web analytics

Kvinnedagen

feminism photo
Photo by thisgeekredes

I si vise «Hello in there» syng den amerikanske poeten og visesongaren John Prine om korleis det er å bli gammal. I andre verset har han ei linje om korleis avisene og Dagsrevyen berre gjentek seg sjølv. Som i ein gammal og gløymd draum. Den linja kjem ofte til meg når eg av og til gjer ein innsats for å orientere meg i nyheitsbiletet. Ein har på ein måte sett alt saman før. Det er ein evig syklus der dei same sakane går på repeat. Kvar høgtid må vi minnast om at det kanskje er ekstra tungt for dei som er åleine. Dagbladet gir oss åtvaringar om flåtten når det dreg seg mot sommar. Ikkje før er statsbudsjettet presentert, før journalistane står i kø for å fortelje kva som blir billegare og kva som blir dyrare. Som om ikkje alle veit at det vi får i den eine lomma, har staten allereie fiska ut av den andre, slik at balansen uansett blir mykje den same. Men aldri er kjensla av å ha lese, sett, høyrt alt saman før, sterkare enn i dagane rundt 8. mars. Den internasjonale kvinnedagen. Plutseleg liknar medieflata mest på eit omreisande freakshow som kjem på sin årlege visitt. Dette skjer:

Kvart år er det nokre jyplingar frå den norske liberalistiske ungdomsfløyen, gjerne frå Unge Venstre, som freistar å få vere med på parolemøte i forkant av dagen. Dei vil ha med parolar som dei veit vil stryke dei raudare feministane mothårs. «Hurra for prostitusjon», til dømes. Krangel bryt ut. Nokon vil klage til ei eller anna avis. Kari Jacquesson vil seie noko dumt.

Andre vil påpeike det urettferdige i at dei forbanna sosialistane har kuppa kvinnekampen.

Ei eller anna priviligiert, kvit og velståande kvinne vil seie noko dumt om korleis ho ikkje ønskar å bli kalla for feminist, for det er visst eit ord med eit forferdeleg negativt stigma, og kanskje er det ikkje nokon som vil ligge med ho om ho kaller seg for det. I allfall ingen frå høgresida, og det er dei som har pengane. Og det er jo dette alt handlar om. Penger og puling.

Ein fyr vil skrike ut noko skit om at likestillinga har gått for langt, og norske kvinner bør lære eit og anna om det å være kvinne frå sine søstre i Thailand.

Bergens Tidende vil skrive noko om ein strippeklubb.

Nokon vil kritisere feministane for å vere navlebeskuande og bortskjemte kvinnfolk som berre snakkar om sitt eige kjønnshår, medan kvinner frå andre plassar i verda blir banka opp, brende på bål, omskorne og valdtekne kvar einaste dag. Dette trass i at kvinner har gått med paroler mot omskjering i førti år. Denne nokon har som regel ikke gjort noko særleg sjølv for å bedre situasjonen for kvinner nokon plass i verda, men tek seg likevel tid til å kritisere dei norske feministane. Litt sånn som dei folka som helst vil hjelpe flyktningane der dei er, i staden for å hjelpe dei her, og difor stemmer på eit parti som helst vil kutte i bistandsmidlane i statsbudsjettet.

Ja, og så er det alltid nokon som må spørje om kvifor vi ikkje har ein mannedag også. Denne gongen måtte eg riktignok leite litt for å finne vedkommande, men til slutt fann eg varaordfører Ingvill Dalseg i Oppdal kommune som sa til avisa at vi ikkje trengde kvinnedagen for å vise at samfunnet var likestilt, og om vi skulle ha det, måtte vi ha mannedagen også. Dalsegg representerar Høgre, og den internasjonale mannedagen er forøvrig den 19. november.

Dei same oppslaga. Dei same oppgulpa i ein evig loop. Som i ein gammal og halvvegs gløymd draum gjentek det seg. Igjen og igjen. Det er akkurat som far min, som fortalde dei same vitsane om igjen og om igjen. Og lo høgt av dei sjølv. Noko som kanskje var bra, for dei siste åra han levde var det ingen andre som lo. Han lo åleine.

13 prosent av leiarar i privat sektor er kvinner.

Under 20 prosent av styremedlemmene i aksjeselskap.

Gjennomsnittleg bruttoinntekt for ein mann er 503 600 og for ei kvinne 338 900.

I Bangladesh blir meir enn kvar fjerde kvinne tvungen til å gifte seg før ho fyller 15.

Kvinnedagen er ikkje irrelevant, og lite tyder på at den blir det med det første. Dekninga av den er ei heilt anna sak.

Leave a Reply

%d bloggers like this: