web analytics

Videorevolusjonen

chuck norris photo
Photo by Taric25


Tidleg
på nittitalet song Bruce Springsteen om sitt nye småborgarlege hus i Hollyood Hills. Han hadde kabel-TV og parabol, men likevel var det ikkje råd å finne noko som var verdt å sjå på. Vi har alle vore der. I siste vers blir han så frustrert at han tek revolvaren og skyt tv-en i fillebitar, Elvis-style. «57 Channels (and nothin’ on)» heiter songen, men i dag er den håplaust utdatert. På Netflix ligg det 2200 titlar og berre ventar på at nokon skal klikke på dei. HBO har TV-seriar nok til å halde oss okkupert til det er på tide å gå av med AFP. Eg har TV2 Sumo, eg har MUBI, og på Facebook er eg med i ei gruppe som likar å snakke og mimre om alle dei fæle filmane vi såg under videovaldepoken. Dei held seg med ei eigen YouTube-kanal der det ligg over 1100 filmar av ymse kvalitet. Og enno har eg ikkje nemnt The Pirate Bay. Alt dette i tillegg til dei 57 kanalane på gamal-tv-en. Og fortsatt er det umogleg å finne noko ein har lyst til å sjå.

Men tidligare denne veka fann eg noko eg ville sjå på Netflix. Ein dokumetarfilm eg aldri hadde høyrt om, men som verka lovande. «Chuck Norris vs Communism» var tittelen, og den introduserte meg for ei av tidenes største filmstjerner. Irina Nistor frå Romania. Ikkje høyrt om ho du heller? Berre heng med!

Chuck Norris vs Communism fortel om livet i Romania under kommunistdiktatoren Ceausesco, og korleis videorevolusjonen på åttitalet påverka livet til rumenerane. Ceausesco var ein brutal despot som ved hjelp av sitt frykta hemmelege politi, Securitate, styrte folket med hard hand. Romania var eit av Europas fattigste og mest lukka land. TV hadde dei berre i nokre få timar kvar dag. Berre propaganda, så klart. Men med åttitalet kom videospelaren. Smugla inn frå utlandet av pilotar, lastebilsjåførar, eller andre som var så heldige å få lov å forlate landet med jamne mellomrom. Dette opna dører. Ein kar ved navn Zamfir smugla inn amerikansk film i kassevis og tente seg steinrik. Det er her Irina Nistor kjem inn i biletet. Ho jobba i det nasjonale TV-selskapet, med utdanning i framandspråk. Ein dag spurde ein kollega om ho var interessert i å dubbe utanlandsk film. Sjølv om det var ulovleg, takka ho ja. I eit improvisert studio dubba ho eit ukjent tal filmar som vart piratkopiert i hopetal, og distribuert rundt i heile Romania.

Det var ikkje tid til å førebu seg, eller sjå gjennom filmane først. Ho dubba filmane live, medan ho så dei for første gong. Alle karakterane. Ho var stemma til Stallone og Schwarzenegger. Van Damme. Patrick Swayze. Nesten all videofilm i Romania var dubba av Irina Nistor. Med fare for å bli arrestert av Securitate dubba ho tre-fire filmar om dagen. Nokre gonger endå fleire. Rekorden var åtte filmar på ein dag. Ingen visste kven ho var, eller korleis ho såg ut. Men for mange rumenarar, samla framfor små tv-apparat over heile landet, vart ho ei røyst for fridom. Eit symbol. Leiar i ei slags motstandsrørsle. Å sjå video frå Hollywood vart ein form for stille motstand mot det brutale kommunistregimet. «Chuck Norris vs Communism» går langt i å seie at revolusjonen i Romania i 1989 ikkje hadde vore mogleg utan videorevolusjonen som Irina Nestors røyst fronta. For langt vil eg tru, men for oss som var born av den heimlege og nesten samtidige videorevolusjonen, vekkjer den gjenklang i minna om korleis det var å plutseleg ha tilgang til noko anna enn NRKs traurige programpakke. Om risikoen var mindre enn i Romania, var det motstandskamp for oss også. Motstand mot samfunnet, dei vaksne, og dei som alltid trudde dei visste betre. Det er ei vakker historie.

Dessverre er Chuck Norris vs Communism ein ganske traust og kjedeleg dokumentarfilm, der tittelen ikkje heilt held kva han lovar. Irina Nistors historie er fin, men den har eg jo fortalt deg no. Er du på jakt etter film å sjå på i kveld, vil eg rå deg til å leite vidare. Netflix har 2199 andre titlar du kan velge bort. Men hugs, skal du skyte tv-en, ring politiet først. Det kan hende dei har nokre ankepunkt. Dei veit nok best.

Leave a Reply

%d bloggers like this: