web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Kyrkjelyden

WordItOut-word-cloud-1064656

Denne veka har det vore rabalder i kristen-land – så mykje bråk at ein har høyrt kyrkjelyden heilt ut hit i ateistland. Nokon har gjeve ut ei bok som heiter 22. juli-profetien; eit makkverk utan like. Den kallar ungdommane på Utøya for deltakarar i ein politisk armé som har kjempa mot Israel i over førti år. Når dei blei massakrerte av Anders Behring Breivik var det ikkje meir enn dei måtte rekne med, og årsaka var at Gud ville straffe oss, og åtvare oss. Om vi ikkje snur vil det hende endå verre ting. Det er litt uklart for meg om Breivik var eit sendebod for Gud, eller om djevelen hadde teke bolig i han, og Gud berre let det hende. Uansett kva alternativ ein fell ned på vil eg meine at vår allmektige fader er strafferettsleg ansvarleg, og bør stillast for norsk rett så snart som råd er.

Ein burde vel teie ihjel den slags vrøvl, men når folk med ein viss påverknad deler bokas bodskap, er det på sin plass å reagere. Redaktør i Dagen, Vebjørn Selbekk, tok difor føre seg boka i eit harmdirrande innlegg, og sidan har det berre balla på seg. Vårt Land laga sak på at fylkesleiar og listetopp for partiet De Kristne i Aust-Agder, Jan Ernst Gabrielsen, var einig i at Utøya var Guds straffedom. Dagbladet spadde opp ein ordførarkandidat frå same parti i Skien som var einig. Partileiaren har ikkje villa seie så mykje til media, men etter at han tok ein telefon til Gabrielsen, hadde listetoppen frå Aust-Agder plutseleg gått av frivilleg.

For oss ateistar har det vore ei draumeveke. Endeleg har vi fått bekrefta det vi har trudd heile tida: At dei religiøse folka er spinn ville, klin kokos, rett på – eller kanskje helst litt over – grensa til psykiatri. Heldigvis kjenner eg folk som kan korrigere denne oppfatninga og få meg ned på jorda att. Dei fleste religiøse er ikkje meir koko enn det eg er sjøl. Du finn neppe ein einaste prest her i landet som meiner noko i nærleiken av bokas uhyrlege påstandar.

Men kva med dei snaut 8000 medlemmene av landets mange sokneråd? Der må det vere litt av kvart? Plutseleg finn eg ut at eg må stemme ved kyrkjevalet i år. Det sler meg at om eg gjer som eg pleier, altså gjer fanden, er det fanden sjøl som får mi stemme. Det vil eg ikkje ha på meg. No skal mørkemennene av begge kjønn lukast ut. Til helsike med dei. Eg set meg ned med Google og freistar å finne ut av det noko forvirrande kyrkjevalet. Det er nemleg ikkje berre enkelt. Eg stussar til dømes litt på at det berre er ei einaste liste. Det minner strengt tatt litt om valsystema i land vi ikkje likar å samanlikne oss med. Men kanskje er det ikkje anna å vente av ei kyrkje tileigna ein gud med litt småfascistiske tendensar, som aldri har brydd seg særleg om demokrati. Men litt påverknadskraft har vi. Gjennom å sette ei stjerne på seddelen kan eg gje ei ekstrastemme til inntil tre kandidatar. Utfordringa er å vite kva dei einskilde kandidatane står for. Til bispedømmerådet er det enkelt. Eg kjem til å stemme på dei tre einaste personane på lista som seier ja til å vigsle homofile. Hyggeleg av nominasjonskomiteen å berre inkludere tre stykker, det gjer det lettare å velje.

Til soknerådet er det verre. På bileta som kyrkja har lagt ut på nett ser dei påfallande normale ut, alle saman. Ingen av dei verkar å vere særleg opptekne av Israel. Men kva er dei opptekne av? Eg morar meg med å lime alle kampsakane til kandidatane inn i eit dokument, og lage ei ordsky av dei. Essensen er at dei 25 kandidatane vil kjempe for eit godt, inkluderande vedlikehald av ungdomsarbeid og kyrkjebygga. Eller noko slikt. Det er ullent. Kjedeleg. Det er ingen som skil seg ut. Det blir for vanskeleg. Eg trur kyrkja kunne hatt mykje å hente på å merke kandidatane sine betre. Litt som på pizzamenyen til Dolly Dimples. Om det er nokon som har vore i soknerådet sidan Metusalems tid kan dei få stempelet klassikar på seg. Ferskingar er sjølvsagt merka med ny. Nokre er milde. Andre meir spicy. Nokre bør kanskje merkast med hot. Eller svovel og oske. Dette ville gjort det enklare å velje.

Berre eit innspel. Gratis. Eg får mi lønn i himmelen. Eller kor eg no hamnar.

Uansett. Bruk røysteretta folkens. Er det folkekyrkje dei vil ha, får dei finne seg i at folket er med og bestemmer. Gje ei ekstrastemme til dei tre liberale kandidatane til bispedømmerådet. Godt val!

Leave a Reply

%d bloggers like this: