web analytics

Du er ikkje særleg smart

stupid photo
Photo by araña702

Om du er som meg, er du møkk lei av å lese om kommunesamanslåing. Dei siste vekene har eg nådd maks dose og må seponere. Eg orkar ikkje lese eit einaste argument til. Det er det same om det er ja eller nei, eg vil ikkje ha det. Du kan stappe alle argumenta i eit par svarte søppelsekkar og kaste dei på storbosset om eit par veker. Hei, kva skjer forresten med storbosset om vi går inn for samanslåing med indre? Har nokon tenkt på det? Hæ? Frank Willy? Jacob? Har de tenkt på det? Må vi køyre storbosset til Førde heretter? Alt skal jo til Førde, seier dei. Gjeld det storbosset også? I så fall skal eg fakerten døtte meg køyre all skiten eg har i kjellaren inn i lyskrysset og sette det frå meg på trappa til Olve Grotle. Dei kan ta flyplassen og kystvegen for alt eg bryr meg, men storbosset skal dei halde seg langt unna. Jævlane!

Sorry. Der glapp det for meg igjen. Eg hadde verkeleg ikkje tenkt å skrive meir om denne saka. Det siste nokon trenger er fire tusen teikn til med bla-bla om kvifor eg seier ja eller nei til kommunesamanslåing. Kven høyrer på ein innflyttar uansett? Kva veit vel eg om tidlegare tapte slag og bitre gamle historier? Ikkje ein døyt, eg kan berre dra meg tilbake dit eg kom frå og slå saman nokre kommunar der i staden. Tinn og Hjartdal til dømes, men det er det vel ingen som veit kor er. Nei, eg hadde verkeleg ikkje tenkt å skrive om kommunesamanslåing i dag. Eg gjekk faktisk til det skritt at eg kjøpte meg ei bok som eg håpa skulle gje meg inspirasjon til å skrive om noko anna denne gongen. Eg kjøpte boka You are not so smart, og håpa at den skulle få dytta Stor-Førde inn i gløymsla, saman med det steindaude kystalternativet. Det gjekk ikkje heilt etter planen.

Boka handlar om korleis det er å vere menneske. Gjennom å vise til eit stadig aukande berg av forsking fortel forfattaren David McRaney oss at vi går rundt og trur at vi er rasjonelle, logiske og intelligente menneske som ser verda slik ho verkeleg er, men eigentleg har vi stort sett ikkje peiling. Vi lurer oss sjølve. Vi handlar først, og etterpå diktar vi opp ei historie om kvifor vi handlar som vi gjer. Men sanninga er at vi størsteparten av tida ikkje har peiling på kvifor vi handlar som vi gjer, tek dei vala vi tek, eller tenker dei tankane vi tenker. Vi er lette å manipulere, og stort sett dumme som brød. Alle saman. Eller, som eg tenkte då eg las dei første kapitla i boka: Dette forklarar mykje, dette gjeld jo særleg dei tullebukkane som vel å seie nei til ei stor Sunnfjord-kommune. Haha, dei er korka, og dei veit det ikkje ein gong! For sjølv er eg sjølvsagt godt over middels intelligent, ser verda akkurat slik som ho er, og har dei skarpaste argumenta i debatten. Eg er smart. Det er dei andre som er idiotar. Alltid.

Sanninga er at vi er like blinde for motstandarens argument, alle saman. Både vi som har rett, og dei som tek feil. Det er difor ein stadig ser at folk skriv at dei verkeleg ikkje har sett nokon gode argument for det standpunktet om kommunesamanslåinga dei ikkje er einige i, sjølv om lokalavisa og Facebook har vore fulle av argument frå begge sider i vekevis. Nokon av dei gode, nokon av dei ganske dårlege, sant nok, men vi tek berre omsyn til dei som passar vårt eiga syn. Folk som driv og forskar på dette, kallar det for kognitiv bias. Vi har alle eit predisponert perspektiv, ei innarbeidd oppfatning av korleis ting heng saman. Eit bias. Alt som ikkje stemmer med vår oppfatning av røynda, vil virke negativt. Kanskje til og med truande. Det kognitive biaset oppstår når vi ikkje klarar å ta eit steg tilbake, ta til oss ny informasjon og sjå på våre eigne oppfatningar i eit rasjonelt lys.Vi trur som regel at vi er gode på det, men i røynda har dei fleste av oss ein god del å gå på.

Nei, boka hjelpte meg ikkje til å skrive om noko anna enn kommunesamanslåing, men den fekk meg til å innsjå at argument ikkje er så viktig. Eg kan skrive kva eg vil. Dei fleste har no ei aning om kva side av gjerdet dei kjem til å falle ned på når dei går til urnene. Det finst ikkje argument igjen som kan endre på noko særleg nå. Eg kan like gjerne berre skrive at eg kjem til å stemme JA på måndag, og det bør du også gjere. Ikkje lytt til ditt kognitive bias, berre gjer som eg seier. For eg veit trass alt best, og du veit det er sant. Om du berre tenker etter. Godt val.

2 Comments

  • Marina
    4 April, 2016 - 9:33 pm | Permalink

    Aha! Til nå hadde jeg ikke forstått at det virkelig viktige i kommunesammenslåingsdebatten var bosset! Hvor administrasjonen blir, om skoler skal stenges, og om man faktisk sparer penger på sammenslåing spiller ikke så stor rolle, bare man vet hvor bosset skal!

  • 6 April, 2016 - 1:57 am | Permalink

    Det er korrekt. Hvis det da ikke er mitt kognitive bias som snakker da.

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: