web analytics

Seminarblues

11019214415_02feae61b4_o

Denne veka har eg brukt store delar av tida mi på eit usjarmerande industriområde i nærleiken av Stavanger. Eg har vore på kurs. Det er kjekt med eit lite avbrekk i kvardagen. Komme seg litt ut i verda. Få ei anna utsikt, og kanskje lære noko nytt. Om ein er heldig. Det er eg ikkje alltid. Det er slik som artisten Tønes syng: Når du reise på seminara, fær du gratis mad og drikke, så lere du någe nytt så du får meir eller mindre nytte av. Ofte mindre, er mi erfaring, men lunsjen var god, og det faglege innhaldet i mitt kurs var i alle fall på eit slikt nivå at det var verdt å ta turen denne gongen.

Kurset har vore planlagt ei stund, og då eg skulle fikse meg hotell sjekka eg prisane på hotellet der kurset skulle vere. Men eg syntest prisene var litt stive, eg tok difor ein kjapp sjekk på om det fanst alternativ i nærleiken. Det gjorde det. Berre tjue minutts spasertur unna låg det eit anna hotell, der eg kunne få rom til halve prisen. Det er sikkert friskt med litt kjapp gonge før ein skal sitte sju timar og bli proppa full av kunnskap, tenkte eg. Eg booka det billege rommet, og syntest eg var veldig smart. Kva så at det var utan frukost? Eg et ikkje noko før til lunsj uansett. Og hotellet var helt ålreit. Hyggelege folk. Reint og pent. Rommet var nesten like stort som dei minste lugarane på danskebåten, eg måtte gå på do med døra open, og då eg endeleg kom meg inn i dusjkabinettet og fekk lukka døra, var det så vidt eg kom meg ut att. Men det var nok eg som var feit, og ikkje badet som var lite. Det var ikkje før eg traska i veg til det dyre hotellet klokka åtte om morgonen dagen etter, at det gjekk opp for meg: Det var jo ikkje mine pengar eg sparte, men butikken sine. Eller rettare sagt sjefen min sine pengar. Og kjenner eg han rett, har han allereie spelt dei bort i poker. Det var kaldt. Vinden freista å blåse øyra av meg. Eg hadde PC-en min i ein renseripose for å halde den tørr for regnet. Kven skulle tru at det kunne regne i Stavanger i slutten av februar? Neste gong blir det suite.

Nokre dagar åleine på seminar i ein framand by minner meg på det sørgelege faktum at eg er heilt ubrukeleg til å vere åleine. No som eg endeleg har eit par kveldar fri for ungemas og arbeid skal eg få lest ferdig boka mi og komme à jour med TV-seriane eg følger med på. Kanskje ete noko god mat. Men eg klarar ikkje å disponere tida. Eg vasar rundt på kjøpesenteret ved sida av hotellet på jakt etter noko å kjøpe til småkrypa heime, men brukar så lang tid at senteret stenger, og all maten eg får tak i er McDonalds. Eg ligg på senga og stirer ut i lufta. Eg dusjar, og tek bilde av kroppen min i spegelen som eg sender til meg sjølv på snapchat. Plutseleg kjem eg på at eg fekk lekse på kurset eg må sjå på, og når eg endeleg får sett på The Jinx på HBO er eg så trøtt at eg sovnar frå heile greia.

Siste dagen pakkar eg kofferten, sjekkar ut og gjer meg ut på den friske spaserturen. Eg tek ei anna rute denne gongen, sidan det var vegarbeid og stengde fortau på det som telefonen meinte var den kjappaste vegen. Etter å ha gått ei stund ser eg plutseleg hotellet på andre sida av eit jorde, eit par hundre meter unna. Men GPS-en meiner eg må følgje vegen i ein stor boge. Det er over ein halv kilometer. Ikkje fankern. Eg går over jordet. Det er til og med ein liten sti eg kan gå på. Hah, tenkjer eg. Seinveg blir beinveg på det her viset. Men sjølvsagt: Stien endar i ein vassdam så diger at det er umogleg å komme seg over eller rundt han, utan å tråkle seg veg gjennom gjørme, busker og kratt det siste stykket. Alternativet er å gå tilbake. Det er ikkje noko alternativ. Ein må berre kjempe på. Det slår meg når eg står inne i buskaset og freistar å slite kofferten laus frå ein gjenstridig kvist. Sånt som dette skjer aldri når eg er ute og reiser med sambuaren min. Utan henne er eg utan kompass. På villspor. Ein mann som set seg fast i krattskog på eit industriområde. Ein mann med PC-en i ein renseripose. Eg er lektor Rukla i Genanse og Verdigheit. Ein framand i tilværet. Hovudrystande tilskodar til mitt eige liv. Sanninga er at eg aldri burde få forlate byen åleine. Som Tønes syng: «Det ska bli godt å koma heim te ungar og kåna.»

Leave a Reply

%d bloggers like this: