web analytics

Kvardagsmirakelet

514466114_54636c682e_o

Spør du meg er det ei lita skandale. Vi brukar store deler av livet på å legge oss når vi er vakne, stå opp når vi er trøtte, og etter 200.000 år på jorda har vi framleis ikkje utvikla betre måter å organisere liva våre på.

Det er det same kvar einaste morgon i veka heime hos meg. Vekkerklokka hyler på det tidspunktet eg, når eg er vaken, meiner det hadde vore kjekt å stå opp. Då er det rekna inn god tid til påkledning og frukost. Sonen kjem seg på skulen i god tid. Dotter i barnehagen. Eg sjølv på plass i butikken lenge før gitteret skal opp. Det burde vere overkommeleg, likevel er det aldri slik det går føre seg.

Når klokka ringer treng eg alltid berre fem minutt til på øyret. Og trykker på slumreknappen. Når dei fem minuttane har gått, har eg framleis tid til fem minutt til, så historia gjentek seg. Heilt til klokka har blitt så mykje at eg faktisk må stå opp. Då trykker eg på slumre ei gong til, og tenker at no skal eg stå opp, eg skal berre telle til ti først. Men innan eg har komme til ti har eg sovna igjen, og vips har det gått fem minutt til.

Til slutt oppstår eitt av verdas store paradoks: Eg karrar meg opp på beina. Augo langt bak i skallen. Stavrar meg forsiktig forbi henslengde kosedyr, leikevåpen og legoklossar med lisens til å drepe. Eller allfall lemleste ei naken fot. Inn til dei søte små som ligg der under dyna og søv sin søtaste søvn.

Og etter at eg sjølv har brukt minst ein halvtime med slumreknappen for å opparbeide mot og krefter til å starte dagen, forventar eg at ormeyngelen sprett opp med ein gong eg seier namnet deira. Skulle dei vere litt treige med å vakne er det ikkje mange minuttane som skal til før den strenge stemma dukkar opp. Er dette rettvist? Sjølsagt ikkje, faktisk er det høgst urimeleg. Viss Gud ville at vi skulle sprette opp av senga om morgonen, hadde han sørga for at vi sov i brødristarar, alle saman. Likevel skjer dette kvar einaste dag, og det kjem til å skje igjen på mandag.

Slik er det å oppdra barn. Ein møter seg sjølv i døra heile tida. – Heihei, der var du igjen, ja. – Hyggeleg, hyggeleg. Ikkje noko snacks før middag, seier vi, men sjølv proppar vi gjerne i oss ein Topp-Ris på veg heim frå Spar. «Hugs no på at du må gjere noko anna enn berre å sitte med trynet i ein skjerm også då, viktig med frisk luft og aktivitet også», seier vi, medan vi sjølv slit med mobilnakke, musearm og skjelv på hendene om det er meir enn ti minutt sidan vi sjekka Facebook sist. Vi masar hol i hovudet på gutungen om at han må gjere lekser når han kjem heim frå skulen, slik at han ikkje blir sittande i siste liten, rett før leggetid, og slite for å bli ferdig i tide. Men kvar forbanna torsdag sit eg sjølv oppe halve natta med denne spalten, berre fordi eg sjølv ikkje gidd å gjere noko før eg er heilt nøydd. Hallo, kven er det som ringer på døra? Åja, det er visst berre meg sjølv. – Hei hei, der var du i dag også. Takk for sist.

Ungane har gjennomskoda korleis det heng saman forlengst. Likevel held vi på med dette narrespelet. Dag ut og dag inn. Eitt sett reglar for oss vaksne. Eitt sett reglar for dei små. Vi har vel ikkje noko anna val. Dei kan ikkje gå heilt på sjølvstyr heller. Det skulle tatt seg ut. Då eg var liten var det berre to ting som var verkeleg farleg: Plastposar, for dei kunne kvele deg, og paraplyar, for dei kunne stikke ut augo dine. No i 2016 har det blitt slik at ein gladeleg let ungane leike med både plastposar, paraplyar og ladde våpen, berre dei loggar seg av internett for ei lita stund. Eller slår av TV’en og stikk ut i hagen slik at eg kan sjå på Netflix i staden. Medan eg gnafsar i meg ein hasselnøtt-is før middag.

Det er jo slik med barneoppdragelse at alle andre gjer det feil. Det er berre du sjølv som gjer det riktig. Alle som nokon gong har vore innom gratiskinoen på syttande mai, eller jobba ein sommar i ein leikebutukk, veit at slik er det berre. Andre folks barn er ute av kontroll. Dei er som ville dyr. Dei skulle vore tjora fast og ikkje sleppte lause før dei var 25.

Likevel går det bra med dei fleste. Om dei berre er heldige og held seg unna kriminelle miljø og DNB veks dei stort sett opp til dugelege folk alle saman. Trass i barneoppdragelsen og alt anna vi utset dei for. Eit mirakel i kvardagen, spør du meg.

Leave a Reply

%d bloggers like this: