web analytics

Den farlegaste kvinna i Amerika

770px-Mother_Jones_and_Theo._Roosevelt,_Jr.

Dei som har gått, sykla eller køyrd forbi Comfort Hotel denne veka har sikkert sett dei. Annicka Bjørkaas og Mohamed Sangare i dei gule vestane sine. Dei streikar for betre løn for dei tilsette i hotell- og restaurantbransjen. Det verkar som dei har det triveleg der dei sit. Fredeleg. Det er ingen streikebrytarar å bryne seg på. Ingen har sett militæret inn for å halde dei i sjakk. For hundre år sidan var det langt farlegare å utfordre arbeidsgjevarar og storkapitalen. Som i Ludlow, Colorado, i april 1914, der Rockefellers bøller opna eld mot teltleiren til streikande gruvearbeidarar. 20 stykk døydde, blant dei to kvinner og 11 born. Ingen vart straffa for dette, ikkje dei som skaut. Ikkje dei som helte parafin på telta og tende på. Og sjølvsagt ikkje dei som bad dei om å gjere det.

Dette var ikkje fyrste gongen arbeidarar mista livet i kamp for betre vilkår. Dessverre vart det heller ikkje den siste. Likevel står Ludlow-massakren som eit vasskilje i amerikansk klassekamp. Den førte til ei gransking av saka. Ei gransking som etter kvart var med på å få slutt på barnearbeid, og ei innføring av åttetimarsdagen. Mykje takka vere innsatsen til ei lita kvithåra gammal dame. Mary Harris «Mother» Jones.

I Mother Jones tilfelle er det vanskeleg å skilje menneske og myte. Ho var høgt elska av arbeidarar over heile USA. Det var dei som gav ho tilnamnet «Mother», og ho var med på å organisere titusenvis av dei. Irsk som ho var, kunne ho banne verre enn den verste gruvearbeidar, og drikke ham under bordet i same slengen. Nokon samanlikna ho med Jesus, andre med Jeanne d’Arc. Upton Sinclair kalla ho for Guds vandrande vreide. Ho sa det ho meinte, og ho meinte det ho sa. Like sterkt som ho var elska av arbeidarane var ho hata, og frykta, av dei som sat med makta. Det var dei som gav ho tilnamnet Amerikas farlegaste kvinne. Nokon meiner det var president Teddy Roosevelt sjølv som kalla ho det. Eg trur det er tvilsamt, men kvifor øydelegge ei god historie med kjeldekritikk? Uansett var det nok ein tittel Mother Jones sette pris på, og gjerne så spreidd.

Jones verka å vere totalt fryktlaus. Kanskje av di ho ikkje hadde meir å miste? Mannen og barna døde av gulfeber i 1867. Ho mista alt ho eigde då Chicago brann i 1871. Før dette var ho lærar og syerske med eiga butikk. Etterpå via ho livet sitt til kamp for arbeidarane. Ho leia barn frå gruvene i Pennsylvania på ein lang marsj til Teddy Roosevelt sitt hus på Long Island, med krav om å få slutt på barnearbeid. Barna ut av gruvene og inn på skulebenken. Men Roosevelt ville ikkje snakke med henne. Ho reiste Amerika rundt på jakt etter kampar der ho kunne hjelpe til. Dei var ikkje vanskelege å finne. Mother Jones gjekk i krigen. Gong etter gong. Ho tapte fleire enn ho vann, men innsatsen var med å tvinge utviklinga rett veg. Mottoet hennar, krigsropet om du vil, var «Be for dei døde, og slåst som faen for dei som lever». Ho levde opp til det, heilt til sin død.

Mary Harris «Mother» Jones laug på alderen. Ho hevda ho var hundre år gammal det året ho døydde. Ho var ikkje meir enn 93. Fødd i 1837, død seint i 1930. Året etter kom det som vart ståande som det store symbolet på arbeidarane sin kamp her i Norge. Menstadslaget, der Bondepartiet sende militært mannskap og fire marinefartøy til Grenland for å hjelpe Norsk Hydro med å kontrollere hissige arbeidarar. Slaget vara i fem minutt, og militæret kom aldri i aksjon. Alt er liksom litt mindre her enn i USA.

Klassekamp er ikkje kva det ein gong var, men det er framleis kampar å ta. Som kampen til Annicka og Mohammed på Comfort Hotel. Eg heiar på dei. Løna er ei vits. For ikkje å seie ei skam. Sjølve grunnlønna er ein ting, men det som verkeleg er ei hån er dei lave tillegga for ulagleg arbeidstid. Det er godt dokumentert at skift og nattarbeid har ei negativ effekt på helsa. Vil vi at nokon skal jobbe på ugunstige tider, må vi sørge for at dei blir skikkeleg kompensert. Det blir dei ikkje i deira bransje i dag. Tillegga må opp. Fellesforbundet kunne hatt god bruk for Mother Jones i den kampen. Dei treng at nokon lager litt helvete. Nokon som kan vaske golvet med Olav Thon og drikke Petter Stordalen under bordet. Sette NHO på plass. Særleg treng dei nokon som kan få arbeidarane til å organisere seg. Ei rettferdig løn kjem ikkje av seg sjølv. Organiser. Stå saman. Gjer Mother Jones stolt!

Leave a Reply

%d bloggers like this: