web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Zombieapokalypsen

zombies photo

Populærkulturen pregar oss anten vi vil eller ikkje. Fleire gonger enn eg likar har eg tatt meg sjølv i å tenke på zombiar når eg har sett bilete av store flokkar med flyktningar på landevegar og jernbanespor nede i Europa. Walkers, tenker eg, utan å ville det. Det er det dei kallar zombiane i «The Walking Dead». Eg finn det litt skremmande, sjølv om eg alltid føysar tanken bort. Ikkje dreg den vidare i sin ytste konsekvens. Eg meinar verkeleg ikkje at menneske på flukt er å likne med zombiar ute for å drepe oss. Eg meinar ikkje at vi må vere førebudde på å skyte dei på grensa. Verkeleg. Men det er slike assosiasjoner eg får, og det er popkulturen si skuld.

Den første zombiefilmen eg såg må ha vore George A. Romeros «Dawn of the Dead». Eit fint stykke film om fire desperate menneske på flukt frå zombieapokalypsen. Dei rømmer frå Philadelphia i eit nyheitshelikopter, men når dei går tom for bensin må dei lande på taket av eit kjøpesenter og ta seg inn der. Etter å ha fått reinska senteret for zombiar som vasar rundt som folk flest på Amfi på ein laurdag og stengt dørene, lever dei herrens glade dager i all den overflod kjøpesenteret har å by på, medan zombiane lengtar etter å ete dei opp på utsida. Det kan ikkje ende godt.

Opprinneleg var ein zombie noko som kom frå den afro-karibiske voodoo-kulten. Ein levande død. Ein død kropp, vekt til live av magi, eller ein eller annan form for overnaturleg kraft. Skummelt nok det, men hos Romero var det ikkje noko voodoo-rituale som fekk dei døde til å forlate sine graver. Her er det meir som ein naturkatastrofe. Ein epidemi som spreier seg så fort at samfunnet bryt saman før ein klarar å stoppe utbrotet. Romeros zombiar er levande lik i varierande grader av forfall og oppløysing. Saktegåande skapningar med ein evig svolt på kjøt. Fortrinnsvis menneskjekjøt. Ein og ein er dei ikkje så farlege, dei er lette å springe frå, eller drepe med kva ein måtte ha for handa. Det er når dei blir fleire dei er farlege. Når dei kjem frå alle kantar, det ikkje er nokon plass å flykte, og det snart er tomt for skot i magasinet. Då ser det stygt ut.

Det må seiast: Langt dei fleste zombiefilmane som finst er spekulativt møl frå ende til annan. Romero er eitt av unnataka. Filmane hans er fulle av blod og gørr, det er ikkje det, men det er ikkje det som er hovudsaka. Det handlar ikkje om billege gys. Romero bruker zombiane til å seie noko om samfunnet vi lever i. «Dawn of the Dead» er ein kommentar til forbrukarsamfunnet. «Land of the Dead» er sjukt underhaldande klassekamp, der sympatien meir og meir rettar seg mot zombiane sjølve.

 

Romeros fyrste zombiefilm, den briljante «Night of the Living Dead», kom i 1968. Sidan har zombiane spreidd seg på zombievis, ut av kultfilmen, og langt inn i mainstreamkulturen. «The Walking Dead» er ei av verdas mest populære TV-seriar. Dataspel der ein kjempar mot zombiar er for mange til å ramse opp. Det finst til og med noko ein kan laste ned på telefonen sin, «Zombie Run», og så kan ein prøve å unngå å bli eten neste gong ein er ute og går tur over åsen. Sist eg testa vart eg omringa av zombiar og biten utanfor Sunnfjord Medisinske Senter ein mørk kveld. Det var berre gøy, det. Skummelt vart det ikkje før ein av legane kom køyrande forbi i legevaktbilen. Då sprang eg!

Zombiene er ikkje sjarmerande og sexy, slik vampyrane kan vere. Dei har ikkje stort å spele på. Så er det heller ikkje zombiane det handlar om i dei gode zombie-historiene. Dei handlar om korleis vi menneske reagerar i ekstreme situasjonar. Klarar vi å vere gode menneske, sjølv når alt raknar rundt oss? Står vi oppreiste, eller knekk vi saman? Eg minner meg sjølv på dette når dei uvelkomne asossiasjonane trenger seg på. Ofte i zombiefilmane er det på innsida ein finn den verkelege faren. Ikkje ute på den andre sida av muren.

Forskarar ved prestisjefylte universitet i USA har kalkulert og rekna på kva som ville skje om det verkeleg kom ein zombieapocalypse. Dei kom fram til at byane ville bli overkøyrde og falle ganske kjapt, men ute på landet ville ein kunne leve trygt og greitt både i veker og månader. Tryggast ville det vere oppe i Rocky Mountains eller deromkring. I Norge ville det nok vore mykje det same. Oslo og Bergen ligg dårleg an. I Sogn og Fjordane hadde vi kunna halde ut i både vinter og vår. Så mykje for robuste einingar altså. Når zombieapokalypsen kjem er det vi som ler sist.

Er det nokon som gler seg?

Leave a Reply

%d bloggers like this: