor hund. Kanskje var det berre Bengt Solheim-Olsen som skulle sove i friluft?.

Men så, seint ein vinterkveld, nettopp som guten skulle til å reise heim på vinterferie kom ulven verkeleg. Han merka det fyrst på sauene i kommunal og forvaltningskomiteen, som med eit blei urolege og ga seg til å breke. Like etter kunne han skimte ein lang grå skygge som satte kursen mot trivselsfylket gjennom halvmørket. Nå var guten ordentleg redd, for ulven så stor og farleg ut, og han hadde berre ein attachekoffert å slåss med. Han ropte så høgt han kunne. “Ulven kjem! Ulven kjem”. Det er ein ulv her som vil øydelegge fylket vårt! Men det var ingen som kom for å hjelpe. Det var for seint. Han skulle ropt før. Alle i arbeidsfør alder hadde reist frå Sogn og Fjordane for lenge sida. Alt som var att var gamleheim og asylmottak.

Og når ulven var ferdig var det også borte.

Leave a Reply

%d bloggers like this: