web analytics

Refleksjonstid

rolf
Foto: Unge Dag Frøyen/ Firdaposten

Dette har verkeleg vore veka for dumme utsegn. Dei har hagla inn på løpande band. Eit nytt forsøk på å uthule abortlova frå Kristeleg Folkeparti, som no vil ha obligatorisk refleksjonstid for kvinner som vil ta abort. Som om kvinner som ber om abort ikkje allereie har tenkt seg om både to og tre gonger. Eg trur kanskje nokon må forklare for partiet at spontanabort ikkje er det dei trur det er. I ei rettssak i Skien blir det å ete Fjordland til middag to dagar på rad samanlikna med tortur, det å like Paradise Hotel er eit teikn på isolasjonsskade, og det går an å få gode råd og rettleiing hos Odin. Koko, seier eg berre. Koko. Koko. Mange meiner at vi ikkje bør snakke eller skrive om Anders Behring Breivik, og at det er absurd at vi brukar store ressursar på å halde ei rettssak som ganske openbert berre er eit sirkus, skapt for å gje mannen eit avbrekk i fengselskvardagen, og næring til det pompøse sjølvbildet hans. Sjølv lurer eg på om ikkje det eigentleg er bra at vi dreg han ut av cella og paraderer ham fram og tilbake nokre rundar av og til. For å minne oss på at mannen er sprøyte gal, og gjere det litt vanskelegare for andre galningar å skape eit heltebilde av fyren.

Men Breivik er ikkje mentalt frisk, vi kan ikkje vente at noko av det han seier skal henge saman. Større von burde ein kanskje ha til folk som har sitte på Stortinget. Eg tenkjer på Mette Hanekamhaug, som på bloggen sin denne veka ytra ein slags hyllest til diktaturet. I noko som skulle vere ein raljering over det nye bystyret, eller er det byregjeringa, nede i provinshovudstaden Oslo. Problemet er ikkje diktatur som prinsipp, problemet er menneska som skal forvalte styreforma, skreiv ho. Og greidde ut om at ideen bak kommunisme og diktatur var god. Ei effektiv styreform, føreseieleg, fri for slitsamt samarbeid, som gjer det lettare å tenke langsiktig. Problemet er eigentleg berre at makta er plassert hos feil personar. Eg skal ikkje spekulere i om Hanekamhaug hadde vore meir velvillig innstilt til eit campingplassdiktatur med grilldressførar frå Framstegspartiet. Eg nøyer meg med å seie at det er ei hårreisande dum utsegn frå ei kvinne som altså har representert oss nordmenn i vår høgaste folkevalde forsamling.

Hanekamhaug får likevel ei slags støtte frå Rita Karlsen, dagleg leiar i den statsstøtta bloggen Human Rights Service, som seier til Trønder-Avisa at koalisjonsregjeringar burde vore forbode. Det burde ikkje vere mogleg å stemme Frp, og så få Venstre på kjøpet, seier ho. Vel, hjartet mitt blør for Rita Karlsen, men eg kan forsikre om at det er enda verre for oss som stemte Venstre, og fekk Frp på kjøpet. Den svir! Om vi hadde eit forbod mot koalisjonsregjeringar ville vi nok aldri fått sett ein statsråd frå Framstegspartiet med sine 15 prosent av stemmene, men slik faktajustering forkludrar berre debatten.

Sjølv er eg stor fan av koalisjonsregjeringar. Særleg mindretalsregjeringar, helst med base i sentrum i politikken. Om ein synest demokrati er ein fin ting, finst det ikkje noko betre enn den løysinga. Då ligg makta i Stortinget, der det faktisk sit folk vi har stemt på. Alle blir høyrde, alle har ein sjanse til å påverke retninga politikken går i. Vi lever i eit av dei beste landa som finst på denne planeten. Om det norske partisystemet gjer det vanskeleg å få til reell endring av politikken ved val, skulle eg meine at det nærast utelukkande er ein god ting. Dei fleste av oss er godt nøgd med små justeringar av kursen, anten til høgre eller venstre.

Eg har ei viss forståing for Hanekamhaugs omfamning av diktaturet. Demokrati er eit forbanna slit. Klart at ein av og til skulle ønske at ein kunn sleppe å høyre på meiningsmotstandarar. Som på folkemøtet om kommunesamanslåing på Samfunnshuset på torsdag. Der vart det også sagt mykje dumt. Det vart fort klart at ja-sida hadde argumenta, medan nei-sida hadde emosjonane. Dei utviste imponerande stor kreativitet i verste fall-tenking. Til stor irritasjon for underteikna. På eit tidspunkt var det så ille at eg vurderte å storme scena og gjere kommunekupp. Heldigvis hadde eg lagt igjen maskinpistolen heime.

Demokratiet har sine avgrensingar. Folkerøystinga kjem til å gje fleirtal for at Flora skal halde fram som eiga kommune i skugganes dal. Ja-sidas einaste håp er at KrF og Gustav Johan Nydal får inn noko om obligatorisk refleksjonstid, innan vi skriv 4. april.

Leave a Reply

%d bloggers like this: