web analytics

Alt var betre før

nostalgia photo
Photo by D-Stanley

Verda var mykje enklare før. Den gong ein kunne samle seg under parolar som “Ingen rasistar i våre gater”, og alle var einige om at rasisme var det dummaste som fanst. Så var det ikkje så mange av dei heller. Det var vel berre Arne Myrdal. Trudde vi. Ein hadde ikkje Facebook og slapp dermed å oppdage at den kjekke og hyggelege naboen til venstre hadde eit knippe forkvakla politiske meiningar gøymd bak smilet sitt. Ein slapp for så vidt også å oppdage at den søte og snille naboen til høgre hadde ein hang til billeg livsfilosofi, Candy Crush og REO Speedwagon, og hjarteleg takk for det.

Ung og uskuldig måtte verda enno vere tidleg på 90-talet, då krigen i det gamle Jugoslavia braut ut, og Noreg tok i mot 12.000 flyktningar på ganske kort tid. Jau då, det var kritiske røyster då også. Eg hugsar eg kasta meg inn i debatten i lokalavisas spalter, væpna med historiar eg hadde lese i Time Magazine. Men tonen var fin, den. Vi var verken godheita sine apostlar, eller ondskapen sine lakeiar. Ein gong fekk eg ein av motstandarane mine til å innrømme at eg hadde eit poeng. Det var ein stor dag. Hadde det vore i dag hadde eg nok fått køyrt meg. For det er ikkje berre dei langt ute på høgresida som er truga til å halde kjeft i dag. Klimaet i debatten er så elendig at alle moderate stemmer som ikkje treng å gjere eit levebrød av å meine noko i det offentlege rom, skuggar bana.

På den tida jobba eg i HVPU. Ein av brukarane mine, lat oss kalle han Eirik, hadde nokon pussige tics. Om ein møtte ham på vegen, og helste på ham, sette han i gong eit heilt lite ritual som er vanskeleg å skildre med ord, men det innebar at han måtte slå seg minst to gonger på brystet, før han fekk handa opp for å helse. Det var ganske artig å sjå på. Ein gong var vi ute og jobba ved ein veg i nærleiken av eit asylmottak der ein heil del bosniske folk heldt til i påvente av å komme seg vidare ut i det norske samfunnet. Mykje eldre folk, kledd i klede som såg ut som om dei var tatt rakt ut av norsk films bonderomantiske gullalder på 30-talet. Hyggelege folk. Dei helste alltid når ein trefte på dei. Denne dagen var det ein heil gjeng av dei som kom gåande. Alle samen helste fint til lua, og kvar gong køyrde Eirik i gong ritualet sitt. Han hadde vel ikkje noko val. Det var bank-bank på brystet, handa i vêret, og hallo. Men bosniarane helsa fortare enn Eirik rakk å banke ferdig ritualet sitt. Han såg meir og meir fortvila ut. Banka på brystet. Freista å få handa opp i lufta. Fortare og fortare. Det gjekk heilt i stå for han, men bosniarane berre køyrde på. Dei heldt fram å helse til siste mann, og stakkars Eirik brukte ein halv time på å komme til hektene igjen. I denne kommunen har UD i dag leigd tusen akuttplassar for asylsøkarar på eit stort konferansesenter. Eg håpar verkeleg ikkje Eirik støytar på alle saman i flokk. Då kjem han til å banke på seg sjølv både blåmerker og ribbeinsbrot. Det er slike utfordringar flyktningekrisa gir.

Nei, alt var mykje enklare før. Den gong var det ein hårreisande tanke å rekne på kor mykje eit menneske kosta. No til dags reknar dei så kalkulatorane går varme. Milliardane haglar medan velferdsstaten raknar i saumane. Alt må løne seg nå. Vi må hjelpe våre eigne fyrst, seier dei på Facebook, og deler eit bilde av ein uteliggar som søv på eit offentleg toalett. Det sjokkerande er ikkje at det er uteliggarar i Norge, men at det finst eit offentleg toalett som er opent om natta. Bildet er sjølvsagt falskt. Vi må hjelpe dei der dei er, seier dei. Men sanninga er at om vi fyrst skal hjelpe nokon, så må dei vere ein annan plass. Ikkje i nabolaget. Det finst ikkje ei einaste lokalavis her i landet som ikkje har hatt oppslag om naboar som protesterer på å få rusmisbrukarar eller andre vanskelege personar i nabolaget. Det argumentet der er berre hykleri, kan vi slutte nå? Kom’an! Alt vi vil er jo berre å få vere fred. Utan bønerop på fredagar, og plenklipp på helgedagar.

I gamle dagar hadde besteforeldra våre bygd landet for oss. Dei stod på. Dei tok ikkje AFP. No til dags tek foreldra våre lån på huset, dreg til Syden, drikker opp arven vår, og klagar over kor mange utlendingar det har blitt heime i gamlelandet. Sjølv kan vi ikkje bygge noko som helst. Vi har polakkar til slikt. Nei alt var betre før. Den gong det var typisk norsk å vere god. No er alt i endring. Alt går til hundane. Eller kattane. Vi veit ikkje. Alt vi veit er at ingenting blir slik det ein gong var. Men det har det vel strengt tatt heller aldri gjort.

Leave a Reply

%d bloggers like this: