web analytics

Inspektør Gadget

inspector gadget photo
Photo by ell brown

I den lille rare familien eg er ein slags del av er det ein ting vi har felles alle saman. Vi elskar gadgets. Dippeduttar. Elektroniske dingsar med knapper og blinkande lys. Leikar for liten og stor. Ting dom lagar lyd. Mobiltelefonar, nettbrett og TV-spel. Datamaskinar og lesebrett. Snakkande zombie-robotar som ein kan skyte armane av. Keyboard med mikrofon. Kasseapparat med rullebånd og strekkodelesar. Vi er berre fire personar og ei kvit katt i husstanden, men vi har så mykje gadgets liggande at vi på eiga hånd har redda minst ei mellomstor kinesisk landsby frå fattigdom og barneprostitusjon. Det er i kvart fall det eg trøstar meg sjølv med når eg les om korleis dei som skrur saman all den andre billege teknologien vi omgjer oss med, har det. Slavearbeid er bedre enn ikkje noko arbeid, og vi er jo slaver av dei produkta dei lagar, så dette går opp i opp. Som Inspector Gadget alltid sa. Go-Go-Gadget. Denne veka skaffa eg meg eit smartarmbånd.

Eg veit kva dykk tenker. Smartarmbånd? Kva i huleste er det for noko, og kva i all verda skal ein med slikt? Inntil forrige veke tenkte eg sjølv i dei baner. No veit eg meir.

Eit smartarmbånd er rett og slett ei remse i plastikk, ispedd noko teknologi som ingen skjønar noko av, men det funker. Du må koble det saman med mobiltelefonen via blåtannteknologi. Så lastar du ned eit par applikasjonar, og plutseleg har du ein dings på armen som loggfører kva du gjer med livet ditt til ein kvar tid. Den teller kor monge skritt du går i løpet av dagen. Målar søvnen din. Seier noko om kor mykje av søvnen din som er dyp, og kor mykje som er lett. Den teller kaloriar. Den seier kor mykje tid du har brukt på Facebook, kor mye musikk du har høyrt på, og hvilke sangar du har høyrt mest på den siste tida. Hadde det ikkje vore for smartarmbåndet hadde eg ikkje visst at det tek 43 skritt å komme seg frå senga, ned på do for å pisse, og opp i seng igjen klokka halv fire på natta. Eg skjønar ikkje korleis eg har klart meg utan denne informasjonen i 48 år. Eg føler at livet har blitt noko heilt anna. Livet har blitt mitt eige. Alle desse skritta eg gjekk, hovudsakleg mellom halv ni og ti på formiddagen, og fire og fem på ettermiddagen, ikkje visste eg at dei var sjølve livet. Dessuten kan du ringe med det. Du kan snakke inn i klokka, som ein annan Inspector Gadget. Kanskje er det sjefen som ringer med eit topp hemmeleg oppdrag?

Sjølv har eg ikkje so monge ambisjonari livet, men armbandet har plenty av dei på mine vegne. I morges vakna eg opp til ein lett vibrasjon på armen, og når eg såg ned på armbandet såg eg ein medalje på den lille skjermen. Det viste seg at eg hadde sovet i meir enn åtte timar, og armbandet var supernøgd med meg. Dykk må gjerne le, men eg blei superglad. Endeleg nokon, eller i det minste noe, som verdsett at eg er ganske god på å sove! Armbandet vil at eg skal sove minst åtte timar i døgnet, og gjer meg premie når eg får det til. Det har satt opp mål for meg på fleire andre områder også. Kor monge kaloriar eg skal forbrenne. Kor monge skritt eg skal gå. Det er fullstendig idiotisk, men heilt fantastisk!

Eg kunne sjølvsagt ikkje kome heim med armband, smart eller ei, berre til meg sjølv. Eg måtte ha med eit til kvinna i mitt liv også. Same type. Same farge. Andre folk har grilldressar, vi har grillsmartarmband. Når vi kjem heim frå jobb, har fått middag på bordet og er ferdig med dagens kjas og mas. Då synk vi saman i sofaen og samanlikner loggene våre. Har du gått mange skritt i dag? Eg har fleir enn deg! Blei det noko dyp søvn på deg i natt? Haha, eg har løpt i seks minutt i dag, slår du den? Og det gjer eg jo ikkje. I ramme alvor sitter vi no klokka elleve på kvelden og vurderar om vi skal gå ei runde rundt kvartalet berre for å nå det talet for skritt som armbandet meinar vi bør klare. Heldigvis tek vi til fornuften og blir sittande. Men puh, det var nære på! Eg har ofte tenkt at når eg ein gong blir pensjonist kan eg skaffe meg ei bikkje, slik at eg blir tvinga ut i frisk luft. Det er ikkje noko tema lenger. Eg må ut og lufte smartarmbandet, eg treng ikkje noko bikkje til den jobben.

Basert på ei kort veke med bruk kan ein nok diskutere kor smarte desse smartarmbanda eigentleg er. Smartarmbandet mitt skal ikkje søke medlemsskap i Mensa med det aller første, men det hadde nok klart seg rimeleg bra i florapolitikken. At det er smartare enn dei to tullebukkane i husstanden som har det på seg, det er eg rimeleg sikker på. Go-Go-Gadget-Go!

2 Comments

  • 31 October, 2015 - 10:09 am | Permalink

    Haha, det er som å høre om oss jo! ?

    Gadget-familiene!
    Det blir mye moro ut av det da!

  • 31 October, 2015 - 10:10 am | Permalink

    Ok, det spørsmålstegnet var en emoji som lo. Men jeg har ikke våknet helt enda, og skjønner ikke at emojis i bloggkommentarfelt ikke funker.

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: