web analytics

Kommunesamanslåing

518104349_66534339e2_o
Foto Paul Joseph. CC BY 2.0

Ta ein smak på ordet. «Kommunesammenslåing». La det rulle rundt tunga som om det var edle dråpar frå det skotske høglandet. Korleis smakar det? Ikkje spesielt godt kanskje? I alle fall ikkje fyrste gongen? Det har ein aroma av røyndomsfjernt byråkrati kanskje? Eit lite hint av konsulentselskap? Er det ein litt beisk smak av ideologi eg kjenner der? Å pfhøy, der var det ein ettersmak av eksos, storting, Oslo og Jan Tore Sanner. Det var då ikkje slik… vent litt… åja. Det var bokmålsvarianten av ordet, det der. Det er sikkert betre på nynorsk: Kommunesamanslåing. Nei, dette var ikkje all verda. Har du noko anna å by på?

Dei færreste likar whisky fyrste gongen. Ein må ta små steg. Starte med eit lite glass blended Famous Grouse med is, men så jobbar ein seg opp til dei single malte flaskene med hår på brystet og tang i skjegget. Eg skriv dette medan eg har ein ørliten Ardbeg i glaset. Eg måtte koble ut røykvarslaren før eg åpna flaska slik at ho ikkje skulle ule i veg og vekke heile familien.

Omtrent slik er det med kommunesamanslåing også. Fyrste gongen nokon seier noko om det, vil du ikkje høyre snakk om det. Men tanken modnar, og plutseleg er du på gli. Naustdal? For ein liten fillekommune. Dei burde no slå seg saman med ein av naboane. Bremanger? Kva er det for noko? Treng dei å vere eigen kommune? Og hadde det ikkje vore kjekt om Knutholmen lå i Flora kommune? Til slutt vil det ingen ende ta, og du er heilt klar for å slå saman både ni og ti kommunar. Nokon har til og med vore så harde på flaska at dei vil slå saman heile Sogn og Fjordane til ei einaste gigantkommune. Då er det på tide å ta kontakt med Blå Kors.

For berre nokre månader sida måtte du rekne med rundjuling om du gjekk på Bua og meinte det var ein god idé for Flora kommune å slå seg saman med det helsikes bystyrevedtaket inne i rundkøyringa. Men dei siste vekene har stemninga snudd. Førde har vore rause og forståelsesfulle for vår situasjon. Alle er kåte på Flora. Floras delegasjon har vore i møte både her og der, og late seg smigre. Intensjonsavtalar har vorte underteikna. Ting skjer. I desse dagar kan du gå på Bua, snakke varmt om storkommune med sjukehusstelarane i Førdebygda, og ikkje risikere anna enn å bli kasta på sjøen. Ting går framover. Det er endringsvilje i sildebyen. Kva skjer? Korleis skal dette ende? Tysdag er det folkemøte i Flora om kommunereforma, her vil dei høyre di meining. Der har ikkje eg tid til å møte opp, eg får seie mi meining her i staden. Er de klare?

Eg har lese intensjonsavtalane. Det er fine ord. Flora ser ut til å kome godt ut av det på papiret. Men det er noko eg synest er litt underkommunisert. Det verkar som ein tar det for gitt at det er ein enkel prosess å slå saman ein haug med kommunar. At det handlar om eit par pennestrøk og strekar på eit kart. Men det er jo ikkje så enkelt. Ein kommune er ikkje berre strekar på eit kart. Det er også ein stor arbeidsgjevar med sin eigen kultur, sine eigne rutinar og verdiar. Ein kompleks organisasjon med mange menneske som ein må få til å dra i same retning. Det er ikkje alltid like lett. Erfaringar frå næringslivet seier at opp mot tre firedelar av alle samanslåingar mislukkast i å nå måla dei sette seg i forkant av prosessen. Ting blir ikkje slik ein trur.

Prosessen er ikkje god nok. IKT-system fungerer ikkje slik dei skal. Budsjetta er for små. Tida er for knapp. Ein får ikkje forankra prosessen hjå dei tilsette, dei involverast ikkje nok, og dermed samarbeider dei ikkje slik dei var tenkt. Folk likar ikkje endringar. Sjukefråveret stig. Kostnadene likeså. Kanskje tek det ti år før ting fell på plass igjen. Er det verdt det? Er det naudsynt? Intensjonsavtalane seier at den nye kommunen skal opprettast frå og med 2020. Det same året som eldrebølgja slår inn for fullt. Klarar vi å få ein heilt ny kommune opp og gå samtidig som vi må rigge om eldreomsorga for fleire gamle? Utan at det går ut over tilbodet til innbyggarane? Kanskje, men eg er skeptisk.

Kommunesamanslåing. Jau, det let betre på nynorsk, men er det godt? Hald nasetippen rett over ordet og kjenn korleis det luktar. Luktar det saltvatn og sjø? Eller luktar det gylle og statlege arbeidsplassar? Smak på ordet. Ta det i munnen. Smatt og sug luft inn gjennom munnen og pust ut gjennom nesa. Smakar det slik du forventa ut i frå kva det lukta? Få ordet raskt rundt i munnen ved hjelp av tunga. To sekundar bør vere nok.

Og så spyttar du det ut att.

Leave a Reply

%d bloggers like this: