web analytics

Djevelen og det djupe blå hav

see no evil photo
Photo by allyaubry

Denne veka vart det klart at Bremanger kommune ikkje vil høyre meir snakk om kommunesamanslåing. Ikkje eit ord. Dei vil ikkje høyre, dei vil ikkje sjå, og dei vil ikkje snakke meir om saka. Omtrent som dei tre velkjende apekattane, veit du. Dei tre der ein held seg for munnen, ein for augo, og den siste held seg for øyra. Der har du Bremanger kommune. No more monkey business. Fleirtalet såg ikkje at det var nokon fordel for Bremanger å gå vidare med å greie ut alternativet, seier Audun Åge Røys (H) som er ordførar i Bremanger til NRK Sogn og Fjordane, men sjølv var han del av mindretalet som framleis ville greie ut alternativ til å stå åleine.

Bremanger, eller i alle fall dei frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti som representerer Bremanger i kommunestyret, har altså gjort kommunen til fylkets svar på Prinsesse Vil Ikke, og det gjer dei sannsynlegvis heilt rett i. Kommunens eiga utgreiing, samt PWCs rapport om kommunesamanslåing gir eit godt grunnlag for å seie at Bremanger ikkje har noko å tene på å slå seg saman med Flora og Vågsøy. Det er heller ikkje noko som tyder på at det er eit stort ønske blant innbyggarane om å få bli ein del av det sagnomsuste kystalternativet. Å gå vidare med samtaler om ei intensjonsavtale ville berre vere spel for galleriet. Då er det like greitt å sette foten ned, og seie nei.

Dette får ikkje direkte konsekvensar for folkeavstemminga vi skal ha i Flora kommune i april. Det er vedtatt at vi skal stemme over tre alternativ, der det eine vil vere kystalternativet. Bremangers nei forandrar ikkje noko på det. Men der det nok var forventa, eller i det minste ønska, at det skulle ligge føre ei intensjonsavtale ein kunne stemme over, er det no eit spørsmål om ein skal stemme på eit kystalternativ som baserer seg på at vi koloniserer Bremanger med stortingets velsigning. Nokon ser på seg sjølv som koloniherrar. Andre vil tenke tilbake på korleis Hitler og Stalin delte Polen mellom seg, berre for å ende opp som bitre motstandarar få år etter, og seie nei. Bremangers nei gjer kystalternativet mindre sannsynleg, og godt er det, spør du meg. Bremanger og Vågsøy er blant dei kommunane i fylket som slit mest med å halde på folketalet. Det går berre ein veg, og det er nedover. Eg har vanskeleg for å sjå at dette vil snu med det første, uansett kva for slags kommunekonstellasjonar vi ender opp med etter kvart. Eg har ikkje noko tru på at kystalternativet vil vere ei god løysing for Flora, så takk for den Bremanger.

Eg har lyst til å gjere som apekattane frå Bremanger. Eg er lei av heile kommunereforma. Eg vil ikkje høyre, sjå, eller snakke noko meir om det. Det er nesten like usexy som pensjonssparing eller fylkesstyret i Sogn og Fjordane Høgre. Vi veit alle korleis dette endar. Engelskmennene har eit uttrykk som passar her «Don’t get caught between the devil and the deep blue sea». Det er viktig å unngå å hamne i ei situasjon der ein må velje mellom å brenne i helvete hos djevelen, eller å drukne i det djupe blå hav. Men der vi har hamna. Vi må velje mellom Førdedjevelen i aust, eller å stå åleine mot havets lunefulle bølger. Som dei sta og irriterande etterkommarane av sildefiskande lykkejegerar florafolket er, kjem dei til å velje å stå åleine. Det har vi visst heile tida. Alt har vore eit spel for Kommunaldepartementet. Den politikar som kan overtale florafolket til noko som helst er enno ikkje fødd. Hadde Jesus verka på desse kantar, og freista å mette 5000 med fem brød og to fiskar, hadde florafolket klaga på at fisken ikkje var fersk nok, at brødet kom frå Naustdal dampbakeri, og korfor i helvete får vi ikkje majones til? Har Førde tatt den?

Vi burde sagt nei frå starten av. Hei-hei Staten, kunne vi sagt. Vi veit korleis dette kjem til å gå, og vi gidd ikkje kaste bort tid på dette. Vil du ha kommunereform får du lage han sjølv. Vi har viktigare ting å gjere. Så kunne vi slengt på røret og tatt langhelg. Med alle pengane vi hadde spart på dette kunne vi reist på Carolas Buaspa i Bremanger alle saman, og i det minste fått noko ut av det.

Leave a Reply

%d bloggers like this: