web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Nokon må gå!

freia photo
Photo by mararie

Vi har ein kultur der ingen eigentleg må ta ansvar for sine feilgrep. Som i Monika-saka i Bergen, der dei som kjempa for at saka skulle bli tatt opp att kastar korta, medan dei som stod i vegen blir sittande. Som etter 22 juli. Eller som når Nav-sjef Joakim Lystad må ta konsekvensen av at han ikkje har fått tilstrekkelig orden på velferdsmastodonten vår, så går han til ei stilling som spesialrådgjevar i Arbeids- og sosialdepartmentet, med same løn som før.

Vi passar på kvarandre. Eller rettere sagt: våre eigne. Det kan vere mykje bra ved det. Fotballag som bytar trenar midt i sesongen blir sjeldan betre av det. Det er ikkje gitt at nye kostar alltid kostar best. Ein skal ikkje undervurdere læringa som ligg i å gjere feil. Men då må ein få sjansen til å rette dei opp att. Blir ein kasta på dør får ein kanskje inn nye folk, som må gjere sine eigne feil. Ei verd der alle får som fortent ville vere ein forferdeleg plass å bu.

Men det kan blir for mykje kos og konsensus. Stundom er ting så ille at det må få konsekvensar for dei ansvarlege. Når ein med viten og vilje tek eit lite stykke Norge, og tilfører noko som ikkje har sin naturlege plass der. Når ein blandar saman ting som aldri har vore meint å blandast. Når ein skapar eit produkt som ingen har bede om, pakkar det inn i glansa papir, og freistar å selge det som ei Guds gåve til det norske folk. Eg blir så eitrande forbanna! Eg snakkar for sjølve grunnfjellet i folket når eg tek bladet frå munnen og seier at nok får vere nok. Dette må ta ein slutt. Nei, eg snakkar ikkje om Støres forslag om å ta inn 10.000 flyktningar frå Syria. Eg snakkar om Freia sjokoladefabrikk.

Det var mannen med det feiande flotte namnet Fredrik Wilhelm Hjorth Christensen som starta det heile, tilbake i 1889. Han grunnla Sjokoladefabrikken Freia, oppkalt etter bikkja si, på Rodeløkka i Oslo. Sjokoladehjorthen selde Freia vidare allereie i 1892. Fabrikken altså, ikkje bikkja. Den nye eigaren var Johan Throne Holst, og under hans styre utvikla Freia seg til ei mønsterbedrift. Freia hadde dotterselskap i Danmark og Sverige. Eige utsal i Paris, og planar om fabrikk i London.

Mellomkrigstida var tung for mange, også for Freia, og det var berre Marabou i Sverige som overlevde, men heime i Norge heldt ein posisjonen. Holst var ein innovativ heidersmann og Freia vart eit utstillingsvindauge for ein moderne måte å drive bedrift på.Holst døydde i 1946, men Freia levde vidare. I 1993 blei dei kjøpt opp av Kraft Foods, som no kallar seg for Mondel?z International. Mykje av produksjonen vart flytta til tidlegare austblokkland som Litauen, Estland og Sverige. Det meste var likevel som før. Melkesjokoladen smakte framleis Norge. Men noko må ha hendt. Noko forferdeleg.

Forjævlifiseringa av samfunnet hadde spreidd seg til sjokoladeverda. Kanskje var det Melkedrøm med Yoghurt og Bringebær som starta det heile i 2009? Eller var det Melkesjokolade med Jordbær frå same år? Nokon burde ha ropt varsku då dei kom med Melkedrøm med Vaniljekrem og Blåbærsaus i 2011. Brått byrja dei å blande saman all verdas merkelege smakar. Kva er dette for noko tull? Kven har ansvaret? Er det ein konkurranse på fabrikken om å lage den aller verste sjokoladen i heile vide verda?

I så fall: Den som fann på å stappe ei mjølkesjokoladeplate full av gelegodteri og poppande sukker, vann konkurransen. Freia Frydefull Jelly Popp var så vond at eg kasta opp av ein liten bit. Og det berre held fram. Denne veka hadde Statoil tilbod på noko eg trudde var Smil. To for 33 kroner. Eg røska med meg eit par, men det viste seg at dette ikkje var Smil. Dette var Sur. Eller melkesjokolade med friskt smoothiefyll. Mango og banan, eller pasjonsfrukt og jordbær. Den eine smakte verre enn den andre. Eg gjekk rett heim og starta på dette protestskrivet.

Så Mondel?z International. Regjeringa Solberg. Landsmøtet Støre. Ordførar Bengt. Gjer noko. Dei ansvarlege må gå. På vegner av mange: Nasjonalisér Freia. Stopp galskapen. Bring Melkesjokoladen heim.

Leave a Reply

%d bloggers like this: