web analytics

Shitty Shitty

3260243079_e1c94b28a8_o
Foto: Andreas Danz CC BY 2.0

Min første bil var ein Opel Rekord. 1973 modell. Eg kjøpte den for 5000 kroner i 1986. Det var ein gamal bil. Det er litt rart å enke på at eg i dag køyrer rundt i ein Toyota frå 1999. Den er altså seksten år gamal, og eldre enn Rekorden var når eg kjøpte den. Det føles ikkje slik. Bilane vart fortare gamle den gongen. Når eg sto på Shell i Skien med det gamle Opelvraket, og drøymde om ein strøken 1957 modell Chevy Bel Air, var det ein eldgamal bil frå ein annan tid. Men den var fortsatt ikkje så gamal at den var blitt veteranbil. I dag kan veteranbilane være frå 1984, og dei treng ikkje sjå spesielt gamle ut. Men altså. Eg kjøpte den Opel Rekorden. Det var ikkje eit spesielt godt kjøp, men vi hadde mykje moro med den i nokre månader. Børning på den gamle trebrua over kanalen. Cheeseburgere i bilen etter kveldsskiftet på papirfabrikken. John Fogertys Eye of the Zombie på den råtne kassettspelaren. Tom Stankel i baksetet, saman med ho heite med det raude håret. Han kom aldri nokon veg med ho, men skal ha for innsatsen. Ikkje noko å vere flau for, det var ingen av oss som fekk snøret i botn i 1986.

Men Rekorden varte ikkje så lenge. Eg trur det var i januar eg sa ja til å køyre nokon av kompisane til Gardermoen. Dei skulle til Syden. Turen inn gjekk fint den, men når eg skulle heimover igjen vart det trøbbel. Varmeapparatet slutta å fungere. Og så rauk vinduspussarane. På E18 var det kø som så vidt snegla seg avgårde, og det starta å snø. Eg hang ut av vindauget med ein kost kvar gang køen gjorde eit rykk framover. Ein plass mellom Oslo og Drammen vart eg påkøyrd bakfra. På eit eller anna vis kom eg meg heim att, og parkerte ei lita stund utafor gatekjøkkenet. Når eg skulle starte opp att ville ikkje bilen starte. Eg lot den stå, og gjekk hjem og la meg. Dagen etter starta den, men etter å ha køyrd ein kilometer eller noko slikt stoppa den igjen, og ville ikkje starte. Sånn holdt den på ein stund. Eg fekk på eit eller anna vis rulla bilen heim, men livet sto ikkje til å redde. Eg kunne ikkje mekke bil, og papirfabrikken var lagt ned. Eg hadde ikkje råd til å fikse den. Rekorden var dau. Den hadde sett si siste raudhåring. Sonen til gartneren fekk overta den som delebil i bytte mot vrakpanten. Fogerty sto fortsatt i kassetspelaren. Kvil i fred.

Eg kom til å tenke på den gamle Opelen tidlegare denne veka. Eg skulle køyre jentungen i barnehagen, satte nøkkelen i tenninga, vrei rundt, og så ville ikkje Toyotaen starte. Ian Fleming er mest kjend for å ha skapt James Bond, men hans aller siste bok var barneboka Chitty Chitty Bang Bang. Tittelen på boka er også namnet på bokas helt, ein stor og kraftig bil som både kan fly, køyre på vatnet, og redde barn frå skumle skurkar. Namnet fekk bilen etter lyden den laga når ein starta den opp. Chitty Chitty er lyden som kjem når ein vrir rundt nøkkelen, og så starta den alltid med to store smell. Når eg vrei rundt nøkkelen på Toyotaen sa den chitty chitty chitty som bare det, men den nekta å seie bang bang. Eg hadde ikkje noko anna val enn å betale 150 kroner i parkering til Fredrik W. Gulbransen, la bilen stå, ta jentungen på skuldrene og gå i barnehagen. Heretter heiter Toyotaen bare Shitty Shitty. Sida det eine hjulet låste seg på julaften, og gjorde bilen umogleg å køyre, har den vore like mykje på Flora Bil og Havneservice som heime. Er det ikkje det eine, så er det det andre. Eller det tredje. Er det ikkje det tredje kan du banne på at radiatoren er lekk. Eg veit ikkje kva som renn fortast ut. Vatnet på radiatoren, eller pengene på kontoen.

Min generasjon vart fostra opp med Springsteen på øyret og Smokey and the Bandit på video. Bilen vart eit symbol på håp, fridom, og alt som er fint i verda. Eg kjøpte det bodskapet, men eit langt liv har lært meg at det er feil. Det er ikkje mykje romantikk i moderne bilhald. Alt som kan gå galt, går galt. Punkterte dekk i iskaldt regn. Eksosanlegg som faller av i fartsdumpane i Svanheimvegen. Oljelampa som lyser raudt midt i Naustdalstunnelen. Batteriet som plutseleg ikkje vil meir i 20 minus i indre Telemark. Rådebank, kortslutning i det elektriske anlegget, diesel i staden for bensin på tanken. Pinjongfjæra som faller ned i sutterhjulet. Springsteen sang aldri om dette. Trans Am’en til Burt Reynolds starta alltid.

Etter eit par dagar på verkstad er Toyotaen friskmeldt igjen. Når dette kjem i avisa er den på full fart på påsketur. Uten Fogerty på stereoen. Men med NAF-medlemsskapet i orden. Kor galt kan det gå?

Leave a Reply

%d bloggers like this: