web analytics

Kva er det som luktar

cheese photo
Photo by Skånska Matupplevelser

Dei seier at eit av dei sikraste kontrollspørsmåla for å finne ut om du har vorte vaksen er om du nokon gong brukt pengar på å kjøpe dyr ost? Har du det, då er du vaksen. Det høyres riktig ut for meg, og etter denne jula trur eg det er rett å slå det fast ein gong for alle. No er eg vaksen. Takk takk, og gratulerar. Meir om dette seinare, men lat meg først ta dykk eit lite steg tilbake i tid. Vi skal tilbake til det mørke og tidlege nittitalet. Til den tida der eg var ei fattiglus som sleit for å få løna til vare ut månaden. Til den tida der far min framleis var i live. Eitt år det nærma seg påske, fikk far min den gode idéen at han skulle hjelpe til med påskestemninga. Han gjekk på butikken, fylte ei eske med mat, så gjekk han på posten og sende den eska til meg som norgespakke. Utan å seie noko om det til meg. Det skulle vel være ei overrasking, då. Denne planen gjekk ettertrykkeleg i vasken. Pakken vart rett nok levert til rett postkontor før påske, men for seint til at dei rakk å sende ut nokon hentelapp.

Den gongen vart det ikkje sendt ut SMS om at det var komme ein pakke til postkontoret. Nå har vi SMS, men ikkje noko postkontor. Dei seier likevel at verda går framover. Resultatet var uansett at pakken frå far min vart liggande på postkontoret i heile påska. Overraskinga. Pakken som skulle redde påska. Svinesteik. Ost. Sjokolade. Og ein heil masse andre ting som eg ikkje hugsar lenger. Ja, det vart jo ei overrasking av det. Det gjorde det. For tidleg på føremiddagen tysdag etter påske ringde det ei hyggeleg, men desperat dame frå postkontoret og lurte på om ikkje eg kunne forte meg å hente den pakken som låg der og stinka. Eg skjøna ikkje kva ho snakka om, men eg gjorde som eg vart fortald. Ho overdreiv ikkje. Dette var verkeleg ein stinkepakke av dimensjonar. Hadde eg jobba på postkontoret hadde eg ringt sjølv. Svinesteika hadde ikkje hatt godt av opphaldet, det var den som lukta verst, men mykje av den andre maten gjekk også rakt i bosset. Kanskje burde eg ha lagt det i spesialavfallet i staden? Dette var eksplosivt materiale. God påske!

Denne hendinga hadde eg framleis friskt i minne når eg tidleg i desember tok ein råsjans og bestilte julegåve til mitt livs lys. Mi kjære er over gjennomsnittet glad i god ost, og i mi jakt på overraskande, men populære julegåver fann eg ei nettside som sa seg villege til å sende ei eske med dyr ost eg aldri hadde høyrt om før, frå Wales, og heilt heim til meg i Høljebyen. Eg var skeptisk, men dei lova at dei skulle pakke osten godt inn, legge ved kjøleelement, og at dette ville gå heilt fint. Sidan det ikkje var svinesteik inne i biletet tok eg sjansen og let det stå til.

Og det gjekk eigentleg for bra. Pakka kom fram, men alt for tidleg, for kor skulle eg gøyme den helsikes osten i tre veker? Eg la den først i kjellaren, for der er det kjøleg og kaldt til vanleg. Men etter nokre dagar vart det plutseleg kaldt. Minusgrader. Og eg vart redd for at osten skulle fryse til is. Ost toler vanlegvis ganske mykje, men den skal ikkje frysast ned. Panikken tok meg, og eg spurde ei venninne om eg aller nådigast kunne få lov til å gøyme osten hos henne i eit par veker fram til jul. Det fekk eg lov til, og eg trudde alt var i orden. Men etter nokre dagar fekk eg beskjed om at dette gjekk ikkje likevel. Den helsikes osten var i ferd med å stinke ut heile nabolaget hennar. Kunne eg vær så snill komme og hente den så fort som mogleg?

«Osten e’kje god før den luktar som ein do», heiter det jo i ein song. Det var ikkje noko gale med den. Ost skal lukte, og det gjorde denne til gangs. Eg hadde ikkje noko val. Eg måtte hente den. Så i år fekk mi kjære julegåva si nokre dagar på forskot. Eg trur den slo an, og ho var ikkje meir skuffa over dette enn at eg også fekk lov til å smake. Det vart suksess til slutt altså, men blir det ost i julegåve neste år skal eg handle hos Lille Marked på veslejulafta. Særleg hvis dei kan skaffe meg ein Perl Las Blue frå Glyneithinog Farm vest i Wales. Den var så god at eg forlengst har gløymt kva det kosta å få den sendt hit til Norge.

Nesten

Leave a Reply

%d bloggers like this: