web analytics

Robotane kjem!

robot photo
Photo by firepile

Her er ein deprimerande tanke. Når du står opp om morgonen, lat oss seie klokka åtte, sidan det er laurdag i dag. Då har du allereie brukt opp om lag 33 prosent av dagen din. Det er ikkje småtteri. Tenk litt på det. Før du har fått gnidd søvnen ut av auga, sett på kaffien, og henta laurdagsavisa i postkassa er ein tredel av dagen unnagjort. Kasta bort. Eg kunne lagt til at den verkeleg deprimerande tanken er at herifrå og ut er sjansen stor for at det berre kjem til å gå nedoverbakke, men som sagt, det er laurdag. Lat oss halde døra på gløtt for at det blir ein god dag litt til. Lat oss halde håpet høgt i hevd.

Greitt. Nok. Håp. Når du vaknar klokka 08.00 på mandag har du også brukt trettitre prosent av dagen din, men du rekk ikkje tenke på det. Du må skunde på og komme deg ut av døra slik at du kan bruke den neste tredelen av denne dagen på lønnsarbeid. Det er her eg føler at framtida har svikta aller mest. Vi som var barn på syttitalet hadde ei sterk tru på at framtida ville ha mykje gøy å by på. Hadde du spurt meg i 1976, ville eg vore overbevist om at mesteparten av arbeidet vårt i 2016 ville vore overlate til robotar. Nesten ingen gjekk på jobb lenger. I allfall ikkje kjedelege jobbar. Alt dette ville vore overlate til våre venner i metall med kunstig intelligens og blinkande lys. Husarbeid også. At vi framleis må tømme oppvaskmaskina sjølv, i 2016, i verdas rikaste Noreg, er ein enorm skuffelse. Eg vil ha framtida, og eg vil ha ho no. Statistisk sett har eg snart brukt opp to tredjedelar av livet. Det hastar å få det her på plass.

Ein skal vere forsiktig med kva ein ønsker seg. Plutseleg kan ein ende opp med å få det. Det er ein ting å ha fri fordi ein meinar ein har fortent det, og vil det sjølv. Noko heilt anna er det å ha fri fordi ingen har bruk for deg lenger. Utan at det har blitt gjort noko stort nummer av det er robotane på full fart inn i norske avisredaksjonar. NTB har utvikla ein robot som skal rapportere frå fotballkampane i eliteserien. Den kjem etter alt å dømme til å få sin debut i forbindelse med dei tradisjonsrike 16.mai-kampane. På sikt skal det vere mogleg å tilpasse denne fotballroboten, slik at kampreferatet kan vinklast etter kva avis det skal stå i. Det vil altså vere mogleg å gjere roboten til Florø-patriot i Firdaposten, medan den heiar på Førde i Firda. Og dette er berre starten. I USA har dei robotar som tek seg av både finansjournalistikk og baseball. Om dette verkeleg tek av er det ikkje lenge før dei har laga ein robot som kan skrive denne laurdagsspalta for meg. Det er sikkert ikkje vanskeleg ein gong. Det er berre å mate alle tekstane mine inn i ein database, og når eg kjem til torsdag kveld vel eg berre eit dagsaktuelt tema, og så fiksar roboten resten. På betre nynorsk, utan slurv og skrivefeil. Vitsane blir neppe dårlegare av det. Ein kunne til og med tilpasse den for kvar enkelt lesar. Høgreveljarar får den versjonen der eg gjer narr av Ola Teigen. Ap-veljarane får den der eg henger ut Hanne Husebø Kristensen på det grovaste. Samlingslista får den versjonen der eg latterleggjer Samlingslista, for sjølv for robotar er det grenser for kva som er mogleg å få til. Dette kan ved første øyekast høyrast forlokkande ut. Spørsmålet er berre kven som skal få lov til å fakturere Firdaposten. Eg eller roboten? Eg trur ikkje svaret går i min favør.

Vi brukar altså om lag 33 prosent av dagen vår på å sove. Så står vi opp og brukar om lag den same tida på jobb. Då har vi ein tredjedel igjen der vi må gjere alt det som kvardagen krev av oss. Betale rekningar. Handle inn til middag. Hjelpe med lekser. Sleppe ut katta. Svare på jobb-epost. Seie ja til telefonseljarar sjølv om ein meiner nei. Klippe plen. Beise platting. Skifte dekk på bilen. Dusje. Ete. Slippe katta inn att. Og så er det plutseleg leggetid utan at ein har fått gjort noko av det ein har lyst til å gjere. Men hei, trettitre ganger tre blir jo nittini. Vi har framleis ein prosent igjen som vi kan gjere akkurat kva vi vil med. Alt er ikkje håplaust likevel. – Hei beibi, eg synest du ser litt støvete ut der borte, kva seier du til at eg feier over deg i kveld?

– Robotstøvsugar? Ja kjære, klart vi kan kjøpe det. Ikkje noko problem. Eg går på Elkjøp no.

Leave a Reply

%d bloggers like this: