web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Statsbudsjettet

jensen

MEDAN VI her omkring har vore mest opptatt av om strikkegrafittien som har prega byen i fleire månader skal klippast ned eller få henge, har resten av landet vore opptatt av viktigare ting. Denne veka har regjeringa vår lagt fram eit skinnande blankt, flunkande nytt og fint statsbudsjett.

DET ER EIN stor dag for vår finansminister, statssekretærane, og alle dei små arbeidsmaurene i departementet hennar. I vekevis har dei sitte i møte og diskutert kva dei skal finne på denne gongen. Flittige fingrar har tasta på kalkulatorane. Skarpsindige hjerner har slått seg saman for å finne ut kva kranar som skal strammast til, og kven som skal opnast. Den eine hånda deler ut litt skattelette histen og pisten. Den andre dreg pengane inn att med kutt i frådrag og auka moms. Det er som å vere på casino. Spelet er rigga. Huset vinn alltid. Litt som når du sat i sandkassa som barn, med hendene fulle av sand. Så mykje hadde eg, så mykje gav eg bort, så mykje mista eg, og til slutt er hendene tomme. Alt som er igjen er luft. Men når du kjem inn att og skal kle av deg er både skoa og underbuksa fulle av sand, så litt fekk ein likevel med seg.

PRESENTASJONEN av statsbudsjettet har vore omtrent slik det alltid har vore. Dei som legg det fram er smørblide og meiner dette er eit godt budsjett for landet. Eit stort skritt på rett veg mot eit eller anna nirvana langt der framme. Dit skal vi kome ein gong om de berre lar vere å velge dei andre bandittane ved neste val. Opposisjonen er tilsvarande misnøgde. Om dei ikkje er direkte sjokkerte. Dei pustar og pesar. Trugar med å blåse heile huset ned. Skurkane i regjeringa er i ferd med å leie oss rakt i undergongen. Korleis skal dette gå?

SÅ KJEM media og hiv seg på. Kva vil statsbudsjettet gjere for DIN kvardag? Dette blir dyrare. Dette blir billigare. Kom og test skattekalkulatoren vår. Sjå kor mykje DU skal betale i skatt i 2016. Eg testa skattekalkulatoren til Din Side, og du vil ikkje TRU kva eg fann ut. Eller det vil du sikkert. Eg får eit par hundrelappar mindre i skatt kvar månad, og det kan komme godt med. Eg vann nemleg ein Playstation 4 i ei konkurranse tidlegare i veka, og den har gutungen lagt hendene sine på. No krev han at eg må kjøpe spel til den også. I ein augneblink trudde eg at eg hadde vore heldig som vann noko, men eigentleg har eg berre vunne enda ein ting eg må bruke pengar på. Eg treng all den skatteletta eg kan få. Sjølv når du vinn, kan du ikkje vinne.

EIN FÅR KOSE seg med dei små sandkorna ein har. Det er unekteleg godt å sjå ein finansminister frå Framstegspartiet auke avgifter stort sett over heile linja. Alkohol, bensin og NRK-lisens ikkje noko unntak. Tolv øre ekstra må du ut med pr liter bensin det neste året, om du ikkje har tatt sykkelen fatt då. Eller kjøpt Tesla. Rett nok er det berre snakk om ei justering for å halde tritt med forventa prisstigning, men det er uansett eit stykke frå den gong finansministeren berre var Siv Jensen frå Frp, og meinte vi burde ha ei fastpris på bensinen. Den burde ikkje koste over sju kroner literen, meinte ho den gongen. No er ho ansvarleg, og godt nøgd med at avgiftene ikkje aukar meir enn prisstigninga.

FRAMSTEGSPARTIET har verkeleg kome ein lang veg frå den gongen det heitte Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlege inngrep. Dei har blitt slukt av systemet. Blitt eit parti som alle andre. Dei kan like gjerne legge ned partiet og melde seg inn i høgresida til Høgre. Vulgær-Høgre, som eg kallar dei. Når denne stortingsperioden er over og Siv-Erna har vorte skylt ut av regjeringskontora, og Framstegspartiet skal evaluere tida i regjering kan det hende dei blir sittande som barnet i sandkassa, kaste sand i lufta og seie: «Så mykje hadde vi. Så mykje mista vi.» Og når dei er ferdige har dei berre eit og anna sandkorn i bukselomma å vise til. For slik er det politiske systemet. Du kan stå i utkanten, skrike, og peike på alt som er feil, Men skal du endre noko må du inn og få makt. Då blir du ansvarleggjort og slukt av systemet. Spelet er rigga. Du kan ikkje vinne.

ALT ER BERRE jag etter vind. Er det rart man drikker? Heldigvis kan Psykologiforbundet på sine nettsider opplyse oss om at statsbudsjettet 2015 inneheld ei tydeleg satsing på psykisk helse og rus. Det tek eg til etteretning. I kveld skal eg bli full for statsbudsjettets skuld. Skål, og god helg!

Leave a Reply

%d bloggers like this: