web analytics

Samtaler med Tildibopp #24: Firdaposten spessial: Praten på heimvegen

wp-1450107972020.jpg

Dotter mi blir snart fem år, og er i ferd med å nå alderen då verdas store mysterier er i ferd med å trenge seg på. Av ein eller annan grunn har eg fått det for meg at eg skal late som om eg har eit ope sinn til desse mysteria. Eg freistar å la vere å inndoktrinere ho med mi eiga steile haldning til religion. Ho får finne sin eigen veg i desse spørsmåla. Dette er mest for å spare meg sjølv for mykje slit. Ho let seg uansett ikkje styre i særleg grad, stabeistet. Ho gjer som regel som ho sjølv vil.

Tidligare denne veka henta eg ho i barnehagen, etter et dei hadde vore ein tur i kyrkja tidlegare på dagen, og då hadde vi ein fin, liten samtale på heimvegen.

– I dag har vi vore i kyrkja og sunge songar om Jesus som eg ikkje kunne.

– Seier du det. ja. Var det kjekt?

– Ja, vi sang ein sang om ein som var so glad kvar jolekveld, for då vart Jesus fødd!

– Den har eg høyrt. Den er fin! Men kva var det som var så spesielt med han der Jesus eigentleg? Kvifor vart nokon så glade at dei må synge songar om at Jesus vart fødd? Kunne dei ikkje like gjerne laga songar om då du eller bror din blei fødd? Kvifor akkurat Jesus?

– Jau, Jesus var sonen til Maria, skjønar du. Ikkje lille-Maria eller store-Maria, men ei anna dame som heit Maria og var vaksen!

– Det stemmer. Har du høyrt den historia kanskje? Om korleis dei kom til Betlehem, men så var det ikkje nokon plass til dei, og så måtte dei bu i ei stall, og der vart Jesus fødd?

– Ja, det var akkurat sånn, og no veit eg kva som var så spesielt med Jesus. Han var konge!

– Han var vel ein slags konge ja, men veit du ein annan ting som var litt spesielt med Jesus? Han var sonen til Gud!

– Men…men…pappa, då må jo Maria vere Gud?!?

– Hehe, nei det var ikkje akkurat slik. Maria var mammaen, men Gud var faren.

– Men pappa då! Mammaene og pappaene, dei pleier jo å være kjæraster!

– Ja, det er litt rart det der, altså. Merkeleg heile greia, spør du meg. Men Gud er faren til Jesus. Han sende en engel ned til jorda, og så var det noko hokus pokus, og så hadde plutseleg Maria fått baby i magen. Rare greier. Han der Josef er eigentleg ikkje pappaen, sjølv om han er kjærasten til Maria. Han måtte berre finne seg i å hjelpe til litt. Men han tok det pent da, det skal han ha. Bra mann!

– Men pappa, kven er eigentleg Gud?

– Ja sei det. Eg veit ikkje om det er sant, men nokon meiner at Gud er den som har skapt jorda og menneska og alt saman. Han held til i himmelen, og når vi døyr , så kjem vi dit og får vere saman med Gud der.

– Ja, det er i alle fall sant, for Lisa har sagt at når vi døyr så kjem vi til himmelen og blir til ein zombie!

– Ja, hvis Lisa har sagt det, så må det vere sant, seier eg i det eg parkerer bilen.

Det var det vi rakk på vegen heim denne dagen. Det var vel akkurat nok til ei side i avisa, det?

Og det var det.

Leave a Reply

%d bloggers like this: