web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Rist laus

8588950448_7c76561cca_k

Taylor Swift kjem aldri til Haavebua. Den amerikanske superstjerna er for stor for slike tilhøve. Ho kjem aldri til å riste laus på scena i Trovikbakken i kort svart kjole og cowboystøvlar. Slik ho hadde første gong eg såg og høyrde henne. Det var i 2007, på eit av desse fæle Country Music Awards-showa. Ho kom opp av scena midt i ein raud blomst, daskande på ein sølvglitrande gitar som det sant og seie ikkje såg ut som ho var heilt komfortabel med. Ho hadde gitt ut debutplata si nokre månader før, til stor suksess. Ho var 17, sikkert nervøs for å opptre blant fleire av heltane sine, og sang rett og slett ganske dårleg. Likevel spissa eg øyra. Og trass i den usikre vokalprestasjonen, som garantert hadde fått henne tidleg utstemt frå Idol, hadde ho den der udefinerbare utstrålinga som gjer at ein legg merke til ho. «Our Song» er ei slik sak som snik seg inn i hjernen din, og nektar å la seg skrape ut igjen.

Det er annleis no. Trur eg. Men i 1989 eller deromkring var musikk blodig alvor. Musikken var ein stor del av identiten. Å like både Metallica og Madonna var umogleg. Ein måtte velje ein av dei. Om ein, som meg, gjekk for rock’n roll, var det ikkje berre uttrykk for at ein likte musikken litt meir rufsete. Det var også eit klart statement om at ein hata kommers listepop, og endå meir kveget som kjøpte svineriet. Snobberi av verste sort. Eg trudde eg hadde lagt den tida bak meg, men om eg skal være ærleg har eg det nok fortsatt i meg. Taylor Swift følgde opp «Our Song» med eit nytt album og singelen «Love Story», som var minst like umogleg å få ut av hovudet. Likevel tok eg ho aldri til hjartet. Eg har aldri tvinga sambuaren til å høyre på henne. Taylor Swift vart ei guilty pleasure. Musikk som eg song med til, men aldri heilt ville vedkjenne meg. Den passa ikkje inn i min mix av deprimerte, middelaldrande, melankolske, misantropiske menn med kassegitar. Menn som Ryan Adams.

«You say you wanna play country, but you’re in a punk rock band» skreiv Adams på nittitalet. Ei setning som presist oppsummerte bandet han spelte i då: Det eminente Whiskeytown. I 1997 ga dei ut ei plata «Strangers Almanac», som nok er den plata eg har spelt aller mest dei siste tjue åra. Så gjekk dei i oppløysing, Adams gjekk solo, var på nippet til å få det store gjennombrotet tidleg på 2000-talet, men skusla det bort. Denne veka kom han med ei ny plate. «1989» er tittelen, og her har Adams gjort den kommersielle genistreken å spele inn Taylor Swifts siste plate, som også heiter «1989», song for song. Taylor Swift tok steget frå countrypopmusikken og over i popverda med den plata, men Adams tek songane tilbake til sine røter. Alt er ikkje like vellukka, men mykje av det er strålande. Det har blitt Adams beste plate på 15 år.

Meir interessant er det imidlertid å sjå korleis forståsegpåare som ikkje kasta bort eit gram med trykksverte når Swift gav ut sitt poplokomotiv i fjor, no er frå seg av lukke over denne nye versjonen. Adams får ut potensialet, seier dei – han loddar djupet i desse songane. Gjer dei meir ekte og ærlege. Sjå her Taylor, slik gjer dei vaksne det. Det er tydeleg at dei tek Adams langt meir på alvor som formidlar av dei emosjonane som ligg i musikken, enn dei gjer med ho som faktisk har laga den. Det ligg ei dårleg skjult nedvurdering av ein ung og uhyre talentfull artist og låtsnekker her. Det naturlege spørsmålet er om det handlar om kjønn. Er det utovertissen til Ryan Adams som gjer han så interessant? Spør du VGs musikkanmeldar Morten Ståle Nilsen, vil han sikkert seie nei,det ligg ikkje noko nedvurdering i hans anmelding. Samstundes er teksten hans på nettsida til VG krydra med lokkande overskrifter til saker om Taylor Swift som f.eks «Taylor Swift i heftig rumpekrangel», eller «Taylor Swift i sexy undertøyshow».

Jau, kjønn er nok ein del av det, om enn ubevisst. Strukturar som er så innarbeidde at vi ikkje ser det sjølv. Men mest handlar det kanskje om godt gamaldags snobberi i haldninga til popmusikk som faktisk er populær. Det gjeld ikke minst meg sjølv, og eg ber herved om orsaking. Frå no er ikkje lenger Taylor Swift ei guilty pleasure. Berre pur glede. Sett ho på, og rist laus.

Leave a Reply

%d bloggers like this: