web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Bombe!

08NYH_01-01-bombe

Det er ofte eit slit å lage lokalavis. Det skjer spanande ting rundt om i verda heile tida, men for lokalavisa er det slik at om ein ikkje kan finne ei lokal vinkling, så er det ikkje interessant. Vekas store nyheit frå det store utland var meldinga om at Nord-Korea gjennomførte prøvesprengning av ei hydrogenbombe. Eit stort framsteg for landets militære ambisjonar, og ei kjelde til stor uro for naboen Sør-Korea. FNs sikkerheitsråd fordømde prøvesprengninga, og media har i fleira dager brukt spalteplass på å forklare oss skilnaden på ei hydrogenbombe og ei atombombe. Dei har snakka med alvorlege menn, og sikkert ei og annen alvorleg kvinne også. Det har ikkje vore så mykje om denne saka i herverande avis. Det er ikkje så rart. Det er langt til Pyongyang, og ein skal nok leite ei stund for å finne ei lokal vinkling god nok til å få redaktør Vee med på å rydde framsida. Men nokon klarte det faktisk.

«The Cornishman» er ei lita avis frå Cornwall i England. Dei kjem berre ut ein gong i veka, men dei har rike tradisjonar. Dei har halde på sidan 1878, og dei har ingen planar om å gje seg. Denne veka sette dei ny verdsrekord i lokal vinkling på ei viktig internasjonal hending. Det er berre å bøye seg i støvet. Den lydde slik: “Dette er det som ville skje dersom Nord- Korea sleppte ei hydrogenbombe på Penzance”. Det kallar eg lokal vinkling med smell i!

Avisa har fått eit dataprogram til å simulere eit angrep med ei bombe av same storleik som nord-koreanarane hevder å ha prøvesprengt, for å finne ut akkurat kva som ville skje med byen Penzance, og området rundt. Det såg ikkje bra ut. Tusenvis døde eller hardt skadde. Heldigvis passa dei på å avslutte saka med at sjansen for at Cornwall vil verte eit militært mål for Kim Jong-un er veldig låg.

Når eg las saka vart det med ein gong klart kva helgas spalte skulle handle om. Eg fann ut kva dataprogram The Cornishman brukte for å simulere angrepet på Penzance, men eg grubla litt på om eg skulle sleppe mi bombe over Florø eller Førde. Til slutt ende eg opp med å sleppe ei hydrogenbombe rakt ned på sjølvaste Florøsjela. Det opne såret i den elles så fine Strandgata. Ja, eg sleppte nettopp ei simulert bombe på Trovik-bygget. Ta den, kulturavdelinga til Fylkeskommunen! Tygg litt på den du også, Jenny Følling! Skal ein øydelegge Florø får ein gjere det skikkeleg. Målt mot ei ti kilotonns hydrogenbombe blir fylkeskommunens seigpining ganske puslete.

Ei bombe i taket på Trovik-bygget ville sjølvsagt ramme mykje meir enn berre den gamle rønna. Eldkula ville ha ein radius på 200 meter, og strekke seg frå Coop Marked til Torggata. Huset mitt ville ryke med, og dermed ville eg i det minste sleppe å beise plattingen og rydde kjellaren til våren. Quality Hotel ville gått opp i flammar, men Comfort Hotel ville gå klar av eldstormen. Dei ville ikkje ha stort å juble for likevel. Trykket frå eksplosjonen ville jamna stort sett alt innafor ein radius på snaut 500 meter med jorda. Innanfor ein radius på om lag ein kilometer ville bustadhus flest kollapse. Heilt ut til ein radius på 1,4 kilometer vil effekten være øydeleggande for dei som måtte opphalde seg der. Dødsfall. Brannskader i massevis, der den einaste trøysta er at det ikkje ville gjere særleg vondt, all den tid smertenervene også har brent opp. Simulatoren seier at 1720 stykker vil døy av ein slik eksplosjon. 2770 vil vere hardt skadde. Men Havhesten vil vere like fin. Ytst på Klubbesundet står dei han av, og folk i Botnaholten vil ha fin utsikt til eksplosjonen, men kan elles berre fortsette å gå tur på Brandsøyåsen, om de vil. Det blir sikkert nokre eksepsjonelle bilete på Facebook og Instagram.

Far min stabla hermetikk i kjellaren på syttitalet i tilfelle atomkrig. I Syria er det ei fattig trøyst at atomvåpen hadde øydelagt endå meir. Lat oss ta nokre sekundar og hugse på kor heldige vi er som har krig så langt unna, både i tid og i avstand, at vi kan le bort mi simulerte bombe, fortsette med frukosten, og seie at sjansen for at Nord-Korea kjem til å bombe Florø heldigvis framleis er mindre enn mikroskopisk. God helg!

Leave a Reply

%d bloggers like this: