web analytics

Hitler er overalt

hitler photo
Photo by BiLK_Thorn

I 2009 let Quentin Tarantino ein av sine «Inglourious Basterds» pumpe Adolf Hitler full av maskingeværkuler medan ein kino full av nazistar brann ned rundt dei. Eg trur det var då det gjekk opp for meg. Vårt syn på 2. verdskrig, eller berre Krigen, var i ferd med å endre seg. 70 år etter at den starta var det no så få att som hugsa korleis det verkeleg var, at den heretter ville bli redusert til noko ein kunne fortelje eventyr om. Alvoret var borte. Heretter var det fritt fram for å dikte rundt alt som hende i dei skjebnesvangre åra mellom 1939 og 1945.

Eigentleg burde eg ha skjønt det allereie året før. Filmen om Max Manus var eit klart brot med norsk tradisjon i måten den skildra krigsåra på. Der dei mange norske okkupasjonsdramaa på kino på 40- og 50-talet var sobre forteljingar med fokus på samhald og kollektiv heller enn individet, var Max Manus ei tradisjonell amerikansk heltehistorie. Teiknet i tida var klart for alle som ville sjå: Med stadig færre med førstehands kjennskap til krigen var det ikkje lenger andre enn kjepphestjagande historikarar som kunne seie noko om at det var ikkje akkurat slik. Dei er det få som høyrer på, irriterande besserwissarar som dei er.

Sidan då har det berre blitt verre. I den evigvarande debatten om flyktningar, asylsøkarar og muslimar kappast begge sider om å samanlikne den andre parten med Hitler. Om det no er Danmark som nesten går nazistane i næringa med si nye “smykkelov”, eller det er islam som er den nye nazismen. TV2 presterer å kalle Arnulf Øverlands dikt “Du må ikke sove” for eit nazidikt. Skavlan presenterte førre fredag Lebensborn som eit program for å dyrke fram eit arisk folk. VG og andre medier har ved minst eit par høve nyleg publisert historier som i ramme alvor spør om Hitler ikkje døydde i 1945, men tvert i mot klarte å flykte til Sør-Amerika.

Lat det vere heilt klart: Uansett kva ein ellers måtte meine om danskanes smykkelov, har dei framleis ikkje laga konsentrasjonsleirar og gasskammer. Dei er ikkje nazistar. Islam på sitt verste, slik ekstremistar i IS og liknande organisasjonar tolker det, er ille nok på eiga hand. Det er ikkje nokon grunn til å trekke fordummande parallellar til nazismen. Øverland har sjølvsagt aldri skreve noko nazidikt, Lebensborn var ikkje eit avlsprogram, og Hitler døydde i bunkeren. Tull og visvas frå ende til annan. 2. verdskrig er stadig sterkt tilstades, i filmar, bøker, på TV og i avisene. Hitler er overalt. Men vi har den ikkje like sterkt i ryggmargen lenger. Sakte, men sikkert svinn kjensla av at dette faktisk var noko som gjeldt oss. At det var verkelege menneske som måtte gjere vanskelege val i ei kaotisk tid. Den er historie og snart ikkje meir verkeleg enn Harry Potter og slaget om Hogwarts. Nyansane fell ut. Krigen har blitt ein sjablong vi alle kan bruke som det passar oss. Det finnes knapt den hending som ikkje på eit eller anna vis kan pressast inn i eit perspektiv som er samanliknbart med det som skjedde på 30- og 40-talet. Problemet med det er at sjablongane ikkje hjelper oss stort med å forstå kva som eigentleg går for seg no. I vår samtid.

Vi må aldri gløyme, var mantraet. Og korleis skal vi vel kunne det, slik som 2. verdenskrig blir trekt fram kvar gong det er mogleg å finne eit påskot for det. Men kanskje er det skilnad på aldri å gløyme, og å hugse. Hugsar vi verkeleg kva det kosta? Etter 70 år med fred, fridom, og ei enorm velstandsauke, er vi framleis i stand til å lære noko av historia?

Med «Inglourious Basterds» ga Quentin Tarantino fullstendig blaffen i historia. Den krigen han skildrer utspelar seg i eit alternativt univers. Eit univers som berre tilsynelatande har noko til felles med røynda. Det er ein sjukt underhaldande film, slik Tarantinos filmar ofte er. Den er i allfall meir underhaldande enn den løpande samfunnsdebatten, sjølv om også den har sine augeblikk. Men kan vi lære noko av den? Ikkje anna enn at når nokon i dag freistar å seie noko om krigen, er det ikkje sikkert du skal høyre på det. Sjansen for at det er tull og visvas er i stadig aukande grad til stades.

Leave a Reply

%d bloggers like this: