web analytics

Lat dei drukne?

lampedusa photo
Photo by noborder network

No druknar dei i Middelhavet igjen. Medan vi her heime har vore opptekne av regjeringas nye råd for kjeldesortering, matavfall i grøn pose, gruveavfall rett i fjorden, har resten av verda hatt blikket stivt festa på det vesle havområdet mellom Europa og Afrika.

Så mange som 1750 menneske kan ha dødd der hittil i år. Berre førre veke var det 11.000 som freista å krysse havet over til ein relativ tryggleik i Europa. Eg veit vi har snakka om dette før. Om eg ikkje hugsar heilt feil meinte eg den gongen at dette var noko vi måtte snakke meir om, men det var den gongen. No må eg nesten heller be dykk halde kjeft. Iallfall dei av dykk som heng rundt i kommentarfelta til Nettavisen og VG, og legg igjen sterke meiningar om at det berre er å late dei drukne. Ikkje visste eg at det fanst så monge drukningsentusiastar rundt om i den gamle sjøfartsnasjonen Norge.

VG TV fann ut at dei skulle ringe opp nokre av dei, og det viste seg at alle som ville snakke med dei høyrdes ut som om dei var skisser til ein ny komiserie med Lene Kongsvik i alle rollene. Skisser som var blitt forkasta, vel og merke, dei var nok ikkje morosame nok når det kom til stykket. Men sant og seie fekk eg litt sympati for stakkarane som vart tekne på senga av ein medievand fyr frå VGTV. Dei vart eit lett bytte. Kvifor ikkje gå laus på større bytte neste gong? Kva med å snakke med drukningsentusiastane med maktposisjonar rundt i Europa i staden? Dei som slenger litt meir penger til grensekontroll, men ikkje vil iverksette aktive redningsaksjonar nærare Libyas kyst for å redde båtflyktningar. Ikkje vil gjeninnføre Mare Nostrum, som faktisk fungerte ganske bra.

Eller kva med å stille nokre spørsmål til den bombeentusiastiske gjengen som i 2011 sendte norske krigsfly til Libya etter nokre SMS’ar og ein og anna telefonsamtale? Utan eit einaste formelt møte i regjering, underutval eller Storting. Utan noko som kunne minne om ein plan for korleis vi skulle hjelpe Libya til å bli ein fungerande stat igjen, etter å ha bomba Ghadaffi vekk frå makta.

Det er dette vi haustar fruktene av no. Kva med regjeringa Solberg? Det har vel ikkje akkurat lukta svidd av handlekrafta der i garden heller? Når rederiforbundet blir fornuftens røst og politikarane dreg beina etter seg, er det lov å lure. Er dei også hemmelege drukningsentusiastar, eller er dei berre slitne etter å ha kappa toppen av Engebøfjellet? VG kan la toppkommentatorane i kommentarfelta få sitte der i fred med si winnertip, og gå etter makta i staden. Vær vaktbikkje i staden for fillebikkje. Kom igjen, eg veit dei kan!

Det lette spørsmålet er kva vi gjer på kort sikt. Når folk er i ferd med å døy på dørstokken, vår hjelper vi til som best vi kan. Noko anna alternativ finst ikkje. Vi sit ikkje og ser på at folk druknar. Vi kastar ikkje ut ein kam og ber dei greie seg sjølv. Vi får dei opp av vatnet. Pakkar dei inn i pledd. Gjer dei tørre klær og eit måltid mat. Det vanskelege spørsmålet er kva vi gjer etterpå. Vi har ei global flyktningkrise. Det er krig og uro fleire stader. Det kjem til å bli verre før det blir betre. Asylinstituttet knakar i samanføyingane. Talet på folk som ønskjer seg til vesten er nærast uendeleg. Korleis handterar vi dette? Det er eit nærast uløyseleg dilemma. Det er vondt å tenke på. Det får meg til å tenke på det gamle gode diktet til Rolf Jacobsen:

Sannheten står utenfor døren din.
Klærne i laser. Hun er syk.
Hun har et barn på armen. Hun vil inn.
Hører du hundeglammet?
Hva gjør du? Lukker du opp
vil det forandre livet ditt.
Nøler du?
Du også.

Eg vil ikkje stenge grensene. Eg meinar Norge må ta sin del av ansvaret for dei som er på flukt frå krig, svolt og klimaendringar. Eg meiner vi skal ta inn akkurat så mange som vi har plass til, og som vi kan klare å integrere på ein nokonlunde vettig måte. Anten det er ti eller hundre tusen. Men eg vil ikkje forandre livet mitt. Vårt. Norge. Europa. Vesten. Eg tviheld på nøkkelen. Vil eg låse opp? Eg nølar. Eg også. Eg tek meg sjølv i å lure. Ligg drukningsentusiasmen der, latent i oss alle?

Det er ein deprimerande tanke.

Leave a Reply

%d bloggers like this: