web analytics

Harebikkja Kings soldatar

nunchaku photo
Photo by Instant Vantage

Det var laurdagskveld på Skotfoss. Tippekampen var ferdig. Videoane var sett, to karatefilmar og ein med Clint Eastwood, men det var framleis tidleg kveld. Kompisen min Tom og eg vart sittande og snakke om det som var vekas store samtalemne på Skotfoss. Det hadde skjedd merkelege ting. Nokon hadde skremt jenter langs kanalen. Og nokon hadde snike seg rundt i nattas mulm og mørke og sett inn vindaugene til folk. Sjølv hadde eg høyrt lydar i hagen ein av kveldane, men då eg henta eldraka og opna døra for å sjå om eg såg noko, var det ingen der. Men faren til Kenneth hadde sett ein fyr i hettegensar, og sprunge etter han. Men når karen, kven det no var, oppdaga at nokon var etter han, hadde han visst stoppa og snudd seg mot forfølgjaren. Det hadde blinka noko i handa som faren til Kenneth trudde var ein kniv, så då trekte han seg og lot fyren forsvinne.

Det var for gale at det skulle vere slik på vesle Skotfoss. At ikkje jenter kunne gå trygt heim langs kanalen. At ein ikkje skulle kunne få nyte privatlivets fred i eigen heim, utan å bli spionert på. Vi var skjønt einige: Svinepelsen som dreiv med dette skulle hatt juling så det sang. Han burde fått same behandling som Asbjørn frå Åfoss fekk den gongen han gjekk over brua for å selge hasj til skotfossingane. Han vart kasta i vatnet og nekta å komme på land att før han bad om orsak. Det var sånn det var den gongen. Vi ordna opp sjølve. Slik sat vi og hissa kvarandre opp, Tom og eg. TIl slutt kom vi til det punktet der vi fann ut at om det skulle bli gjort noko med dette, måtte vi ta ansvar. Denne laurdagen skulle iallefall gatene på Skotfoss vere trygge. Eg fann fram nunchakuene mine, som eg hadde kjøpt for 300 kroner av Jon Tore, og var blitt ganske god til å trikse med. Tom fann eit gamalt skaft frå ein hammar, der hammarhovudet hadde falle av. Han slo eit par svære spikarar gjennom toppen på det, slik at det blei eit fryktinngytande slagvåpen. Det hengde han på innerlomma. Så gjekk vi heim til Tom og henta bikkjene.

Faren til Tom hadde to bikkjer. Ganske nyleg hadde dei skaffa seg ein dobermanpinsjer. Dessutan hadde dei den legendariske harebikkja King. Den var ikkje mykje å sjå til, men om ein skulle tru alt Tom og faren hans fortalte, var dette eit unikum av ei bikkje. Snill som dagen var lang saman med folk, men hissig som eit fly på alt anna som rørte seg. Den hadde slåst med bikkjer som var dobbelt så store og vunne. Den hadde fillerista ein stakkars rev. Ein gong slukte King ein puddel slik at berre halsbandet hang ut av kjeften på den. Faren til Tom hadde tre typar historier på repertoaret. Det var historier om slåstkampar som harebikkja King hadde vore i, og vunne. Det var historier om slåstkampar som han sjølv hadde vore i, og vunne. Og det var historier om slåstkampar han sjølv hadde vore i, og tapt. Den siste der fanst berre i ein variant. Det var den gongen han hadde boksa mot den britiske samveldemeisteren, og tapt knipe. Eg lurte ofte på korleis det hadde gått om faren til Tom hadde møtt harebikkja King til kamp. Eg tør ikkje spå utfallet, men det hadde iallefall blitt ei drabeleg kamp! Vi henta bikkjene. Tom tok dobermanpinsjeren. Eg fekk lov til å ta harebikkja King. Ut i mørkret gjekk vi, med våpen under jakka. Klare for å renske gatene for avskum og skumle typar. Kriminalitet er ein sjukdom. Denne kvelden var det vi som var medisinen. Perverse kikkarar og potensielle valdtektsforbrytarer gjorde best i å passe seg. Harebikkja Kings soldatar hadde vakt, og vi tok ikkje lett på oppgåva!

I dag trur eg ikkje på dei ville historiane. Lydane eg sjølv hadde høyrd i hagen gjettar eg på var ein grevling. Iallefall var det det eg såg når eg nokre veker seinare høyrde rare lyder utanfor, og tok ein kikk ut vindauget. Det var fjøra som blei til fem høns og ein hane. Og vår vesle, men knallharde borgarvernsgruppe oppdaga sjølvsagt ikkje noko spanande på patrulje den laurdagskvelden. Etter eit par-tre rundar gjekk vi lei. Vi drog heim og sette på Clint Eastwood ein gong til.

«Do You Feel Lucky, Punk?»

Leave a Reply

%d bloggers like this: