web analytics

Valgomatutvalet

Foto: Clive Darra CC BY 2.0

Ein gong for lenge sidan jobba eg på eit dagsenter for psykisk utviklingshemma. Senteret låg på det som ein gong hadde vore ein av dei store institusjonane innanfor HVPU-omsorga her i landet. Dette var ikkje så mange åra etter den omfattande HVPU-reforma, og fleire av kollegaene mine hugsa korleis det hadde vore der på den tida. Ei av dei fortalde meg ei historie om ein sommarvikar som eg aldri har klart å gløyme. Eg kom til å tenke på den her nyleg, då eg såg ein flokk med politikarar.

Historia startar tidleg på sommaren. Ei ung jente har fått sommarjobb på ei av avdelingane. Minst 15 psykisk utviklingshemma og berre to på jobb. Det det var ein kamp om merksamda, for å bli sett. Det kunne gje seg uante utslag på åtferda. Denne sommardagen kjem jenta på jobb akkurat i det ein av bebuarane hadde bæsja i buksa. Ho tar det med godt humør. Får av han dei skitne kleda, og sender han i dusjen. Medan dei held på tek ho ei trall, og dei to har det riktig hyggeleg den tida det tar å bli rein og fin igjen. Det er kjekt å dusje. Null stress, joggedress. Men når ho kjem på jobb att dagen etterpå, står den same karen der med bæsj i buksa og ventar på ny dusj. Og ikkje nok med det – han har med seg ein kamerat som også har vore litt uheldig med avføringa. Og det balla på seg. På det verste var det 8-9 stykker som møtte henne når ho kom på jobb, klare for ei koseleg stund i dusjen med sang og halloi. Det vart ein lang sommer.

Det mykje lærdom å hente i denne vesle forteljinga. Viktigast sjølvsagt at her var det eit openberrt forbetringspotensiale når det gjaldt å sjå, og gi merksemd, til alle som budde på avdelinga. Ikkje berre til dei best fungerande. Eigentleg er det jo ei sabla trist historie. Umiddelbart førde den til at eg sjølv, når det blei min tur til å ta med nokon i dusjen, passa godt på at eg ikkje gjorde opphaldet under dei varme strålane for hyggeleg. For ein kan også plukke med seg noko her om at ein skal vere forsiktig med å oppmuntre til adferd som er uønskt. Det er ikkje alltid det løner seg å være høfleg, snill og hyggeleg. Om det kjem politikarar på husbesøk siste dagane før valet er det heilt greitt å smelle igjen døra. Blir du for snill og hyggeleg fordi du er godt oppdregen, ja då kan det hende at du plutseleg står der med Jan Henrik Nygård i dusjen. Og dagen etter har du både Frank Willy Djuvik og Mindor Tonheim i badestampen. Berre sei nei, folkens. Når dei står der og viftar med dei raude, halvvisne rosene sine. Unngå blikkontakt. Ikkje snakk til dei. Ikkje oppmuntre dei. Gå forbi.

Ikkje stem, det berre oppmuntrar jævlane, skal den amerikanske satirikaren P.J. O’Rourke ha sagt. Det er å dra det litt langt. Sjølvsagt skal ein stemme, men i år har eg køyrt ein ny strategi i valkampen. Eg har ignorert politikarane. Eg har ikkje lese Firdaposten på fire veker. Dei får ikkje mi merksemd denne gongen. I staden har eg kasta meg over valgomatane for å finne ut kva parti eg skal satse på. Eg er slik skrudd saman at eg ikkje røyster på dei eg likar. Eg røystar på dei som er ueinige med dei som eg syntes er idiotar. Eg trur ikkje det er så unikt, men kanskje er det dumt. Eg tenkte eg kunne motverke dette ved å bruke valgomatane. På det viset skulle eg klare å fokusere på saker, i staden for personar.

I praksis verka det dårleg. Valgomatane tok nemleg feil, og eg veit kvifor. Dei mangla alle samen det viktigaste spørsmålet. Nemleg dette: Meinar du at ordføraren og dei som har hatt makta dei siste fire åra har gjort ein bedre eller dårlegare jobb enn dei som hadde makta før dei? Kanskje burde det vore formulert slik: Meinar du at Flora kommune er betre eller dårlegare stilt enn for fire år sidan? Eg meiner at svaret er ja. Vi er ute av ROBEK, økonomistyringa er betre. Erna har vore på konsert i Trovikbakken. Burgeren på Statoil har faktisk blitt ganske god etter at Ap mista ordføraren. Eg trassar valgomatutvalet, og stemmer på ordførar eller varaordførar på mandag.

Eg får heller ta dei med meg i dusjen om dei begynner å stinke dei neste åra. Godt val.

Leave a Reply

%d bloggers like this: