web analytics

Syriatesten

Syrian boys, whose family fled their home in Idlib, walk to their tent, at a camp for displaced Syrians, in the village of Atmeh, Syria, Monday, Dec. 10, 2012
Syrian boys, whose family fled their home in Idlib, walk to their tent, at a camp for displaced Syrians, in the village of Atmeh, Syria, Monday, Dec. 10, 2012

Det har vore ei hektisk veke. Partia våre har samla seg for å bli einige om kva vi skal gjere med appellen frå FNs høgkommissær for flyktningar om å ta i mot fleire hjelpetrengande frå Syria. Det vart sjølvsagt eit sirkus. Framstegspartiet forlét forhandlingane før dei var komne skikkeleg i gang. Dei vil nemleg ikkje ta i mot ein einaste ein. SV heldt ut ei stund til, før dei også kasta korta. Dei vil ha inn mange, og det fort, men skjønte vel at dei ikkje kom til å få særleg gjennomslag.

Dei andre partia heldt ut. Jonas Gahr Støre kom rett frå Arbeidarpartiet sitt landsmøte med eit vedtak i ryggen om 10.000 syrarar over to år. Det skulle ein tru var grei skuring, all den tid det såg ut til å vere fleirtal på Stortinget for å ta imot nettopp det talet. Likevel klarte tåkefyrsten frå verste vestkant å forhandle talet ned til 8000 over tre år. Lat oss håpe det ordnar seg med politikken for Støre framover, nokon karriere som bilseljar har han nok ikkje å falle tilbake på.

Sjølvsagt er det Per Sandberg og Framstegspartiet som lagar mest moro for pengane. Før helga gjekk dei frå dissens i regjeringa, til kabinettspørsmål, og over til eit krav om folkeavstemming for å avgjere syriaflyktninganes skjebne. Dette gjorde dei i ein slik fart, at om dei held dette tempoet framover, har vi vore gjennom både riksrett og nyval innan helga er omme, og litt ute i neste veke er truleg statskuppet gjennomført, monarkiet avskaffa og Carl I. Hagen innsett som president. Her blir det liv (rai rai). Men eigentleg var det jo berre Sandberg som snakka før andre hadde tenkt for han. Som vanleg.

Sandberg raste også mot eit «vaffelmøte» mellom Høgres Trond Helleland og den mislykka bilseljaren Jonas Gahr Støre. Her skal dei ha snikra saman Syria-avtalen medan dei åt vaflar og såg Noreg og Sverige spele fotball. – Å invitere folk på vaflar, og så lage vaflar på pulver, det er dårleg handverk. Når ein skal lage vaffelrøre, så må ein gjere det frå botnen av. Og når du nyttar pulver for å lage vaflar, så er det fordi du har hastverk. Hastverk kombinert med dårleg handverk gir dårleg resultat, seier Per Sandberg til VG. Han gløymde å nemne at det er vanskeleg å lage vaflar utan å knuse nokre egg. Harmen over dei dårlege vaflane var stor, og vaflar er då også det einaste fagområdet der eg finn det verdt å høyre på Sandbergs refleksjonar. Er det noko han kan, er det vaflar. Vaflar og akevitt. Der er han god.

Frp har vore sure og sinte, slamra med dører og styra på, men særleg konstruktive har dei ikkje vore. Vi har fått det diffuse «hjelpe dei der dei er»-mantraet, men dei har ikkje følgt det opp med konkrete tal. Hadde dei banke friske milliardar i bordet hadde det vore lettare å ta dei på alvor. Slik dei har heldt på blir det berre til at dei forsterkar inntrykket av at dei som vil hjelpe dei der dei er, helst ikkje vil hjelpe nokon, nokon plass. Dei har ikkje passert syriatesten. Men sutringa går kanskje heim hos grunnfjellet.

Det er ikkje berre politikarane som har hatt ei travel veke. På internett har Norges tapre tekstkrigarar verkeleg fått opp dampen. Landets siste skanse mot den muslimske invasjonen meiner det no er på tide å ta til våpen. At landssvikarane i Arbeidarpartiet må stillast for retten. Dei ville ikkje ha kjøpt ein bruktbil av Støre, men meiner at han burde ha vore skoten. Massemordaren frå Utøya og regjeringskvartalet var ein varslar, synd han ikkje fekk tatt Brundtland i staden for alle ungdommane. Men heldigvis var visst halvparten av ungdommane muslimar. Både på Facebook og Twitter finst det folk som samlar desse kommentarane, til glede for PST og alle oss andre som likar å bli skremde skikkeleg før vi skal legge oss om kvelden. Eg les til auget blir stort og vått, og det er to ting som slår meg.

Det eine er at fleirtalet av dei tapre tekstkrigarane har ein temmeleg slapp omgang med det norske språket. Det andre er at det er påfallande få av dei som skriv på nynorsk. Kan nynorsken vere ei vaksine mot ekstremisme? Eller er det berre slik at nynorskbrukarar flest er for opptatt med å skrive kronikkar mot kommunesamanslåing til å bry seg med innvandring?

Det forklarer uansett kvifor bystyret vårt denne veka fekk lov til å seie «ja» til syriske flyktningar, tilsynelatande utan at nokon vart truga på livet. Det kan vi kanskje vere litt stolte av? Vi har passert syriatesten. Velkomne skal dei vere.

Leave a Reply

%d bloggers like this: