web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Politikk og pølser

hakke

Det har vore val i kongeriket. Politikarar har blitt stemde inn og ut som i eit anna realityshow. Maktkonstellasjonane har endra seg, og nye ordførarar dukkar opp som paddehattar rundt om. Om du har lurt på kva ein paddehatt eigentleg er, så er det berre ein sopp som dukkar opp når det har vore litt fuktig i vêret. I gamle dagar trudde ein at paddene gøymde seg under dei, men det var visst ikkje sant.

Men dette var ei avsporing. Det var val og ordførararskifte som var tema. I Flora har det jo gått ganske greitt føre seg. Vi byter ut ein Leeds-supportar med ein Nottingham Forest-tilhengar, men stemninga verker ellers å vere god. Verre er det andre stader. I Bremanger har nokon dolka Espen Sortevik. H og SV har danna ei uheilag allianse og sikra H ordføraren. Alice Beate Holm samanliknar det med «House of Cards», noko som vel gjer Audun Åge Røys til vår lokale Francis Underwood. Holm bør kanskje passe seg om ho skal ta t-banen det neste året, men ellers er det berre å ta det med ro. Om ho held ut til tredje sesong blir det i grunnen berre kjedeleg, det heile. Bremanger er ikkje den einaste kommunen i Sogn og Fjordane der det har vore vondt blod og skuldingar om avtalebrot etter valet. Trivselsfylket må heretter alltid skrivast med hermeteikn. Demokrati er ikkje alltid like pent.

Demokrati er tema på heimebane også i desse dagar. Jentungen på fire er inne i ein heftig Egner-periode. Her går det i både Kardemommelova og dyra i Hakkebakkeskogen. Jentungen hatar Tante Sofie djupt og inderleg. Korleis kan ho vere så slem med Kamomilla eigentleg?? Og dette med at Politimester Bastian må arrestere folk så ofte som han kan er det jo lita meining i, då er snart gatene tomme for folk, og kven skal då kjøpe pølsene til pølsemakaren?

Sjølv er eg meir fascinert av måten dei driv demokrati på i Hakkebakkeskogen. Den sjølvrettferdige og irriterande vesle tassen Morten Skogmus ser seg lei på at reven, ugla og pinnsvinet freistar å ete dei små musene, og får manipulert Bamsefar til å halde eit allmøte. Bamse ringer med ei bjølle og Morten krevjer at det skal innførast tre nye lover i skogen: Alle skal vere venner. Ingen skal ete kvarandre, og den som er lat og berre kastar bort tida på kvinnfolk og kortspel må ikkje stele mat hos dei andre. Det siste er heilt klart eit spark til den frilynte gladguten Klatremus, som helst berre vil spele gitar. Eg trudde at Morten og Klatremus var venner, og vil tru at Klatremus opplever dette som ein kniv i ryggen. Sjølv om han bit det i seg. Lovene blir einstemmig vedtekne, sjølv om verken Mikkel Rev, Petter Pinnsvin, eller Ugla er det minste einige. Dei vågar rett og slett ikkje stemme i mot når Bamsefar gjer seg litt trugande i røysta. – Opp med labben Mikkel, seier han, og stakkaren har ikkje noko reelt val. Nokon kallar det demokrati. Eg kallar det eit maktovergrep.

Politimester Bastian si kardemommelov er naiv og fin i all si uskuld; ein skal ikkje plage andre, ein skal vere grei og snill, men for øvrig kan ein gjere som ein vil. Men i Hakkebakkeskogen er det meir realpolitikk. Egner viser her korleis makt korrumperer. Det er ikkje vanskeleg å forstå at Morten ikkje vil bli eten, men når han får ferten av makt dreg han det for langt og freistar å tre sitt livssyn ned over hovudet på dei andre dyra i skogen. Moralsk fordømming av dei som ikkje lever slik han vil. Alle skal vere venner. Og vegetarianarar: Demokratiets tyranni. Morten hevder flertalets rett, og gløymer det som er det vakre ved demokratiet: Mindretalets rettar.

Mikkel Rev blir jo ikkje vegetarianar av eit vedtak i formannskapet. Høns og skinkesteik står framleis på menyen, og det må han stele. Det er ok for Morten og dei andre, for det bur ikkje høns og gris i Hakkebakkeskogen. Hykleri, interessekamp, og pragmatisme. Dolkestøt, og la naboen ta støyten. Som Bismarck sa det i si tid: «Den som veit korleis pølser og politikk blir til, får aldri meir ei god natts søvn.» Det gjeld både i Hakkebakkeskogen og i Sogn og Fjordane. Det kan kanskje ikkje vere annleis, men pent er det ikkje.

Leave a Reply

%d bloggers like this: