web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Høie og einsemda

Foto: David Hodgson CC By 2.0

Einsemda er Noregs usynlege folkehelseproblem, sa helseminister Bent Høie til VG før påske. Etter det har det vore umogleg å opne ei avis utan at nokon står fram og fortel kor åleine dei er i verda. Høies utspel kom i samband med at regjeringa la fram si nye rapport om folkehelsa, og timinga med påska gav full effekt for vår hardtarbeidande helseminister. Som vi veit er norske medium ekstremt opptekne av å fortelje oss at nokon sit heime og sniffar lim, medan dei fleste av oss nyt livet på fjellet i påskesola. Dei kasta seg over temaet. Dei vart rett og slett Høie på einsemd. Påska er tung for dei som ikkje har nokon. Ring ein venn i dag, så har du godt samvit til påskelammet i kveld. Mediestrategien gav full klaff, og i påskeveka og tida etterpå skal det godt gjerast å hevde at einsemda har vore eit usynleg problem. Men ta det heilt med ro. Tippeligaen sparka i gang igjen på andre påskedag, snart har vi gløymd dei einsame stakkarane igjen. Med eit mogleg unntak for Odd, som eg vonar blir åleine på toppen av tabellen. Det vanlege maset om kor mange barn som lir i sommar fordi foreldra deira drikk for mykje i ferien skal vi nok klare å oversjå når berre sola kjem og sender sine varme stråler ned i whiskyglaset vårt, der vi sit i hagen og døser.

Gladguten Thomas Hobbes, han med Leviathan veit dykk, meinte at vår arts naturtilstand var å leve våre korte og dyriske liv i einsemd og fattigdom. Han var nok prega av å ha levd i ein tid med borgarkrig og mykje religiøs strid, men om ein ser på tala VG gjer oss kan det verke som om den gamle galne engelskmannen var inne på noko. Fire av ti i aldersgruppa 16–24 år har vore plaga av einsemd dei siste to vekene. Blant dei over 80 år seier over tre av ti at dei er einsame. Røde Kors viste i 2013 til at 60 prosent av barn og ungdom i Norge har opplevd å vere einsame. Dei einaste som ikkje er veldig plaga av denne nye usynlege folkesjukdommen er folk som meg. Folk med små barn og for mykje jobb. Men det er nok berre fordi vi er for slitne til å kjenne etter. Tala er så høge at ein nesten må gni seg i augo.

Eg har skumma gjennom folkehelsemeldinga, og den er slik ein kunne vente. Full av fine ord og gode intensjonar. Litt mindre sterk på konkrete tiltak, og når alt kjem til alt er det kommunane si oppgåve å ordne opp. Eg likar at den seier at psykisk helse no skal likestillast i folkehelsearbeidet. Ei anerkjenning av at folkehelse ikkje berre er røykeslutt, bmi og fysisk fostring, men kanskje like mykje sosiale fellesskap og møteplassar.

Eg er litt skuffa over at ein ikkje tek konsekvensane av det, og seier meir om kor viktig kultur kan vere for å skape akkurat dette. Men det er jo berre eit halvt års tid sida regjeringa ville kutte midlane til den kulturelle spaserstokken, så ein bør kanskje ikkje vere veldig overraska over dette. Ordet einsam, eller einsemd, er nemnt 57 gonger i dokumentet, og det tydar vel på at dette er noko dei tek på alvor. Noko dei vil freiste å førebygge. Det er fint det. Men kor stort problemet er eigentleg problemet? Er vi ferd med å bli slukt av ein epidemi av einsemd, slik ein kan få inntrykk av?

Eg veit ikkje? VG skriv at ein vanleg definisjon på einsemd er å oppleve eit sakn av ønska kontakt med andre. Man føler seg rett og slett åleine. Men er ikkje det ein litt for vid definisjon? Alle kan vel kjenne på den følelsen av og til, utan at det gjer det til eit problem for dei fleste av oss? Einsemd er vondt og vanskeleg for dei som ikkje kjem seg ut av det, og demografi og andre faktorar er heilt sikkert med på å gjere det til eit aukande problem, men vi må skilje mellom dei som berre har ein litt tung langfredag i Aarhus, og dei som er på veg inn i ein kronisk tilstand. Eg har ingen tru på at over halvparten av våre barn og unge er så åleine i verda at det utgjer eit folkehelseproblem. Utan å bagatellisere, eg vil tru at tala er noko oppblåste. Dei som verkeleg slit med einsemd i Noreg i dag har meir samansette helseproblem å stri med. Angst, depresjon, rus og heile sulamitten. Det er min teori. Einsemda er eit vondt symptom, men kanskje ikkje det største problemet. Det er ikkje noko som kan løysast med eit kaffibesøk eller ein telefonsamtale? Men det kan jo hjelpe noko der og då.

Høie verkar å vere ein sympatisk mann. Det må gjere han til ein einsam mann i regjeringskontorene. Send han ei oppmuntring på Facebook-sida hans i helga, eg trur han treng det!

Leave a Reply

%d bloggers like this: