web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Kast fjernkontrollen

tweQ4J6dRTMqFr6krap7UAYBPcEzuQOQyltZH8vEdzKw
Her ein dag hadde eg ein roleg time i heimen. Resten av familien hadde forvilla seg ut på eit eller anna oppdrag. Eg var åleine i stua. Eg nytta høvet til å smørje meg eit rundstykke, og slå på fjernsynsapparatet. Eg gleda meg over at eg for ein gongs skuld slapp å slost med jentungen om fjernkontrollen. Paraboltuneren brukte si tilmålte tid på å slå seg på, medan eg seig tilbake i sofaen. Det viste seg at TV-en stod på ei av NRKs kanalar. Dei viste eit program der ein svær og skjeggete fyr snakka eit språk eg ikkje forstod, medan han vasa rundt i noko eg forstod måtte vere Russland. Det var snakk om Kvitsjøen, Solokviøyene og Stalin-tida, så det var ikkje så vanskeleg å gjette. Etter kvart skjønte eg at skjeggemannen var finsk, og at var reiseprogram av eit eller anna slag. Eg famla febrilsk etter fjernkontrollen.

Når eg no skulle skrive om dette måtte eg gjere litt research. Det viser seg at programmet heitte Ishavet på 30 dagar, og det handlar om den finske skodespelaren Ville Haapasalo som legg ut på ei lang reise langs nordaustpassasjen heilt nord i Russland for å undersøke om livet der har endra seg. Serien er på ti program, enkel matematikk skulle dermed tilseie at kvart program varar i tre dagar, og akkurat slik kjendest det faktisk ut. Det er utruleg kva dei får til i dag!

Ja, eg famla etter fjernkontrollen. Dette er eit program eg aldri ville oppsøkt frivillig, og hadde eg berre fått kloa i fjernkontrollen hadde eg zappa vekk den svære finnen før han kom til scena der han badar naken i all si prakt i ein innsjø som såg litt for kald ut. Problemet var berre at fjernkontrollen låg for langt borte. Eg gadd ikkje reise meg. I staden såg eg på denne merkelege fyren som vasa rundt i eit snodig land og såg på rare ting medan han kommenterte det på eit merkeleg språk. Heldigvis var det teksta. Etter kvart vart eg likevel fascinert av heile greia. Eg gløymde fjernkontrollen. Eg såg heile programmet.

TV-vanane våre er i endring. Vi ser meir og meir TV på nett, når det passar oss sjølv, ikkje når NRK og TV2 meiner vi burde sjå på TV. Ting har endra seg mykje frå ein-kanal-tidsalderen. Tenk om dei kunne vise James Bond på TV, snakka vi om, det hadde vore toppen av lykke. I staden fekk vi detektimen med Lovejoy og Bergerac. Ikkje heilt det same, men vi slukte alt dei kasta på oss. Kanskje lærte vi noko av det, kanskje ikkje, men det hadde ein verdi, det er eg sikker på. Så kom videospelaren, og sidan har vi ikkje sett oss tilbake. Utvalet er enormt. Nesten for mykje av det gode. Det er for mykje å velje mellom, og paradokset er at jo meir vi har å velje mellom, jo meir og meir endar vi opp med å sjå på noko som liknar det vi har sett før. Vi vel minste motstands veg. Alle valmoglegheitene gjer at vi ser meir einsretta TV enn nokon gong tidlegare. Dei færraste av oss er spesielt flinke til å utfordre oss sjølv. Dessverre.

Dette gjeld ikkje berre på TV. På kino er det snart berre superheltar i tight trikot å sjå på. Lesevanane våre har også endra seg. Vi les ikkje mangfaldig lenger. Vi les meir og meir krim, spenning og Jojo Moyes. Vi har bytta ut litteratur med letteratur. Vi les heller ikkje aviser på same måte som før. Vi heng på Facebook og les berre ting vennane våre linkar til. Ting vi er einige i. Eg kjøper framleis papiraviser, men oftare og oftare ender dei uleste i papirbosset. Men når eg tek meg tida til å lese dei, tek eg meg stadig i å oppdage at eg les ting eg ikkje visste at eg gjerne ville vite meir om.

Vi lever i ei tid der vi overfløymd med informasjon. Det kjem ikkje til å endre seg heller. Det er for seint å få stappa det heile tilbake på tuba, sjølv om vi ville. Og vi vil jo ikkje, men det er ikkje berre fordelar. Røynda blir stykka opp. Fellesskap, og felles oppfatningar smuldrar bort. Konspirasjonstenking aukar. Det er lett å lage seg si eiga sanning. Skjerme seg for motførestellingar. Leve i si eiga boble. Sitt eiga ekkokammer. Vi burde alle bli flinkare til å utfordre oss sjølv, våre fordommar og inngrodde førestillingar. Av og til bør vi rett og slett våge å kaste fjernkontrollen, og bade naken i ein litt for kald innsjø.

Leave a Reply

%d bloggers like this: