web analytics

Party like it’s 1945

Dusseldorf, 1937: Frå ei utstilling av degenerert kunst, der formålet var å vise kor sjuke kunstnarane var i hovudet sitt.
Dusseldorf, 1937: Frå ei utstilling av degenerert kunst, der formålet var å vise kor sjuke kunstnarane var i hovudet sitt.

Gratulerer med dagen alle saman. Fredag var det 70 år sidan dei allierte kunne erklære andre verdskrigen for vunnen, og Noreg atter var fritt. Britane feirar rett nok sin Victory in Europe-dag dagen før oss, altså den sjuande mai, for det var den dagen kapitulasjonen vart underskriven. Dette er historisk prov på at ting som skjer ute i vide verda brukar litt tid på å kome hit. Vi kan trøste oss med at vi uansett ligg ein dag framfor russarane, som ikkje feirar sin frigjeringsdag før niande mai. Det er i dag det, så akkurat i dag kan det vere på sin plass med eit lite hurra også for Stalin. Eit godt døme på at også paranoide, totalitære massemordarar kan ha sine gode sider.

Vi har altså vore frigjorde i cirka 70 år no. Det tynnast i rekkjene blant dei som hugsar korleis vi hadde det under okkupasjonen. Heldigvis finst det masse historisk materiale som kan hjelpe oss å hugse. Tidlegare denne veka sirkulerte det eit skriv på sosiale medier frå den tida. Det var tilskreve Kultur- og folkeopplysningsdepartementet, som var ledet av Gulbrand Lunde frå 1940 til han drukna under mystiske omstende i 1942. Det skulle vere eit utdrag frå eit dekret, og omhandla kva slags repertoar orkester og artistar kunne framføre utan å havne på Grini. Musikkstykke i fox-rytme, såkalla swing, kunne ikkje overstige 20 prosent av repertoaret for danse- og underhaldningsorkester. Dei måtte halde seg til komposisjonar som gjekk i dur, og skulle det syngast, måtte ein halde seg til tekstar som uttrykte livsglede, ikkje jødisk-dystre tekstar. Kontrabass skulle kun spelast ståande, og med boge. Ingen plukking av strengane, maks ti prosent synkopering, og i den grad det var mogleg burde bruken av saksofon innskrenkast, og erstattast med cello, bratsj eller passande folkeinstrument.

Problemet med skrivet var at det ikkje fanst noko kjelde på det. Gudbrand Lunde nekta tvert i mot å gjennomføre tyske pålegg om å forby jødisk litteratur og musikk. Mest sannsynleg var det ein parodi, laga av gode jøssingar. Eit falsum, som blir genialt og morosamt av di det faktisk kunne ha vore sant. Nasjonalsosialistane i Tyskland hadde jo sterke meiningar om kva dei meinte kunne godkjennast som verdig kunst. «Entartete Kunst», altså utarta kunst, eller som det gjerne vart brukt i Noreg, degenerert kunst, var eit omgrep som omfatta alt frå ikkje-naturalistisk moderne kunst, til jazz, swing og anna «negermusikk». Dei meinte at dette var kunst som var ugermansk, kulturbolsjevistisk, inspirert av jødar, marxisme og sinnsjukdom, og umogleg å forstå for folk flest. Og nazistane nøydde seg ikkje med å skrive sinte lesarbrev. Dei var handlingsmenneske. Rundt 20.000 kunstverk vart fjerna frå museum og private samlingar. 4000 abstrakte og surrealistiske måleri vart brent. 82 verk av Edvard Munch vart stempla som degenerert kunst, og fjerna frå offentlege samlingar. Kunstnarar som dreiv med slikt vart stempla som fiendar av folket, fleire vart fengsla, og mange rømde landet.

I Noreg har og hadde vi eit litt anna syn på kva som var god og dårleg kunst. Vi var sjølvsagt ikkje med på at Edvard Munch var degenerert. Vi er så glade i jødisk-dystre tekstar at vi gjorde Leonard Cohen til norgesven og rikstrubadur. Men no, i 2015, må vi atter ein gong våge å ta debatten om degenerert kunst. 70 år etter frigjeringa er det ingen som er meir frigjorde enn russen. I år har dei fått fortent negativ omtale for musikken dei høyrer på.

Nokon som kallar seg for Tix og The Pøssy Project har laga nokre russesongar som hyller fyll, festvaldtekt, og far betaler på ein måte så stupid at ein knapt trur det er mogleg. Plutseleg framstår det falske dekretet frå NS og Gudbrand Lunde som ein sabla god idé. Sjølvsagt i ei noko oppdatert utgåve. Det må være mogleg å få sett ein stoppar for dette svineriet? Dette bør vere ein vinnarsak for kulturminister Widvey. Far min kjempa ikkje mot nazistane for russens rett til å synge om å knulle nokon berre for lættis. Brenn alle spor etter disse makkverka!

Der folk brenn bøker vil ein til slutt også brenne menneske, var det ein fyr som sa ein gong. Eg veit ikkje om dette gjeld for musikk også. Der du brenn russemusikk vil du til slutt også brenne russebussar? I så fall er det heilt greit for meg.

Party on folkens!

Leave a Reply

%d bloggers like this: