web analytics

Amalie og Brynhilds walkabout

walkabout photo
Photo by ShedBOy^

Demens skuldast sjukdom i hjernen. Dei vanlegaste symptoma er at minnet blir dårlegare og at det blir problematisk å få uttrykt seg. Det er også vanleg å få vanskar med å orientere seg eller utføre daglege gjeremål. Mange opplever endringar i humør og åtferd. Om lag slik eg har det kvar bidige veke når eg skal sette meg ned for å skrive denne spalte for dykk. Det er eit helsike, særleg når nasen er full av snørr, og hjernen av bomull. Men eg ber om orsak. Ein skribentvenn av meg seier at du berre har lov til å skrive om kor hardt det er å skrive ein einaste gong, og eg har ei mistanke om at eg for lengst har brukt opp kvoten. Om eg hugsar rett.

Tidlegare denne veka dukka det opp ein epost i innboksen min. Det var to unge jenter som bla bla bla. Eg gadd ikkje lese ferdig. Eg får relativt ofte meldingar frå folk som har sneia innom bloggen min og gjerne vil annonsere på den, eller ha meg til å skrive noko om eit eller anna produkt. Eg kastar dei epostane rett i spamfilteret, må eg innrømme. Så også med denne, men desse unge frøa ville ikkje gje seg utan sverdslag. Når dei ikkje fekk respons på mail, ringde dei meg på telefonen. Makan til innpåslitne folk altså!

Dei fekk lagt fram saka si, det viste seg at dei to jentene gjekk på Bømlo Folkehøgskule, men nå var dei på walkabout for å samle inn pengar til demenssaka. Du har sikkert lest om dei i avisa. På vegen skulle dei få utfordringar av læraren sin, og den eine utfordringa var altså å kontakte meg, og få meg til å skrive om dei og saka deira på bloggen min. Dette kan tyde på at læraren deira også er på walkabout, saman med Crocodile Dundee i den australske outback, for bloggen min har ikkje hatt lesarar på mange år. Den er mest eit arkiv for dei sakene eg skriv her i avisa. Om målet var å skaffe merksemd for ei god sak burde dei heller sjå andre plassar. Eg freista å fortelje dette til jentene, men ville dei høyre? Nei. Greitt, sa eg. Eg skal lese eposten når eg kjem heim frå jobb, så skal eg sjå kva eg får til. Så la eg på, med alle intensjonar om å gløyme heile greia.

Men eg vart sittande å tenke på denne måten å drive veldedigheit på. Det er litt merkeleg. Noko nytt som har snike seg inn på oss dei siste åra. Før gav vi til innsamlingsaksjonen, og litt anna småtteri her og der. Nokon gav meir, nokon mindre, men det var ingen som gjorde noko større nummer av det. Eg hugsar eg var med foreldra mine i kyrkja når eg var liten, og når det vart tid til kollekten måtte vi opp og gå rundt på baksida av det store måleriet av Jesus før vi kunne gje frå oss pengane. Ingen kunne sjå kor mykje eller kor lite pengar vi la i kurven. Slik er det ikkje i dag. Ein kan ikkje lenger berre gje pengar og bli ferdig med det. Nei, ein må gjere noko anna i tillegg. Helst noko slitsamt. London Maraton har blir verdas største ein-dags pengeinnsamlingsevent. Sida starten i 1981 har folk sprunge og sveitta for forskjellige gode formål, og samla saman over 700 millionar pund. På BetterNow kan du lage di eiga vesle innsamlingsaksjon, og få venner og familie til å donere pengar til kva det no måtte vere. Der oppfordrast det til å vere personleg. Legg ut bilde og videoar. Fortel om deg sjølv, og innsamlinga. Send personlege epostar. Gje av deg sjølv. Vis deg fram.

Det er sjølvsagt ein del av den nye tida med sosiale media, der alt skal visast fram og delast. Det er ikkje nødvendigvis noko gale med det. Ein kan sjølvsagt spørje seg om desse unge jentene på walkabout eigentleg klarar å skaffe noko større merksemd for demenssaka, eller om dei mest skaffar merksemd for seg sjølve, men kva så? Pengane dei samlar inn verkar like bra anten dei har blitt donert av eit brennande engasjement for saka, eller av di det er vanskeleg å seie nei til unge jenter.

Litt skepsis kan det likevel vere greitt å ta med seg. Ikkje gje pengar til eit kva for eit som helst einsaksforetak. Pass på at pengane går til nokon som veit kva dei driv med. Eg tilrår Leger utan grenser, Røde Kors eller liknande. Sjølv gjer eg ein liten handfull vekslepengar til Wikipedia kvar månader. Men denne månaden kan det hende at eg gjer ein liten slant til Amalie og Brynhilds walkabout.

Men kva var det dei samla inn pengar til igjen?

Leave a Reply

%d bloggers like this: